Bokstavkjeks. Og kjønn?

Eg er kanskje litt treg av meg, men i dag såg eg bokstavkjeks i butikken. Mange år sidan eg hadde sett det sist, men då eg høyrde med ei venninne fekk eg veta at joda – eg er treg. Det var leeeenge sidan bokstavkjeksa var tilbake. Men – kor lenge sidan då?

bokstavkjeks.jpeg

Eg googla litt eg, for å finna svaret. Sætre sine sider fekk eg ikkje kontakt med, så det neste som såg ut til å gi svar var ein artikkel i Klassekampen, eit intervju med Petter Schjerven. Med ei fortid som programleiar i “Typisk norsk” kunne det nok vera passande å snakka med Petter om bokstavkjeks – og eg fann svaret eg var ute etter. Kjeksa var på plass i hyllene att i februar dei. Eg trøystar meg med at det er ikkje lenge sidan, så heilt blind har eg vel ikkje vore. I “min” butikk kom dei kanskje seinare òg, for alt eg veit.

Men kvar kjem kjønnet inn i alt dette? Vel, programleiaren i serien “Eva og Adam” – Petter Schjerven – hadde lagt merke til noko anna enn berre forma på kjeksa. Han hadde òg lagt merke til pakningane: Dei såg ut til å vera delt opp i gutepakkar og jentepakkar… akkurat det er utilsikta, i følgje marknadssjefen i Sætre. Dei ville berre laga ein familie av bokstavkjeksbilar – motiva på pakningane. Det er vel eigentleg ingen grunn til å mistru dei på det, eller?

Uansett så står det viktigaste av alt oppe i dette fast: No er det lov å leika seg med maten igjen! Blir de med på bokstavkjeksscrabble?