Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for April, 2007

“M”-Mads oppdagar velbrukt teknikk

Dei som ser nedover lenkelistene eg har her, vil kanskje fÃ¥ ein liten mistanke om at eg har litt sansen for teikneseriar — og det har eg. Er inne kvar dag og fÃ¥r med meg fleire enn dei eg har lista opp her, blant anna “M”. Dei siste par stripene av denne serien viser serieforfattaren i ein situasjon fleire kjenner seg att i, etter Ã¥ ha oppdaga ein teknikk som for mange er velkjent og velbrukt: Kunsten Ã¥ skapa ein illusjon av at du har noko du eigentleg ikkje har…

Mads oppdagar at han kan få 'kløft' vha tape. Han kler seg i kjole og parykk, og makeup...
...og ringer kameraten som òg prøver. Det forandrar alt. Mads må ha litt tid for seg sjølv...

Og no lurer eg — tek han det lengre i morgon? Kjem han pÃ¥ noko meir Ã¥ prøva rundt dette? 😀

1 comment

Glen or Glenda

Til Ã¥ gÃ¥ med den førre posten min, sÃ¥ vil eg her presentere eit meisterverk av den berømte filmskaparen Ed Wood. I filmen “Glen or Glenda” frÃ¥ 1953 presenterer han oss for det kompliserte temaet “kjønn” — her ved hjelp av to historiar, om ein transvestitt som mÃ¥ fortelja forloveden sin om trongen til Ã¥ kle seg i dameklede, og om ei transseksuell som vil skifte kjønn vha operasjon.

Ein gripande og god film du berre må få med deg. Eller kanskje ikkje. Uansett, her er filmen:

Comments are off for this post

CD Film

Tilbake i januar skreiv eg eit innlegg om melodiar der trans* er eit tema på eit vis. Etter eg tidlegare denne månaden skreiv ein liten notis om transgender filmar, så har tanken svirra litt rundt: Kva filmar der transing i ei eller anna form spelar ei rolle har eg sett? Og har planar om å sjå? Litt har det kanskje blitt? Eg vil prøva å rekna opp her, og sjå kva eg kjem på.

Eg byrjar med dei eg har sett, i inga bestemt rekkefølgje:

  1. Some like it hot.
  2. Mrs. Doubtfire
  3. Diverse Snurre Sprett-filmar
  4. Just like a woman
  5. The Rocky Horror Picture Show
  6. Priscilla, Queen of the Desert
  7. Switch
  8. Shrek 2
  9. Robotene
  10. Diverse Tom & Jerry
  11. Twin Peaks (OK, det er frÃ¥ TV-serien eg har det, men…)
  12. Bruno (evt. The Dress Code)
  13. Charlie Chaplin-komedie (hugsar ikkje tittelen. Er lenge sidan no…)
  14. Krigen er Pyton (Privates on Parade)
  15. White Christmas
  16. Diverse Monty Python-filmar
  17. Alt om min far
  18. The Rose
  19. Crocodile Dundee
  20. Crocodile Dundee 2
  21. Erik the Viking
  22. Revenge of the nerds
  23. Tootsie
  24. Victor/Victoria
  25. Sorority Boys
  26. Yentl
  27. Ace Ventura: Pet Detective
  28. The Birdcage
  29. The Crying Game
  30. Eddie Izzard: Dress to kill
  31. Huckleberry Finn
  32. 100% menneske
  33. Nobody’s Perfect
  34. Ranma ½: Big Trouble in Nekonron China
  35. Ranma ½: Nihao My Concubine
  36. Ed Wood
  37. Charlies tante. Sjølv om det er laga film av denne, sÃ¥g eg teaterversjonen pÃ¥ NRK i pÃ¥sken…

Oisann Рdet vart visst litt fleire enn eg trudde det, d̴ eg starta ̴ rekna opp. Rettnok m̴tte eg grava djupt for ̴ f̴ fram fr̴ minnet ein del av desse, og ikkje alle har like mykje transeelement i seg, men men.

SÃ¥ er det ein del fleire filmar dÃ¥, som eg har bestemt meg for eg skal sjÃ¥. Kanskje mest fordi eg allereie har DVDane…

  1. Brødrene Grimm (Det skal visst vera element av det her)
  2. Connie and Carla
  3. Glen or Glenda (OK. Denne har eg ikkje, men…)
  4. Kinky Boots
  5. Iron Ladies
  6. Transamerica
  7. Breakfast on Pluto
  8. Finding Neverland
  9. Hedwig and the Angry Inch

Det er det eg veit eg skal sjÃ¥, men det finst sikkert mange fleire eg burde fÃ¥ med meg. Kjenner de til nokre, sÃ¥ er det eit kommentarfelt under her… 😉

Comments are off for this post

Bokstavkjeks. Og kjønn?

