{20. August, 2006}   Manglar menn shoppinggenet?

Kvinne ute og shopparNo stiller eg vel eit unødvendig spørsmÃ¥l i overskrifta – det er jo opplest og vedteke at menn manglar shoppinggenet. Menn likar ikkje Ã¥ gÃ¥ rundt i butikkar for Ã¥ berre sjÃ¥, og kanskje handla noko om dei kjem over noko dei berre mÃ¥ ha. SÃ¥nn er det berre.

Eller?

NÃ¥r eg tenker meg om, sÃ¥ tek vel desse pÃ¥standane utgangspunkt i premissa frÃ¥ kvinner – at menn ikkje likar Ã¥ gÃ¥ rundt i same typar butikkar som kvinner. Klesbutikkar er eit ynda døme pÃ¥ denne forskjellen: Kvinner kan gÃ¥ rundt og sjÃ¥ pÃ¥ klede i fleire timar, mens tidsforbruket til menn kan mÃ¥last i minutt. Men er det sÃ¥ rart dÃ¥?

Eg hugsar ein reklame for ei tid tilbake, ein mann som skulle ha seg nye gensrar. Ein med rund hals, ein med V-hals, og ein med høg hals. Inn i butikken, finn dei raskt, og det var det. Korleis kunne kvinner bruka sÃ¥ lang tid pÃ¥ den slags? Litt pÃ¥ spissen, men det er jo slik utvalget er i herrebutikkar og herreavdelingane: Nokre fÃ¥ typar gensrar, bukser, skjorter, nokre fÃ¥ fargar, av og til litt mønster – kor lang tid brukar ein pÃ¥ Ã¥ sjÃ¥ gjennom alt? Skal ein mann kle seg opp, sÃ¥ har han i grunnen berre eitt valg. Dress, blazer, jakke/bukse/skjorte – det er smÃ¥ variasjonar over same tema.

Flyttar du blikket over frÃ¥ herreavdelingen til kvinneavdelingen, sÃ¥ er mengda det første som slÃ¥r ein. Ikkje fordi det er sÃ¥ mykje fleire like plagg av kvart enn for menn, men fordi det er mange fleire variasjonar. Ei bukse er ikkje berre ei bukse - det finst utallige snitt, mange variasjonar i stoff, fargar og mønster. Same for gensrar, toppar, skjørt, kjolar… Skal ei kvinne kle seg opp sÃ¥ finst det òg mange valg. Det er rÃ¥d Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ ulike variasjonar i selskapsklede i fleire timar. Ei kvinne kan òg – om ho vil – kle seg etter temperatur og vêr…

SÃ¥ at ein mann gÃ¥r lei av Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ klede etter kort tid er ikkje sÃ¥ rart – det er grenser for kor lenge han likar Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ dei same plagga heile tida. Men om me ser pÃ¥ verktøy, elektronikk og tekniske duppedittar – slikt som tradisjonelt menn skal lika – korleis er biletet dÃ¥? Joda, dÃ¥ kan mannen gjerne gÃ¥ rundt og kikke – lenge. I alle fall sÃ¥ lenge han ikkje har dama med, for ho synest gjerne at slikt ikkje er interessant Ã¥ bruka tid pÃ¥…

At mannen manglar shoppinggenet stemmer vel ikkje heilt då, så lenge det finst nok av ting å shoppa rundt etter. Av interesse for han.

Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    November 2008
    M T W T F S S
    « Oct    
     12
    3456789
    10111213141516
    17181920212223
    24252627282930
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Menn i skjørt?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster