{5. February, 2006}   Kommentarar

Det er ikkje til Ã¥ unngÃ¥ at eg av og til fÃ¥r nokre kommentarar - særleg sidan eg ikkje tek det sÃ¥ tungt om eg «passerer» som kvinne eller ikkje. Det er ikkje alltid eg orkar Ã¥ gjera sÃ¥ mykje for Ã¥ skjula at eg fysisk er hankjønn heller, faktisk høyrer det til unntaka; det tek sÃ¥ lang tid elles…

Uansett, det var kommentarane eg ville kommentere her. Negative kommentarar/tilrop er det sjeldan eg får - hugsar ikkje sist det skjedde. Ikkje som eg har høyrt, i alle fall, for det er slik at ein ting har dei hatt felles: Dei har vorte ytra når eg har vore på trygg avstand, og på veg vekk - og gjerne litt for lågt til at eg heilt oppfattar kva dei seier.

TenÃ¥ringsjenter er eit kapittel for seg sjølv; kritiske til alt og alle (inkludert seg sjølve) om korleis dei er kledd, oppfører seg og sÃ¥ vidare. I grupper pÃ¥ tre eller meir kan det nok henda det oppstÃ¥r litt fnising nÃ¥r dei ser meg - er ikkje sÃ¥ lett Ã¥ skilja seg ut i venneflokken; tenk pÃ¥ kva dei andre kunne seia… For nÃ¥r eg møter jenter Ã¥leine eller i par, sÃ¥ er tonen ein annan - og det har alltid vore positive kommentarar direkte til meg.

Vaksne som bryr seg er alltid positive. Vel - så og seie alltid. Ein hyggeleg kommentar i forbifarten, nokre vekslar nokre ord, andre igjen er frå seg av begeistring; det kan vera svært oppmuntrande å ta seg ein tur ut til tider. Av dei hyggelegaste kommentarane er den eg fekk sist: Ei jente hadde sett meg i sommar, og der eg gjekk nedover gata - kledd i kvit topp, kvitt skjørt og kvite høghælte sko - var eg som ein engel som kom svevande. Eit vakkert syn som hadde brent seg fast på netthinnene hennar.

Vakkert sagt - berre synd ho er gift ;-)

Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    November 2008
    M T W T F S S
    « Oct    
     12
    3456789
    10111213141516
    17181920212223
    24252627282930
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Du kan byte kjønn nett når du vil ved å tenke på det. Du ville:

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster