Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Tradisjon?

Eg har vore med og opna luker i dei ulike julekalendrane nokre år no – at det er premiar å vinna har sjølvsagt vore ein medverkande årsak til dette. Uansett grunn så har det blitt ein tradisjon dette, å vera med og opna luker i kalendrane. Ein hyggeleg tradisjon, synest no eg.

Ein medverkande årska til at det er så hyggeleg kan kanskje vera at eg faktisk har hatt litt hell med meg? Kvart år dei siste åra så har eg vore så heldig at eg har vunne eitt eller anna: Ryggsekk, dataspel, mobiltelefon, bok… Nesten så det hadde vore freistande å spørja «Kva blir det i år?» og ikkje «Blir det noko i år?» – men det skal eg ikkje gjera. Det er enno ein del dagar og luker att, men tradisjonen min med å vinna litt er allereie i boks. I dag fekk eg nemleg ein pakke i posten, frå Tine BA. Ein stegteljar.

Hyggeleg – eg hadde nemleg litt lyst på ein sånn ein. Einaste eitt problem med denne: Han virkar ikkje. Eg håpar det er noko så enkelt som at batteriet er uttappa, trass i at det var ei sånn liten plastfolie på plass som skulle beskytta batteriet mot akkurat det. Den folien virka nemleg ikkje så særleg lang då eg drog han ut…

Vel – eg må berre få meg eit nytt batteri og sjå korleis det går, og så… Så får eg gå! 😉

Oppdatering: Det var ikkje noko gale med batteriet – så då er det stegteljaren då. 🙁

No comments

No comments yet. Be the first.

Leave a reply

(Antispam - krav)