Alt går ikkje alltid som planlagt
No har eg hatt ein del dagar på meg her, ettet å ha kome tilbake frå ein aldri så liten ferie. Eg hadde store planar om å få gjort masse, både blogga litt og forska litt og… gjort ein del. Men, så har det vore ting som har kome i vegen: Mindre fint vêr som gjorde meg giddalaus, og deretter nydeleg vêr som var alt for fint til å kasta vekk inne…
Kort sagt, alt går ikkje som planlagt:
No commentsNegler
No og då hender det at eg får godord om neglene mine, at dei er både lange og fine.
Men – nett no kjenner eg at eg kjem til kort…
Ta vare på YouTube-filmane
Det er i grunn masse artig å finna på YouTube, og av og til er det råd å finna filmar og slikt som er vel verd å ta vare på. Og det har jo lenge vore mulig å lasta ned flv-filene, og evt. konvertere dei etterpå, eller bruka tenester som t.d. vixy.net som konverterer til ulike format som du så kan lasta ned. Men, no når det er råd å få filene i betre kvalitet rett frå YouTube, kvifor ikkje utnytta det?
YouTube har jo lagt om eindel for å få betre kvalitet på filene, så i staden for å tukla med flv-filene, så er det råd å lasta ned videoane som mp4-filer. Og med litt hjelp, så er det svært enkelt. Denne sida fortel korleis du kan få eit lite bookmarklet i nettlesaren din (Opera, Safari, Firefox, IE) som automatisk genererer ei lenke til kvar du kan lasta ned videoar i mp4-format. Alt du treng gjera er altså å klikka denne bookmarkleten når du er på ei side med videoen du vil ha. Men, det er jo kjedeleg å måtta gjera det kvar gong òg. Særleg når det er råd å automatisere det. Heilt automagisk.
Har du Opera eller Firefox, så kan du installere eit lite userscript/greasemonkeyscript som legg til ei slik lenke for sidene etter kvart som du besøker dei. Alt som treng gjerast med dette scriptet installert er å høgreklikke og velge ‘lagre målet som’ (eller tilsvarande) og that’s it. Eg har jo måtta prøva det sjølv, og det fungerer som ein draum. Ein god draum.
Den første videoen eg prøvde dette på, var denne:
Menn tåler visst ikkje smerte…
…så difor må ei løysing finnast for å unngå det. Og – kor ser ein etter løysinga då?
Men – om det faktisk er så smertefullt, det stemmer kanskje ikkje alltid i realiteten. Det varierer i alle fall ikkje med kjønnet.
No commentsNy karriere i Japan?
No er det vel neppe så aktuelt for dei fleste å flytta til Japan for å arbeide i kafé, men der borte ser det ut til at ingen nisje er for liten til å satsa på. Så dersom du er mann, likar å kle deg i dameklede, og kunne tenkja deg å måtta vera kledd som dame for å jobba…
Lurar på om det hadde vore råd å gjort noko sånt her i landet…?
No commentsJames – Laid
Det er ei god stund sidan eg har hatt ein musikkvideo her no, er det ikkje? Så, for å bøta på det, her er James: Laid.
No commentsDjengis khan
Dersom nokre måtte tru at eg har pikante opplysningar om Temudjin her, så må eg nok skuffa litt. Eg kom berre til å tenkja på han fordi eg har sansen for ein del av det japanske. Ingen direkte samanheng med denne mongolske fyrsten – khanen – men det var songen «Koi no dance site» med Morning Musume som fekk meg til å assosiere:
Rettnok oppfattar eg korkje «Temudjin» eller «djenghis khan» iteksten der (sjølv om det godt kan gå forbi meg) – innhaldet i songen er vel heller stikk motsett av kva han praktiserte – men om det ikkje ringer nokre bjeller, så kan me ta turen til Tyskland og Dschinghis khan:
Når det er sagt: Er det nokre som veit om noko mongolsk musikk på nettet? No byrja eg lura på korleis det høyrest ut…
No commentsEngler i fra helvete
Ein kortfilm om Roger og dobbeltlivet han lever. Øldrikkande sofagris blant venner, men åleine likar han å kle seg som dame. Ikkje alltid så lett å skjula, kanskje?
Litt flaks på slutten kanskje, der det ser ut til at enkelte interesser kan bli delte…?
Uansett – du kan stemme på filmen til Amandus publikumspris 2008 fram til 13. mars.
No commentsStay Up-komikar
Når ein stand-up-komikar er transe, då må det vel bli stay up-komikar? I alle fall når han er «dressed to kill»? Tittel er uansett ikkje noko problem for denne artisten – han er både profesjonell transvestitt, styrande transvestitt, og meir til. For de som kjenner litt til vedkommande, så veit de nok allereie kven eg tenkjer på. For alle andre: Gled dykk.
Her presenterer eg del 1 av 12 av showet «Dress to Kill» i San Fransisco i 1998, med Eddie Izzard. Sjølv har eg kunna kosa meg med DVD-en i lengre tid, og det er vel verd tida:
Og ei rask oversikt over resten: Del 2, del 3, del 4, del 5, del 6, del 7, del 8, del 9, del 10, del 11, del 12.
No comments
Abonner på Mixteip RSS