Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for March, 2007

Opplading til Melodi Grand Prix

Tidlegare skreiv eg ein liten notis om Danmark sitt bidrag til MGP, og at det er ein drag-artist som framfører den. No ser eg at Ukraina sitt bidrag òg er klart — og i følgje VGTV sÃ¥ er det nokre som ikkje set særleg stor pris pÃ¥ artisten som framfører det. Artisten Verka Serdyuchka er nemleg transvestitt. I alle fall er det det eg har lest før òg, men sjølv seier han det er snakk om eit scene show, sÃ¥ dÃ¥ mÃ¥ han kanskje plasserast i drag queen-kategorien, han òg?

Uansett, her er Ukraina sitt bidrag: Dancing.

Comments are off for this post

Akseptabelt!

Dette er ei oppfølgjing til posten “Akseptabelt?” Muleg det kan ha noko for forstÃ¥inga av denne posten om du ser han i samanheng med den førre, og muleg du vil gjera deg ulike tankar alt etter om du les denne først eller sist.


Eg har ein venn som er som gutar flest: Han følgjer stort sett moten, går gjerne ut på by’n, har ingenting i mot ein fest, flørtar med jenter og så vidare. Alt er tilsynelatande heilt fint, men — han er likevel ikkje heilt fri til å gjera som han vil.

Det er ikkje slik at det er «forbode» å bryta lange tradisjonar og gå litt andre vegar enn det som blir venta, men dersom du faktisk gjer det…

Joda, alle i miljøet skal liksom vera så opne og aksepterande. Ikkje noko problem med dei som er sånn og sånn, det er heilt OK det — heilt til det er nokre av deira eigne. Det er då presset kjennest: Det er heilt i orden at andre er slik og gjer det og det, men me er ikkje som dei. Ikkje alltid så særleg uttalt, men haldningar og måten det vert snakka på er talande nok, synest vennen min. Er du ikkje ein av oss, så blir du frosen ut. Uansett snakk om å vera både aksepterande og inkluderande.

Kva er det så vennen mi vil, som er så uaktuelt i miljøet hans? Han seier sjølv, at han kort og godt vil sleppa å måtta vera så «traust og kjedeleg» heile tida. Dvs, han er lei av at han alltid må vera røff når han går ut, uansett kva det er. Kremar for å ta vare på huda er bannlyst. Kleda må vera maskuline nok — og tru det eller ei, men trykk på gensrar er i grenseland! Skjørt? Det skal teoretisk sett vera «lov» — men det stillest store krav til person, situasjon og skjørtet for at slikt skal kunna gå: Skotte, bunadstid, og skjørtet må vera ein skotskrutete kilt. Greit nok, vennen min trivest med å gå i bukser og kleda det vert venta av han, han har ikkje noko i mot kleda. Det han ikkje likar er at han må vera slik heile tida, på grunn av det andre meinar.

Og nei, det er ikkje ei lita, sær sekt det er snakk om her. Ingen religiøse «mørkemenn» som set agendaen. Her er det eit tverrsnitt av ein vanleg norsk by. Og likevel — det er altså slik at folk rynkar på nasa og kort og godt (for)dømmer gutar som vil kle seg, og kanskje te seg, litt annaleis enn det dei sjølve likar. «Er det muleg?» spør vennen mi. Han trudde folk var meir moderne no for tida. Trass alt, skjørt? «Kva er det med skjørt som gjer at gutar og menn ikkje skal kunna bruka det? Det er jo berre eit klesplagg. Men, diverre er det akseptabelt at slike haldningar rår.»

2 comments

Kelly van der Veer – I’m What I Am

Eg lurte litt pÃ¥ kva musikkvideo eg skulle ha denne helga, men med tanke pÃ¥ innhaldet i posten “Akseptabelt?” og kommentarane sÃ¥ langt, sÃ¥ passar det kanskje med “I’m what I am” med Kelly van der Veer?

Så får me håpa me alle får vera den me er.

Comments are off for this post

Med skjørt på snøbrett

Det høyrest kanskje lite praktisk ut, men blant ein gjeng med damer er det ein del som brukar skjørt. Dei er like gode som sine medsøstre, men i tillegg er det noko meir med dei.

Personleg føretrekk eg dei med skjørt, på grunn av det ekstra dei byr på.

Comments are off for this post

Akseptabelt?

Eg har ei venninne som er som jenter flest: Ho følgjer stort sett moten, gÃ¥r gjerne ut pÃ¥ by’n, har ingenting i mot ein fest, flørtar med gutar og sÃ¥ vidare. Alt er tilsynelatande heilt fint, men — ho er likevel ikkje heilt fri til Ã¥ gjera som ho vil.

Det er ikkje slik at det er “forbode” Ã¥ bryta lange tradisjonar og gÃ¥ litt andre vegar enn det som blir venta, men dersom du faktisk gjer det…

Joda, alle i miljøet skal liksom vera sÃ¥ opne og aksepterande. Ikkje noko problem med dei som er sÃ¥nn og sÃ¥nn, det er heilt OK det — heilt til det er nokre av deira eigne. Det er dÃ¥ presset kjennest: Det er heilt i orden at andre er slik og gjer det og det, men me er ikkje som dei. Ikkje alltid sÃ¥ særleg uttalt, men haldningar og mÃ¥ten det vert snakka pÃ¥ er talande nok, synest venninna mi. Er du ikkje ein av oss, sÃ¥ blir du frosen ut. Uansett snakk om Ã¥ vera bÃ¥de aksepterande og inkluderande.

Kva er det sÃ¥ venninna mi vil, som er sÃ¥ uaktuelt i miljøet hennar? Ho seier sjølv, at ho kort og godt vil sleppa Ã¥ mÃ¥tta vera sÃ¥ “hyperfeminin” heile tida. Dvs, ho er lei av at ho alltid mÃ¥ vera sminka nÃ¥r ho gÃ¥r ut, uansett kva det er. Kleda mÃ¥ vera feminine nok — og tru det eller ei, men bukser er visst ikkje det! Det skal teoretisk sett vera “lov” — men det stillest store krav til person, situasjon og buksene for at slikt skal kunna gÃ¥. Greit nok, venninna mi trivest med Ã¥ vera “hyperfeminin” og kle seg slik vet vert venta av ho, ho har ikkje noko i mot kleda. Det ho ikkje likar er at ho mÃ¥ vera slik heile tida, pÃ¥ grunn av det andre meinar.

Og nei, det er ikkje ei lita, sær sekt det er snakk om her. Ingen religiøse “mørkemenn” som set agendaen. Her er det eit tverrsnitt av ein vanleg norsk by. Og likevel — det er altsÃ¥ slik at folk rynkar pÃ¥ nasa og kort og godt (for)dømmer jenter som vil kle seg, og kanskje te seg, litt annaleis enn det dei sjølve likar. “Er det muleg?” spør venninna mi. Ho trudde folk var meir moderne no for tida. Trass alt, bukser? “Kva er det med bukser som gjer at jenter og kvinner ikkje skal kunna bruka det? Er det i det heile teke akseptabelt at slike haldningar rÃ¥r?”

6 comments

Eit visdomsord

Mange er redde for å visa for omverda kven dei eigentleg er, av frykt for å bli utstøtt, gjort narr av, bli forlatt eller kva det no er. Då kan det kanskje vera ei trøyst å tenkja på følgjande visdomsord:

“Først gÃ¥r du rundt og er redd for kva andre tenkjer. Seinare bestemmer du deg for Ã¥ gi blaffen i kva andre tenkjer, før du til slutt oppdagar at ingen tenkjer pÃ¥ deg i det heile…”

😉

3 comments

Blur – Girls & Boys

Det er ein del år sidan eg høyrde ein melodi på radioen, der refrenget berre fekk meg til å stoppa opp og høyra etter: Jenter som ville vera gutar, ville ha gutane sine til å vera jenter og ein heil masse genderbending. Kva melodien heitte og kven som song, det fekk eg ikkje veta då, men etter å ha skrive refrenget (ikkje heilt korrekt) på Usenet fekk eg veta det.

Her er dei: Blur, med “Girls & Boys”

1 comment

Richard Wagner

Richard WagnerEg skal innrømma at klassisk musikk er ikkje det eg høyrer mest pÃ¥, men eg har likevel ein god del eg set pris pÃ¥. Ein av dei eg raskt fekk sansen for er Richard Wagner — det var liksom skikkeleg trykk i musikken hans. I alle fall samanlikna med mykje av det andre eg har av klassisk musikk.

Om mannen sjølv har eg ikkje visst sÃ¥ mykje. Ikkje at eg har vore særleg interessert i det, sÃ¥ det eg har sett har vore litt sÃ¥nn standardinformasjon me finn om musikk, oppvekst og giftemÃ¥l og sÃ¥nt i diverse leksikon. Men av og til sÃ¥ dukkar det opp informasjon som ikkje er sÃ¥ vanleg Ã¥ lesa, men som dreg ting vekk frÃ¥ det tørre og kjedelege. For Wagner sin del til dømes det at han kun ville ha silke og sateng inntil huda, pÃ¥ grunn av sÃ¥r hud. Eller — var det kun det?

I eit brev til eit firma med moteskaparar i Milano viste han stor kunnskap om detaljane i ein kjole han bestilte, tilsynelatande ei gÃ¥ve til kona Cosina. Det same med klede han bestilte frÃ¥ ei fransk syerske — men kona skreiv aldri noko om Ã¥ ha motteke noko slikt, sjølv om ho elles var veldig ivrig etter Ã¥ skriva dagbok. Tradisjonen med at kleda skal vera “ei gÃ¥ve til dama/kona” er visst lang, den…

Men han skal ha vist seg offentleg i dameklede òg — om enn pÃ¥ ein litt spesiell mÃ¥te? Ein anekdote fortel at han flykta frÃ¥ kreditorar kledd som ei dame… Han skal òg ha hatt pÃ¥ seg ei damejakke ved eit anna tidspunkt.

Eg fÃ¥r eit litt anna syn pÃ¥ mannen nÃ¥r eg les slikt. BÃ¥de han og historie elles blir litt meir interessant — finst det fleire kjente transar i historien, kanskje? 🙂

Comments are off for this post

Dana International — Lola

Her om dagen fekk eg eit besøk via israelske Google, etter eit søk etter Lola av Dana International. Videoen var ikkje klar då, men eg hadde allereie funne fram ei lenke etter å ha sjekka kvaliteten på ulike versjonar på YouTube. Den du får sjå her skal vera i bra kvalitet, om ikkje perfekt.

SprÃ¥ket seier meg eigentleg ikkje sÃ¥ mykje — men det skal visst vera om framtida for den overskridande hermafroditt? Eller noko sÃ¥nt. Om det er nokre som kan fortelja kva det eigentleg handlar om sÃ¥ blir eg glad for det.

Comments are off for this post

Det som smertar mest

Mannen kom i ein samtale med ei transseksuell, og ho fortalte om korleis den kjønnskorrigerande operasjonen hadde vore.
“Men er det ikkje vondt dÃ¥, å ha mista… utstyret?” spurde mannen.
“Neida. Eg kjenner det mest i lommeboka.” svara dama.

Ein gammal vits, fortalt pÃ¥ ulike vis mange stadar. Men vits eller ei — dersom du er i situasjonen og har bil, sÃ¥ pass pÃ¥ forsikringa

2 comments

Next Page »