Eg er kanskje litt treg av meg, men i dag sÃ¥g eg bokstavkjeks i butikken. Mange Ã¥r sidan eg hadde sett det sist, men dÃ¥ eg høyrte med ei venninne fekk eg veta at joda — eg er treg. Det var leeeenge sidan bokstavkjeksa var tilbake. Men — kor lenge sidan dÃ¥?

bokstavkjeks.jpeg

Eg googla litt eg, for Ã¥ finna svaret. Sætre sine sider fekk eg ikkje kontakt med, sÃ¥ det neste som sÃ¥g ut til Ã¥ gi svar var ein artikkel i Klassekampen, eit intervju med Petter Schjerven. Med ei fortid som programleiar i “Typisk norsk” kunne det nok vera passande Ã¥ snakka med Petter om bokstavkjeks — og eg fann svaret eg var ute etter. Kjeksa var pÃ¥ plass i hyllene att i februar dei. Eg trøystar meg med at det er ikkje sÃ¥ lenge sidan, sÃ¥ heilt blind har eg vel ikkje vore. I “min” butikk kom dei kanskje seinare òg, for alt eg veit.

Men kvar kjem kjønnet inn i alt dette? Vel, programleiaren i serien “Eva og Adam” — Petter Schjerven — hadde lagt merke til noko anna enn berre forma pÃ¥ kjeksa. Han hadde òg lagt merke til pakningane: Dei sÃ¥g ut til Ã¥ vera delt opp i gutepakkar og jentepakkar… akkurat det er utilsikta, i følgje marknadssjefen i Sætre. Dei ville berre laga ein familie av bokstavkjeksbilar — motiva pÃ¥ pakningane. Det er vel eigentleg ingen grunn til Ã¥ mistru dei pÃ¥ det, eller?

Uansett så står det viktigaste av alt oppe i dette fast: No er det lov å leika seg med maten igjen! Blir de med på bokstavkjeksscrabble?

3 comments

R.E.M. — Crush With An Eyeliner

Til Ã¥ gÃ¥ med førre innlegget om Ã¥ bli sminka, kva er meir naturleg enn Ã¥ la musikkvideoen denne helga vera R.E.M. med “Crush With An Eyeliner”?

Nyt musikken, sjølv om de mÃ¥tte ha visse problem med eyelineren. 😉

Comments are off for this post

Bli sminka i butikk

Makeup i butikk

Har de nokon gong prøvd Ã¥ fÃ¥ lagt makeup i butikk? Det har eg, nokre gongar. Eg høyrer/les litt rundt om at det slett ikkje er alle som tør det, men det har aldri vore noko problem for meg, uansett kven av meg eg har vore… Det har vore heilt naturleg Ã¥ behandla meg som dame, og til og med som mann — eg kan vera meg, utan Ã¥ forestilla meg. Personalet i butikkane har alltid vore minst like vennlege som elles.

Eg har ikkje alltid kjøpt noko dei gongane, men eg har jo plukka opp tips og teknikkar for å få fint resultat, og det er jo alltid godt å ta med seg. Makeup kan brukast på litt utradisjonelt vis òg, har eg lært av dette.

Ein gong eg impulsivt stakk innom og vart sminka som mann forresten, sette sminkøren stor pris på det. Alt for få menn her i landet brukar makeup, meinte ho. Ho samanlikna med menn nedover i Europa, der dette var meir vanleg. For forloveden til dotter hennar (ein italienar) var dagleg makeup heilt naturleg. Kanskje me vil sjå litt meir av i slik utvikling her i landet òg no, når H&M byrjar å føre sminke for menn i sortementet sitt?

Men altså, for min del har det å bli sminka i butikk vore ei udelt positiv oppleving. Prøv det, de òg, menn som kvinner.

1 comment

Mannesminke

Ikkje før eg har nemnd menn og hÃ¥rfarging i førre innlegg, sÃ¥ ser eg Aftenposten kjem med eit innlegg om sminke for menn. Ikkje det at det finst menn som brukar sminke — det er gammalt nytt — men at det no vert Ã¥ finna i ei stor kjede som H&M. Ikkje berre kremar og slikt, men neglelakk, mascara osv. Er det teiknet pÃ¥ at sminke for menn no er blitt mainstream? At det faktisk er vanlg og godteke?

Vel…

Det er to ting som eg ikkje greier å la vera å tenkja på. Tydlegast er vel kommentarane til artikkelen, flesteparten av dei som har kome så lang er vel heller fordomsfulle. Raske til å dømma, utan å heilt veta kva dei snakkar om, ser det ut til.

Den andre tingen eg tenkjer pÃ¥ er H&M sine herreskjørt. Jada, dei har i alle fall hatt dei — har de ikkje sett dei, kanskje? Det kan sikkert vera fordi dei berre hadde skjørta inne i enkelte av butikkane sine, sjølv om dei vart seld unna fort. Skjørta vart ikkje spreidd rundt til alle butikkane i kjeda. Eg reknar i grunnen med at H&M vil bruka same praksis med sminken, at den kun vil vera tilgjengeleg i enkelte butikkar i større byar.

Så, sjølv om det no er i sortementet til ei stor kjede, så vil nok ikkje sminke for menn vera så heilt vanleg å sjå likevel, tenkjer eg. Men det er då ein start.

3 comments

HÃ¥rfarging

Eg hadde lyst Ã¥ fornya meg eg, sÃ¥ i kveld farga eg hÃ¥ret. Ikkje sÃ¥ veldig uvanleg aktivitet, akkurat — mange gjer det ganske ofte. Eg har i grunnen gjort det ein del gongar eg òg, og prøvd litt ulike fargar. Sist to eg ein farge noksÃ¥ lik den naturlege hÃ¥rfargen min, berre litt meir blond, sÃ¥ forskjellen vart ikkje sÃ¥ overvettes. Ingen kommenterte det, sÃ¥ det vart kanskje ikkje lagt merke til i det heile. Denne gongen hadde eg lyst Ã¥ endra farge litt meir tydeleg — eg tenkte meg litt meir gylden/mørkare dÃ¥ eg kikka pÃ¥ dei ulike fargane eg kunne kjøpa.

Denne gongen vart det litt tydlegare at eg har farga hÃ¥ret. Ikkje heilt den fargen eg sÃ¥g for meg, det skal eg innrømma. Det vart nemleg litt… raudt…

Blir spennande Ã¥ høyra kva kollegaer seier i morgon dÃ¥. Dei kjenner meg berre som blondine der eg er no — raudhÃ¥ra er det fleire Ã¥r sidan eg har vore, sÃ¥ det er litt uvant Ã¥ sjÃ¥ meg sjølv i spegelen. 😉

Ein ting eg kom til å tenkja på då eg heldt på å skylja ut overskytande farge frå håret, er kven det er som fargar håret, og kor stor eller liten aksepten for det er. Er du ung og jente, så kan du skifte farge så ofte du vil, men når du blir eldre så bør du visst halda deg til éin nyanse, og kanskje helst nær den naturlege? Eit inntrykk eg har, men det kan sikkert variere med miljø. Miljøet spelar i alle fall ei rolle når det gjeld gutar: For enkelte er det heilt greit å farge med den fargen du vil, mens for andre er det ikkje akseptert. Det heng nok igjen at det er ein feminin aktivitet.

Det med at hÃ¥rfarging skal vera for kvinner er nok ei haldning som gjer seg mest gjeldande blant menn, middelaldrande og oppover. Ein episode eg har i minne er frÃ¥ dÃ¥ eg starta Ã¥ farga mitt eige hÃ¥r: Eg stod og sÃ¥g pÃ¥ dei hÃ¥rfargane dei hadde pÃ¥ salg pÃ¥ Cubus, dÃ¥ eit ektepar pÃ¥ rundt 50 kom og sÃ¥g òg. Det viste seg at det var hÃ¥rfarge til mannen dei var ute etter — men han var litt nervøs, og villa ha kona attmed seg. Kva ville andre tru om dei sÃ¥g han stÃ¥ der med hÃ¥rfargane — Ã¥leine? At han farga hÃ¥ret var ikkje noko han ville andre skulle veta…

Er det litt fy-fy enno at menn fargar håret? Det eg ser treng jo ikkje vera det som gjeld generelt, og det kunne vera gøy å veta koleis det ligg an elles rundt om, for både eldre og yngre garde av både han- og hokjønn.

Comments are off for this post

Barenaked Ladies – I’ll Be That Girl

Vel — i dette tilfellet er det kun Steven Page frÃ¥ Barenaked Ladies som opptrer med songen deira, men vakker song er det. Om enn litt trist.

Comments are off for this post

Transgender filmar

Just like a WomanDet er kanskje ein del som hyggar seg med filmar no i pÃ¥sken. Me har jo gjerne meir tid til det no om dagane, men korleis er det om me vil kosa oss med “transefilmar” — finst det noko særleg av det? PÃ¥ transetreffet vart det i gÃ¥r etterlyst slike filmar, sÃ¥ kva alternativ er tilgjengelege for dei som vil kosa seg med slikt?

Dersom me tenkjer pÃ¥ filmar som “Tootsie” og “Some like it hot” i denne kategorien, sÃ¥ er det i alle fall ein del. Eg kom for eit par Ã¥r sidan (eller sÃ¥) over ein oversikt som har blitt laga — og det er faktisk ein god del. Sikkert ikkje like lett Ã¥ fÃ¥ tak i alt her i landet, men likevel, det er ein del Ã¥ kosa seg med. 😉

1 comment

Next Page »