Forvirra naboar?

Kom over eit bilete på nettet, ei gammal framside av eit blad. Frå 1952. Det er jo kanskje passande nok for å kunna visast her i seg sjølv, men, eg såg litt nærare på boka som ligg på bordet …

Mann som med litt kreativitet skaper ein feminin silhuett av seg sjølv på nedtrekt rullegardin

«How to confuse your neighbours»

Vel – det fekk meg jo til å tenkja på mine naboar. Er dei forvirra over meg, og kven eller kva eg er? Eg presenterer meg ikkje forskjellig frå nokre av dei, eg er meg sjølv heile tida eg, men altså – eg blir kalla både ein kjekk mann og søt dame …

Men det er vel sånn eg er, då. 🙂

Ein liten limerick

Så er ferien over, og eg får sjå om eg ikkje greier å få sving på blogginga igjen. Og sidan eg nett har hatt ein liten samtale der eitt tema var Limerick, så kan eg jo ta ein her, medan eg hugsar det. Tematisk sett burde det passa bra her…

Ei kjempefin jente frå Røa
sa noko eg trudd’eg sku’ dø’a:
“Trur du at lengda på din
er større enn lengda på min?
Me samanliknar no her bak løa!”

Og med det er vel tonen sett 😉

Om de har nokre limerickar eg ikkje bør gå glipp av, så kom med dei.

Alt går ikkje alltid som planlagt

No har eg hatt ein del dagar på meg her, etter å ha kome tilbake frå ein aldri så liten ferie. Eg hadde store planar om å få gjort masse, både blogga litt og forska litt og… gjort ein del. Men, så har det vore ting som har kome i vegen: Mindre fint vêr som gjorde meg giddalaus, og deretter nydeleg vêr som var alt for fint til å kasta vekk inne…

Kort sagt, alt går ikkje som planlagt:

Stay Up-komikar

Når ein stand-up-komikar er transe, då må det vel bli stay up-komikar? I alle fall når han er “dressed to kill”? Tittel er uansett ikkje noko problem for denne artisten – han er både profesjonell transvestitt, styrande transvestitt, og meir til. For de som kjenner litt til vedkommande, så veit de nok allereie kven eg tenkjer på. For alle andre: Gled dykk.

Her presenterer eg del 1 av 12 ein smakebit av showet “Dress to Kill” i San Fransisco i 1998, med Eddie Izzard. Sjølv har eg kunna kosa meg med DVD-en i lengre tid, og det er vel verd tida: