Når ein stand-up-komikar er transe, då må det vel bli stay up-komikar? I alle fall når han er «dressed to kill»? Tittel er uansett ikkje noko problem for denne artisten – han er både profesjonell transvestitt, styrande transvestitt, og meir til. For de som kjenner litt til vedkommande, så veit de nok allereie kven eg tenkjer på. For alle andre: Gled dykk.
Her presenterer eg del 1 av 12 av showet «Dress to Kill» i San Fransisco i 1998, med Eddie Izzard. Sjølv har eg kunna kosa meg med DVD-en i lengre tid, og det er vel verd tida:
Eg er i grunnen glad i musikk eg, og høyrer på mange ulike artistar i mange ulike genrar. Det treng ikkje absolutt vera så veldig kjente artistar, og opp gjennom åra har eg fått tak i ein god del bra (og noko rart) på CD. Etter kvart vart det jo råd å rippe CD-ar og brenne eigne samlingar, til og med laste ned frå nettet. Nokre tematiske samlingar vart det då etter kvart som eg fekk nok melodiar med bestemte tema.
Så var det slik då, at eg fann ut at eg etter kvart hadde ein del melodiar der transvestittar var tema, eller eit litt vidare omgrep, transgender. Eg samla saman det eg hadde, og tenkte tittelen skulle vera «CD CD» – «CrossDresser CD.» Eg fann ut det vart meir enn éin CD – men eg kunne ikkje sløsa vekk masse tom plass på ein CD nummer to heller. Løysinga vart jo sjølvsagt å samla saman enno fleire melodiar…
Vel – om du les lista under over kva eg har, så ville det vera hyggeleg om du kommenterer og fortel meg kva eg ikkje har òg. Og gjerne kor eg kan få tak i det, om mogeleg. Eg veit det er ein del enno. (T.d. Imperial Drag med «Boy or a Girl» EDIT: Har fått tak i denne no )
Aerosmith - Dude looks like a lady
Antony & The Johnsons - For Today I Am A Boy
Asstronaut - Transvestite
Barenaked Ladies - I’ll Be That Girl
Bitesize - Surprise Ending
Bitesize - Understudy
Bitesize - Switch Hitter
Bitesize - I Forgot my Mantra
Blink 182 - Transvestite
Blur - Girls & Boys
Bob Rivers - Country Transvestite
Bob Rivers - Walkin’ Round In Womens Underwear
Bonnie Tyler - If You Were A Woman And I Was A Man
Coccinelle - Prends Moi Ou Laisse Moi (Love me or leave me)
Counting Crows - I Wish I Was A Girl
The Cure - Charlotte Sometimes
Dana International - A Different Gender (Ofer Nissim Remix)
The Danglers - Transvestite Bullshit
David Bowie - Lady Stardust
David Bowie - Rebel Rebel
David Bowie - Diamond Dogs
Demented Are Go - Transvestite Blues
Garbage - Androgyny
Garbage - Cherry_Lips
Green Day - King For A Day
Hedwig and the Angry Inch - Angry Inch
HIXX - Hairy Transvestite Blues
Imperial Drag - Boy or a Girl
J Church - transvestite show
June Panic - Gender Bender
Killers - Somebody Told Me (harris_remix)
The Kinks - Lola
KOROVA - My Dad Is A Transvestite
Manic Street Preachers - Born A Girl
Marillion - An Accidental Man
Mina - Sweet Transvestite
Mister Stick - The Crossdressing Song
Monty Python - Lumberjack Song
New Broadway Cast - Sweet Transvestite
Peter And The Test Tube Babies - Transvestite
Lou Reed - Walk On The Wild Side
Lou Reed - Make Up
R.E.M. - Crush With Eyeliner
The Sissy Show - I’m Just A Cowboy Transvestite
Temptress - Dress Up
Temptress - Queen for a Day
Temptress - Be a Girl
Vibralux - Transvestite Boyfriend
Weird Al Yankovic - Truck Driving Song
The Who - I’m A Boy
N.N. - My Girl Became a Dude - The Transsexual Song
N.N. - My Mom’s a Lumberjack
N.N. - Rita
N.N. - touched_by_a_transvestite
N.N. - Transvestite Bars
OK. Bonnie Tyler burde kanskje ikkje vera der – eller kanskje eg burde hatt med «Feel Like A Woman» med Shania Twain òg? Og så hugsar eg ikkje heilt om alle tekstane til Bitesize er innanfor tema eller om det berre var på grunn av at minst ein av artistane er transseksuell… Orkar ikkje finne ut av det no.
Og hugs: Veit du om noko eg burde hatt her, la meg få veta det. :)