{12. August, 2006}   Long time no see

Det ser ut til å vera ei stund sidan eg har skrive i bloggen her no. Rart. Eller kanskje ikkje. Eg har leika meg litt rundt i ulike bloggtenester for å sjå litt kva eg likar best, men i større grad har eg berre ikkje orka å skriva noko. Når det siste er tilfelle så blir resultatet noko heilt anna enn ein tekst…

Men no er eg i grunnen blitt litt lei av å ikkje gjera noko på web-fronten, blogging eller heimesider generelt, og har bestemt meg for å ta meg litt i nakken. Eg har bestemt meg for å skriva noko kvar veke, uansett kor tullete det måtte vera. Får eg sving på sakene, så vil eg vurdera å gjera alvor av tankar eg har leika meg litt med, men ikkje realisert: Registrere mitt eige domene og ha både full kontroll og fleire mogelege valg. Nokre idéar snurrar rundt i hovudet mitt no og då, men eg må vera så pass sikker på at eg ikkje berre kastar vekk pengar på det før eg bestemmer meg.

Når det gjeld denne bloggen, så såg eg for meg to valg: Enten her, eller nytta meg av Opera sitt tilbod. Sistnemnde har jo masse plass til bilete og sånt òg, i motsetning til her, men så spørst det kor mykje bilete eg kjem til å bruka då - og om eg får meg eige domene vil eg nok bruka Wordpress der òg, så då vil bloggen vera grei å migrere (vonar eg.) Om ikkje, så kan eg jo uansett registrere meg i Operasamhaldet for å dra nytte av galleriet der, om så er det eg vil.

Vel - då er eg i gong. Dette er første post i ei (vonar eg) lang rekke.

Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    Januar 2009
    M T O T F L S
    « Okt    
     1234
    567891011
    12131415161718
    19202122232425
    262728293031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kva nettlesar føretrekk du?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster