Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for April 15th, 2007

R.E.M. — Crush With An Eyeliner

Til Ã¥ gÃ¥ med førre innlegget om Ã¥ bli sminka, kva er meir naturleg enn Ã¥ la musikkvideoen denne helga vera R.E.M. med “Crush With An Eyeliner”?

Nyt musikken, sjølv om de mÃ¥tte ha visse problem med eyelineren. 😉

Comments are off for this post

Bli sminka i butikk

Makeup i butikk

Har de nokon gong prøvd Ã¥ fÃ¥ lagt makeup i butikk? Det har eg, nokre gongar. Eg høyrer/les litt rundt om at det slett ikkje er alle som tør det, men det har aldri vore noko problem for meg, uansett kven av meg eg har vore… Det har vore heilt naturleg Ã¥ behandla meg som dame, og til og med som mann — eg kan vera meg, utan Ã¥ forestilla meg. Personalet i butikkane har alltid vore minst like vennlege som elles.

Eg har ikkje alltid kjøpt noko dei gongane, men eg har jo plukka opp tips og teknikkar for å få fint resultat, og det er jo alltid godt å ta med seg. Makeup kan brukast på litt utradisjonelt vis òg, har eg lært av dette.

Ein gong eg impulsivt stakk innom og vart sminka som mann forresten, sette sminkøren stor pris på det. Alt for få menn her i landet brukar makeup, meinte ho. Ho samanlikna med menn nedover i Europa, der dette var meir vanleg. For forloveden til dotter hennar (ein italienar) var dagleg makeup heilt naturleg. Kanskje me vil sjå litt meir av i slik utvikling her i landet òg no, når H&M byrjar å føre sminke for menn i sortementet sitt?

Men altså, for min del har det å bli sminka i butikk vore ei udelt positiv oppleving. Prøv det, de òg, menn som kvinner.

1 comment