Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Open om kven eg er?

Eg skriv at eg har stÃ¥tt fram som den eg er, ein transvestitt. Og det stemmer det — eg har ingen problem Ã¥ visa meg som dame her eg bur, eller miksa og matcha bÃ¥de klede og kjønnsuttrykk. Likevel, det er tider eg ikkje viser den delen av meg, og eg er forsiktig med kvar eg gir meg til kjenne som transe.

Familien min — foreldre og søsken — bÃ¥de veit og aksepterer den eg er, i alle fall stort sett. Men foreldrene mine og eine søster mi vil ikkje sjÃ¥ meg som jente; eg er jo guten deira/bror hennar. SÃ¥ nÃ¥r eg er pÃ¥ besøk heime hjÃ¥ opphavet sÃ¥ er det som gut, sjølv om eg kan bruka gensrar og bukser frÃ¥ dameavdelinga.

Ein annan ting er at foreldrene mine er litt redde for kva naboar og kjenningar ville kunna seia om dei fekk veta dette om meg — og sÃ¥ er det enkelte av onklane/tantene mine som kanskje er mindre opne for det som ikkje er heilt A4. Trist, men det kostar meg ikkje noko Ã¥ ta litt omsyn til dette dei gongane eg er heime. Trass alt, at eg er open om kven eg er er ikkje det same som at eg mÃ¥ fortelja eller visa det til alle — berre at eg ikkje skjuler det/lyg om det.

1 comment

1 Comment so far

  1. Odin / Velmont June 16th, 2007 13:19

    Sant, det gjeld for mykje. Eg held det ofte løynd at eg er fråhaldsmann / målmann / ~buddhist / kor eg er politisk, um eg ikkje gidd prata um det. Altso, seier det ikkje med mindre eg vert eksplisitt spurd. Synest eigentleg det er ganske greitt.