Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Manglar menn shoppinggenet?

Kvinne ute og shopparNo stiller eg vel eit unødvendig spørsmÃ¥l i overskrifta — det er jo opplest og vedteke at menn manglar shoppinggenet. Menn likar ikkje Ã¥ gÃ¥ rundt i butikkar for Ã¥ berre sjÃ¥, og kanskje handla noko om dei kjem over noko dei berre mÃ¥ ha. SÃ¥nn er det berre.

Eller?

NÃ¥r eg tenker meg om, sÃ¥ tek vel desse pÃ¥standane utgangspunkt i premissa frÃ¥ kvinner — at menn ikkje likar Ã¥ gÃ¥ rundt i same typar butikkar som kvinner. Klesbutikkar er eit ynda døme pÃ¥ denne forskjellen: Kvinner kan gÃ¥ rundt og sjÃ¥ pÃ¥ klede i fleire timar, mens tidsforbruket til menn kan mÃ¥last i minutt. Men er det sÃ¥ rart dÃ¥?

Eg hugsar ein reklame for ei tid tilbake, ein mann som skulle ha seg nye gensrar. Ein med rund hals, ein med V-hals, og ein med høg hals. Inn i butikken, finn dei raskt, og det var det. Korleis kunne kvinner bruka sÃ¥ lang tid pÃ¥ den slags? Litt pÃ¥ spissen, men det er jo slik utvalget er i herrebutikkar og herreavdelingane: Nokre fÃ¥ typar gensrar, bukser, skjorter, nokre fÃ¥ fargar, av og til litt mønster — kor lang tid brukar ein pÃ¥ Ã¥ sjÃ¥ gjennom alt? Skal ein mann kle seg opp, sÃ¥ har han i grunnen berre eitt valg. Dress, blazer, jakke/bukse/skjorte — det er smÃ¥ variasjonar over same tema.

Flyttar du blikket over frÃ¥ herreavdelingen til kvinneavdelingen, sÃ¥ er mengda det første som slÃ¥r ein. Ikkje fordi det er sÃ¥ mykje fleire like plagg av kvart enn for menn, men fordi det er mange fleire variasjonar. Ei bukse er ikkje berre ei bukse – det finst utallige snitt, mange variasjonar i stoff, fargar og mønster. Same for gensrar, toppar, skjørt, kjolar… Skal ei kvinne kle seg opp sÃ¥ finst det òg mange valg. Det er rÃ¥d Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ ulike variasjonar i selskapsklede i fleire timar. Ei kvinne kan òg — om ho vil — kle seg etter temperatur og vêr…

SÃ¥ at ein mann gÃ¥r lei av Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ klede etter kort tid er ikkje sÃ¥ rart — det er grenser for kor lenge han likar Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ dei same plagga heile tida. Men om me ser pÃ¥ verktøy, elektronikk og tekniske duppedittar — slikt som tradisjonelt menn skal lika — korleis er biletet dÃ¥? Joda, dÃ¥ kan mannen gjerne gÃ¥ rundt og kikke — lenge. I alle fall sÃ¥ lenge han ikkje har dama med, for ho synest gjerne at slikt ikkje er interessant Ã¥ bruka tid pÃ¥…

At mannen manglar shoppinggenet stemmer vel ikkje heilt då, så lenge det finst nok av ting å shoppa rundt etter. Av interesse for han.

3 comments

3 Comments so far

  1. Sexy Sadie August 20th, 2006 19:25

    Niks, men det er vi som kaller jaktinstinktet for shoppinggenet. 😉

  2. Prinsesse Lea August 20th, 2006 20:44

    Jeg har definitivt IKKE noen shopping-gener. Jeg synes shopping er et nødvendig onde, jeg finner aldri noe jeg har lyst på når jeg trenger det, jeg blir sliten og gretten. Jeg rett og slett hater shopping!

  3. jokke August 20th, 2006 22:10

    Menn elsker Ã¥ shoppe til seg sjølv, akkurat som kvinner gjør det. Det eneste kjedelige er Ã¥ mÃ¥tte se pÃ¥ at noen shopper. Men engasjerte menn og kvinner i hverandres shopping kan ha det ganske gøy….