{2. September, 2007}   PÃ¥ vengene

I teikneserien Knøttene sÃ¥ tek hunden Sniff pÃ¥ seg rolla som eit flygaress – «Luftens Baron» – der han sit pÃ¥ hundehustaket. Eg har vel gjort noko av det same eg no, i gÃ¥r og litt i dag, at eg har gÃ¥tt inn i rolla som «Luftens Baronesse.»

Innover mot Sandnes sentrumDet er Google Earth som hjelper meg med det, med ein innebygd flysimulator. Ikkje den heilt enklaste Ã¥ finna kanskje, men han er berre ein liten tastekombinasjon vekke: Control-Alt-A/Command-Option-A er dei tre tastane du skal halda nede (med fokus pÃ¥ sjølve kartet) for Ã¥ fÃ¥ fram simulatoren. Der kan du velja mellom to ulike fly – jagarfly (F16) og propellfly – og kor du vil starta frÃ¥. Du kan starta frÃ¥ diverse flyplassar som er lagt inn, og ta prosedyren med takeoff, eller enkelt og geit starta frÃ¥ det punktet du er og ser pÃ¥ i Google Earth.

For å ta den skjermdumpen du kan sjå her, så starta eg i Sandnes, sidan det er her eg bur. Det er òg råd å sjå akkurat kor eg bur på det biletet. Hadde oppløysinga vore betre, eller eg floge enno nærare bakken, så kunne stovevingauget skimtast. Vinkelen er den rette for det. :wink:

Eg prøvde òg å landa på flyplassen på Sola, men det gjekk ikkje så heilt bra. På første forsøk spratt eg opp att, og på andre forsøk small eg i bakken. Ein ting er at kontrollane er svært vare, men eg burde nok òg lesa litt meir på kontrollane eg kan bruka i simulatoren. Det hjelper jo alltid litt å veta nokonlunde kva du gjer, og kva funksjonar dei ulike tastane har.

Litt gøy er det jo. Eg får kopla til ei gledesstikke og sjå om det gir meg betre kontroll enn å kun bruka tastaturet neste gong.

Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    November 2008
    M T W T F S S
    « Oct    
     12
    3456789
    10111213141516
    17181920212223
    24252627282930
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kva merkelapp set du på deg sjølv?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster