På vengene

I teikneserien Knøttene så tek hunden Sniff på seg rolla som eit flygaress – “Luftens Baron” – der han sit på hundehustaket. Eg har vel gjort noko av det same eg no, i går og litt i dag, at eg har gått inn i rolla som “Luftens Baronesse.”

Innover mot Sandnes sentrumDet er Google Earth som hjelper meg med det, med ein innebygd flysimulator. Ikkje den heilt enklaste å finna kanskje, men han er berre ein liten tastekombinasjon vekke: Control-Alt-A/Command-Option-A er dei tre tastane du skal halda nede (med fokus på sjølve kartet) for å få fram simulatoren. Der kan du velja mellom to ulike fly – jagarfly (F16) og propellfly – og kor du vil starta frå. Du kan starta frå diverse flyplassar som er lagt inn, og ta prosedyren med takeoff, eller enkelt og geit starta frå det punktet du er og ser på i Google Earth.

For å ta den skjermdumpen du kan sjå her, så starta eg i Sandnes, sidan det er her eg bur. Det er òg råd å sjå akkurat kor eg bur på det biletet. Hadde oppløysinga vore betre, eller eg floge enno nærare bakken, så kunne stovevingauget skimtast. Vinkelen er den rette for det. 😉

Eg prøvde òg å landa på flyplassen på Sola, men det gjekk ikkje så heilt bra. På første forsøk spratt eg opp att, og på andre forsøk small eg i bakken. Ein ting er at kontrollane er svært vare, men eg burde nok òg lesa litt meir på kontrollane eg kan bruka i simulatoren. Det hjelper jo alltid litt å veta nokonlunde kva du gjer, og kva funksjonar dei ulike tastane har.

Litt gøy er det jo. Eg får kopla til ei gledesstikke og sjå om det gir meg betre kontroll enn å kun bruka tastaturet neste gong.

“Kjønnsskifte” i spel

Eg var som vanleg innom Real Life Comics i dag og leste dagens stripe i denne teikneserien, då eg av ein eller annan grunn kom til å tenkja på menn som spelar online rollespel med kvinneleg karakter.

Det har vel eigentleg vore fleire ulike undersøkjingar om kor stor del av mannlege spelarar som spelar som kvinner i online rollespel (og kvinner som menn) – og det er visst ein del, i følgje dei eg har lest opp gjennom åra. Vel – det er ikkje så mange kvinner som spelar som menn. Grunnen til det kan me kanskje finna i andre undersøkingar, der menn fortel at dei blir behandla betre når dei opptrer som kvinner – i ein del tilfelle òg sjølv om det er kjent at dei i “Real Life®” er menn. Klart, det kjem nok sikkert an på kva spel og kva miljø ein er i, for kvinner har òg fortalt om korleis dei kutta ut slike rollespel på grunn av menn (eller tilsynelatande hankjønn i det minste) som heile tida kom med seksuelle tilnærmingar.

Dumt slik – men eg lurar på korleis det er no? Har ting blitt betre med åra? Det bør det vel ha blitt. Eg meinar å ha lest at kvinner er i fleirtal enkelte stadar – muleg det var Second Life? Men det skal eg ikkje seia noko om, eg stolar ikkje nok på hukommelsen min i dette tilfellet.

Second Life, ja. Eg har så vidt byrja å gjera meg litt kjent med det konseptet sjølv no. Har ikkje vore innom så ofte, så det går litt tregt å læra meg ting der, men det ser jo litt spennande ut, då. Skal nok få prøvd meg ein del etter kvart. Eg treng sjølvsagt ikkje nemna at eg er der inne som kvinne? Skulle du møta ei lettare forvirra Chywe deVinna der inne, så er det meg.

Kvifor er eg kvinne der inne? Vel — ikkje berre er det ein stor del av meg, men eg ser jo i tillegg definitivt feminin ut der inne. Utan å stressa for mykje med makeup og det som elles skal til i lang tid først. 😉

Real Life-stripe; han vil spela som hokjønn

Tradisjon?

Eg har vore med og opna luker i dei ulike julekalendrane nokre år no – at det er premiar å vinna har sjølvsagt vore ein medverkande årsak til dette. Uansett grunn så har det blitt ein tradisjon dette, å vera med og opna luker i kalendrane. Ein hyggeleg tradisjon, synest no eg.

Ein medverkande årsak til at det er så hyggeleg kan kanskje vera at eg faktisk har hatt litt hell med meg? Kvart år dei siste åra så har eg vore så heldig at eg har vunne eitt eller anna: Ryggsekk, dataspel, mobiltelefon, bok … Nesten så det hadde vore freistande å spørja “Kva blir det i år?” og ikkje “Blir det noko i år?” – men det skal eg ikkje gjera. Det er enno ein del dagar og luker att, men tradisjonen min med å vinna litt er allereie i boks. I dag fekk eg nemleg ein pakke i posten, frå Tine BA. Ein stegteljar.

Hyggeleg – eg hadde nemleg litt lyst på ein sånn ein. Einaste eitt problem med denne: Han virkar ikkje. Eg håpar det er noko så enkelt som at batteriet er uttappa, trass i at det var ei sånn liten plastfolie på plass som skulle beskytta batteriet mot akkurat det. Den folien virka nemleg ikkje så særleg lang då eg drog han ut…

Vel — eg må berre få meg eit nytt batteri og sjå korleis det går, og så … Så får eg gå! 😉

Oppdatering: Det var ikkje noko gale med batteriet – så då er det stegteljaren då. 🙁

Korleis får ei dame plass til så mykje i veska si?

Det går jo igjen det heile tida, at damer har så mykje rart i veskene sine. Korleis får dei plass til alt? Vel – det er berre til å pakka rett det. Kor flink er du til å pakka? Her har du sjansen til å prøva deg, i eit heilt kjønnsnøytralt puslespel. Ingen handvesker innblanda.

For å snu på brikkene, hald nede Skift-tasten og klikk med musa. Brikkene kan ikkje liggja over kvarandre eller utanfor firkanten, men dei kan røra kvarandre.

Lenke til flash-fila: Puslespel

Reklame på Hamskifte.com

Vanlegvis å er eg ikkje så overbegeistra for reklame på nettsider, blinkande og forstyrrande som dei ofte er. Ikkje er eg særleg interessert i reklame på mine eigne sider heller, men reklame for reklame går kanskje? I så fall kan eg eg nok visa til ein, i alle fall om du er gammal nok til å spela poker.

I motsett fall får eg vel finna på noko anna…