{5. February, 2006}   Kommentarar

Det er ikkje til å unngå at eg av og til får nokre kommentarar - særleg sidan eg ikkje tek det så tungt om eg «passerer» som kvinne eller ikkje. Det er ikkje alltid eg orkar å gjera så mykje for å skjula at eg fysisk er hankjønn heller, faktisk høyrer det til unntaka; det tek så lang tid elles…

Uansett, det var kommentarane eg ville kommentere her. Negative kommentarar/tilrop er det sjeldan eg får - hugsar ikkje sist det skjedde. Ikkje som eg har høyrt, i alle fall, for det er slik at ein ting har dei hatt felles: Dei har vorte ytra når eg har vore på trygg avstand, og på veg vekk - og gjerne litt for lågt til at eg heilt oppfattar kva dei seier.

Tenåringsjenter er eit kapittel for seg sjølv; kritiske til alt og alle (inkludert seg sjølve) om korleis dei er kledd, oppfører seg og så vidare. I grupper på tre eller meir kan det nok henda det oppstår litt fnising når dei ser meg - er ikkje så lett å skilja seg ut i venneflokken; tenk på kva dei andre kunne seia… For når eg møter jenter åleine eller i par, så er tonen ein annan - og det har alltid vore positive kommentarar direkte til meg.

Vaksne som bryr seg er alltid positive. Vel - så og seie alltid. Ein hyggeleg kommentar i forbifarten, nokre vekslar nokre ord, andre igjen er frå seg av begeistring; det kan vera svært oppmuntrande å ta seg ein tur ut til tider. Av dei hyggelegaste kommentarane er den eg fekk sist: Ei jente hadde sett meg i sommar, og der eg gjekk nedover gata - kledd i kvit topp, kvitt skjørt og kvite høghælte sko - var eg som ein engel som kom svevande. Eit vakkert syn som hadde brent seg fast på netthinnene hennar.

Vakkert sagt - berre synd ho er gift ;-)

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    February 2006
    M T W T F S S
        Aug »
     12345
    6789101112
    13141516171819
    20212223242526
    2728  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Sminke for menn?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen