Manglar menn shoppinggenet?

Kvinne ute og shopparNo stiller eg vel eit unødvendig spørsmål i overskrifta – det er jo opplest og vedteke at menn manglar shoppinggenet. Menn likar ikkje å gå rundt i butikkar for å berre sjå, og kanskje handla noko om dei kjem over noko dei berre ha. Sånn er det berre.

Eller?

Når eg tenker meg om, så tek vel desse påstandane utgangspunkt i premissa frå kvinner — at menn ikkje likar å gå rundt i same typar butikkar som kvinner. Klesbutikkar er eit ynda døme på denne forskjellen: Kvinner kan gå rundt og sjå på klede i fleire timar, mens tidsforbruket til menn kan målast i minutt. Men er det så rart då?

Eg hugsar ein reklame for ei tid tilbake, ein mann som skulle ha seg nye gensrar. Ein med rund hals, ein med V-hals, og ein med høg hals. Inn i butikken, finn dei raskt, og det var det. Korleis kunne kvinner bruka så lang tid på den slags? Litt på spissen, men det er jo slik utvalget er i herrebutikkar og herreavdelingane: Nokre få typar gensrar, bukser, skjorter, nokre få fargar, av og til litt mønster — kor lang tid brukar ein på å sjå gjennom alt? Skal ein mann kle seg opp, så har han i grunnen berre eitt valg. Dress, blazer, jakke/bukse/skjorte — det er små variasjonar over same tema.

Flyttar du blikket over frå herreavdelingen til kvinneavdelingen, så er mengda det første som slår ein. Ikkje fordi det er så mykje fleire like plagg av kvart enn for menn, men fordi det er mange fleire variasjonar. Ei bukse er ikkje berre ei bukse – det finst utallige snitt, mange variasjonar i stoff, fargar og mønster. Same for gensrar, toppar, skjørt, kjolar… Skal ei kvinne kle seg opp så finst det òg mange valg. Det er råd å sjå på ulike variasjonar i selskapsklede i fleire timar. Ei kvinne kan òg – om ho vil – kle seg etter temperatur og vêr…

Så at ein mann går lei av å sjå på klede etter kort tid er ikkje så rart – det er grenser for kor lenge han likar å sjå på dei same plagga heile tida. Men om me ser på verktøy, elektronikk og tekniske duppedittar — slikt som tradisjonelt menn skal lika — korleis er biletet då? Joda, då kan mannen gjerne gå rundt og kikke — lenge. I alle fall så lenge han ikkje har dama med, for ho synest gjerne at slikt ikkje er interessant å bruka tid på …

At mannen manglar shoppinggenet stemmer vel ikkje heilt då, så lenge det finst nok av ting å shoppa rundt etter. Av interesse for han.

Då har eg gjort det.

Vel, så har eg altså gått hen og gjort det. Eg har fått meg mitt eige domene eg kan boltra meg på, så får me sjå då om eg angrar på det – eg har jo ikkje vore aktiv, sjølv om eg har prøvd ut litt ulike bloggetenester. Men no kan eg jo prøva meg på litt anna enn berre blogging, òg, om eg vil.

Tida vil vise korleis det går, men eg er i alle fall i gong.

Open om kven eg er?

Eg skriv at eg har stått fram som den eg er, ein transvestitt. Og det stemmer det – eg har ingen problem å visa meg som dame her eg bur, eller miksa og matcha både klede og kjønnsuttrykk. Likevel, det er tider eg ikkje viser den delen av meg, og eg er forsiktig med kvar eg gir meg til kjenne som transe.

Familien min – foreldre og søsken – både veit og aksepterer den eg er, i alle fall stort sett. Men foreldrene mine og eine søster mi vil ikkje sjå meg som jente; eg er jo guten deira/bror hennar. Så når eg er på besøk heime hjå opphavet så er det som gut, sjølv om eg kan bruka gensrar og bukser frå dameavdelinga.

Ein annan ting er at foreldrene mine er litt redde for kva naboar og kjenningar ville kunna seia om dei fekk veta dette om meg – og så er det enkelte av onklane/tantene mine som kanskje er mindre opne for det som ikkje er heilt A4. Trist, men det kostar meg ikkje noko å ta litt omsyn til dette dei gongane eg er heime. Trass alt, at eg er open om kven eg er er ikkje det same som at eg fortelja eller visa det til alle — berre at eg ikkje skjuler det/lyg om det.

Long time no see

Det ser ut til å vera ei stund sidan eg har skrive i bloggen her no. Rart. Eller kanskje ikkje. Eg har leika meg litt rundt i ulike bloggtenester for å sjå litt kva eg likar best, men i større grad har eg berre ikkje orka å skriva noko. Når det siste er tilfelle så blir resultatet noko heilt anna enn ein tekst…

Men no er eg i grunnen blitt litt lei av å ikkje gjera noko på web-fronten, blogging eller heimesider generelt, og har bestemt meg for å ta meg litt i nakken. Eg har bestemt meg for å skriva noko kvar veke, uansett kor tullete det måtte vera. Får eg sving på sakene, så vil eg vurdera å gjera alvor av tankar eg har leika meg litt med, men ikkje realisert: Registrere mitt eige domene og ha både full kontroll og fleire mogelege valg. Nokre idéar snurrar rundt i hovudet mitt no og då, men eg må vera så pass sikker på at eg ikkje berre kastar vekk pengar på det før eg bestemmer meg.

Når det gjeld denne bloggen, så såg eg for meg to valg: Enten her, eller nytta meg av Opera sitt tilbod. Sistnemnde har jo masse plass til bilete og sånt òg, i motsetning til her, men så spørst det kor mykje bilete eg kjem til å bruka då – og om eg får meg eige domene vil eg nok bruka WordPress der òg, så då vil bloggen vera grei å migrere (vonar eg.) Om ikkje, så kan eg jo uansett registrere meg i Operasamhaldet for å dra nytte av galleriet der, om så er det eg vil.

Vel – då er eg i gong. Dette er første post i ei (vonar eg) lang rekke.

Kommentarar

Det er ikkje til å unngå at eg av og til får nokre kommentarar – særleg sidan eg ikkje tek det så tungt om eg “passerer” som kvinne eller ikkje. Det er ikkje alltid eg orkar å gjera så mykje for å skjula at eg fysisk er hankjønn heller, faktisk høyrer det til unntaka; det tek så lang tid elles…

Uansett, det var kommentarane eg ville kommentere her. Negative kommentarar/tilrop er det sjeldan eg får – hugsar ikkje sist det skjedde. Ikkje som eg har høyrt, i alle fall, for det er slik at ein ting har dei hatt felles: Dei har vorte ytra når eg har vore på trygg avstand, og på veg vekk – og gjerne litt for lågt til at eg heilt oppfattar kva dei seier.

Tenåringsjenter er eit kapittel for seg sjølv; kritiske til alt og alle (inkludert seg sjølve) om korleis dei er kledd, oppfører seg og så vidare. I grupper på tre eller meir kan det nok henda det oppstår litt fnising når dei ser meg – er ikkje så lett å skilja seg ut i venneflokken; tenk på kva dei andre kunne seia… For når eg møter jenter åleine eller i par, så er tonen ein annan – og det har alltid vore positive kommentarar direkte til meg.

Vaksne som bryr seg er alltid positive. Vel – så og seie alltid. Ein hyggeleg kommentar i forbifarten, nokre vekslar nokre ord, andre igjen er frå seg av begeistring; det kan vera svært oppmuntrande å ta seg ein tur ut til tider. Av dei hyggelegaste kommentarane er den eg fekk sist: Ei jente hadde sett meg i sommar, og der eg gjekk nedover gata – kledd i kvit topp, kvitt skjørt og kvite høghælte sko – var eg som ein engel som kom svevande. Eit vakkert syn som hadde brent seg fast på netthinnene hennar.

Vakkert sagt – berre synd ho er gift 😉