Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for August 22nd, 2006

Nattleg besøk

Eg hadde fått på meg nattkjolen og gått til sengs då eg høyrde det small i veggen. Eg rykka til, låg stille og lytta; det var inne — eg var ikkje lengre åleine i huset, men hadde fått ein ubeden gjest på besøk.

Ubeden gjestEg hadde ikkje fått slått av lyset heller, så då eg såg i den retninga smellet kom frå, så såg eg den ubudne gjesten. Han var svær, og eg såg fascinert opp på han¹. Han flytta seg og kom nærare meg, og eg formeleg såg ondskapen lysa ut av augene hans². Var han komen for å røva frå meg all nattesøvn? Skulle eg tilbringa natta i angst og fortviling over herjingane hans?

Fast bestemt på å ta natta tilbake tok eg opp kampen mot inntrengjaren. I motsetning til meg brydde ikkje han seg om lampar, radio og diverse anna som måtte stå i vegen, så han greidde å sno seg unna ein del gongar. Av og til fekk eg tak i han, men sniken greidde å smetta vekk frå meg likevel. Etter lang tids kamp hadde eg han likevel der eg ville ha han — kanskje var han trøytt og utsleten, men eg fekk no til slutt grep rundt han, og strama til. Denne gongen slapp han ikkje unna.

Det er muleg eg har for stor medkjensle, for eg orka ikkje tanken på å skada han eller la han sitja innesperra for ein periode i livet sitt, så eg let han gå. Eller flyga. Eg eskorterte han ut vindauga og slapp han laus, og han forsvann ut i mørket. Sikkert for å finna andre å terrorisere, men det vart i alle fall ikkje meg denne natta.

¹ Det kan for så vidt vore ei ho òg, men sidan både gjest og inntrengjar er hankjønnsord er det korrekt å bruka «han» om vedkommande.
² Det kan ha vore gjenskinnet frå lyset/blitzen som gjorde det, men eg trur no helst det var ondskapen som lyste ut likevel eg.

2 comments