{11. April, 2007}   Mannesminke

Ikkje før eg har nemnd menn og hÃ¥rfarging i førre innlegg, sÃ¥ ser eg Aftenposten kjem med eit innlegg om sminke for menn. Ikkje det at det finst menn som brukar sminke – det er gammalt nytt – men at det no vert Ã¥ finna i ei stor kjede som H&M. Ikkje berre kremar og slikt, men neglelakk, mascara osv. Er det teiknet pÃ¥ at sminke for menn no er blitt mainstream? At det faktisk er vanlg og godteke?

Vel…

Det er to ting som eg ikkje greier å la vera å tenkja på. Tydlegast er vel kommentarane til artikkelen, flesteparten av dei som har kome så lang er vel heller fordomsfulle. Raske til å dømma, utan å heilt veta kva dei snakkar om, ser det ut til.

Den andre tingen eg tenkjer pÃ¥ er H&M sine herreskjørt. Jada, dei har i alle fall hatt dei – har de ikkje sett dei, kanskje? Det kan sikkert vera fordi dei berre hadde skjørta inne i enkelte av butikkane sine, sjølv om dei vart seld unna fort. Skjørta vart ikkje spreidd rundt til alle butikkane i kjeda. Eg reknar i grunnen med at H&M vil bruka same praksis med sminken, at den kun vil vera tilgjengeleg i enkelte butikkar i større byar.

Så, sjølv om det no er i sortementet til ei stor kjede, så vil nok ikkje sminke for menn vera så heilt vanleg å sjå likevel, tenkjer eg. Men det er då ein start.

Liknande innlegg:
HÃ¥rfarging ⇐ ⇒ Bli sminka i butikk


wander skriv:
Gravatar

NÃ¥r det gjelder kommentarene i Dagbladet… De fleste som svarer der er bare ute etter Ã¥ lire av seg sÃ¥ mye crap de klarer i løpet av kortest mulig tid, virker det som. :roll: :mad:

NÃ¥r det gjelder sminke for menn… hva er forskjellen? Mulig jeg er naiv altsÃ¥, men sminke er sminke, er det ikke?



Monica skriv:
Gravatar

Forskjellen… pÃ¥ herre- og damesminke? Innpakninga, tenkjer eg. Diverse kremar og slikt kan kanskje vera litt forskjellig, sidan huda til menn skal vera litt grovare enn kvinnene si hud. Men elles sÃ¥ er sminke sminke ja. :)

NÃ¥r det gjeld dei fordomsfulle kommentarane, sÃ¥ er det nok dei færraste som veit kva det vil seia Ã¥ sminka seg. Dei ser nok for seg tydeleg bruk av augeskugge, eyeliner, leppestift og sÃ¥ vidare. Slikt er nok passande i enkelte situasjonar (clubbing, fest, …) men elles gjeld det same som for kvinner: Less is more. Litt for Ã¥ skjula mørke ringar under augene, fÃ¥ huda til Ã¥ sjÃ¥ friskare ut, augene meir opne (les: Meir opplagt, mindre trøytt) og sÃ¥ vidare. Det treng ikkje sjÃ¥ sminka ut i det heile.

Eg leste om ein som hadde brukt litt lett dekkrem lenge – kommentarane kom ikkje før han ein dag ikkje brukte det: Kollegaene syntest ikkje han sÃ¥g sÃ¥ frisk ut – følte han seg heilt bra? ;)



Tilbakesporing frå Hamskifte

[...] makeup heilt naturleg. Kanskje me vil sjå litt meir av i slik utvikling her i landet òg no, når H&M byrjar å føre sminke for menn i sortementet [...]



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    April 2007
    M T W T F S S
    « Mar   May »
     1
    2345678
    9101112131415
    16171819202122
    23242526272829
    30  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Sminke for menn?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster