Utfordring

Av og til får eg — og fleire med meg — spørsmål som går på det å vera transe. Meir spesifikt om kvifor eg likar å gå i dameklede, og visa meg som dame, for eg er jo mann? Det er ikkje det heilt enklaste spørsmålet å svara på. Mange har prøvd på ulikt vis, men uansett forklaring så skaper det berre fleire spørsmål.

Difor har eg ei lita utfordring til alle som les her. Rett nok er det ikkje så mange som kommenterer, men eg kan jo håpa på det er ein del som får noko å tenkja på, i det minste. Så kan eg kryssa fingrane for litt fleire kommentarar enn vanleg, om det så berre er for å seia “anar ikkje.” Dersom de greier å svara, så er de kanskje på god veg til å forstå kvifor transar kler seg som det motsette kjønn?

Først til mannfolka: Kvifor kler de dykk i herreklede, og ikkje kvinneklede? Kvifor føretrekk de herreklede framfor kvinneklede, og kvifor likar de å gå i det? Skulle de likevel ha og bruka plagg som er funne i kvinneavdelinga, kva er grunnen til det? For å gjera det litt vanskeleg, så må eg gjera merksam på at det ikkje på nokon måte går an å bruka argumentet “fordi eg er mann” i denne samanhengen — eg er jo òg mann, men har absolutt ingenting i mot kvinneklede. Stemmer ikkje det?

Til damene: Som de sikkert har forstått allereie, er det tilsvarande problemstilling til dykk. Med ei ørlita endring: Det er jo ikkje så uvanleg at kvinner brukar ein del herreklede til seg sjølve, men kvifor gjer de det?

Til slutt transane, og eventuelt andre. Problemstillinga her vil jo vera ei anna enn den for hankjønna som er menn, og hokjønna som er kvinner. Vil de likevel prøva å svara på det store spørsmålet, “kvifor?” så forklar gjerne de òg.

Eg for min del trur eg vil prøva å svara i eit nytt innlegg ein gong seinare, eg. Minn meg gjerne på det, om de blir utålmodige.

Pink Floyd — Arnold Layne

Arnold Layne er den første singelen Pink Floyd gav ut etter å ha signert kontrakt med EMI. Tittelfiguren i denne er visstnok basert på ein ekte person, ein transvestitt som (slemt nok) stal dametøy frå klessnorene i Cambridge. Mødrene til Syd Barret og Roger Waters skal jamnleg fått mindre undertøy på denne måten…

Musikkvideoen/”reklamefilmen” dei laga inneheld ikkje ei einaste klessnor.

Faith No More – Easy

Enkelte lurar kanskje på korleis denne songen passar inn i tematikken eg har sagt eg vil ha med musikkvideoane. Ikkje er det noko transetema i teksten, ingen av bandmedlemene er (så vidt eg veit) transar — men det bør gå lett fram likevel av videoen sjølv kvifor han kjem med her. 😉

Eh – puppe, DER?

Når eg ser på statistikken min over ord som vert brukt for å finna meg, så er det mest populære ordet å søka etter på seks bokstavar, og skrivest “pupper.” Ein del gongar så står ordet “store” rett framfor. Vel — ingen skal koma her og klaga over at eg ikkje viser vilje til å koma dei søkjande i møte.

Brystvorte

Eg fann nemleg ein artikkel no nett, om ei 22 år gammal jente som utvikla ei ny fin brystvorte og litt brystvev, om enn på ein heller… uvanleg stad på kroppen. Kanskje midt i blinken for dei som har ein fetisj for føter, for det var under fotbladet denne kom.

Slike bryst kan i følgje artikkelen utvikla seg over alt på kroppen, og til og med gi melk. Det var ein ting som vart nemnd heilt på slutten av artikkelen, som eg synest kanskje er det mest interessante: Bryst kan visa seg å vera relativt enkelt å dyrka fram i ei skål…

Det kan kanskje utnyttast på fleire sett, både for dei som har måtta fjerna bryst grunna brystkreft og den slags, men kanskje òg for transepersonar? Det må vera perfekt å kunna få sine eigne, ekte bryst. Enten for første gong, eller tilbake. Lurar på om me vil høyra meir om akkurat det der framover.

Mitt hemmelege sjølv

Eller som originaltittelen på engelsk heiter: My secret self (Lenker:1, 2, 3. Frå 27. april i år.)

Eg fann denne dokumentaren via Transkrift, og sette meg til å sjå med éin gong. Det er ein fin og sterk dokumentar om transkjønna born, der dei intervjuar tre familiar om korleis både foreldrene og borna opplever både situasjonen med at det borna har mellom beina ikkje stemmer med det dei har mellom øyrene, og korleis dagane elles er for dei. Det er ikkje alltid like lett!

No er eg jo ikkje i same situasjon sjølv, men eg kunne no dra kjensel på enkelte ting der, og forhalda meg til det reint personleg. Men uansett så er dette noko eg tilrår alle å få med seg, for å læra om korleis det er for transkjønna, og forstå dei betre. Kanskje du sjølv har eller får transkjønna venner – eller, korleis ville du reagert om ditt eige born ein dag kom og sa at Gud hadde gjort ein feil med kroppen…?

“M”-Mads oppdagar velbrukt teknikk

Dei som ser nedover lenkelistene eg har her, vil kanskje få ein liten mistanke om at eg har litt sansen for teikneseriar – og det har eg. Er inne kvar dag og får med meg fleire enn dei eg har lista opp her, blant anna “M”. Dei siste par stripene av denne serien viser serieforfattaren i ein situasjon fleire kjenner seg att i, etter å ha oppdaga ein teknikk som for mange er velkjent og velbrukt: Kunsten å skapa ein illusjon av at du har noko du eigentleg ikkje har…

Mads oppdagar at han kan få 'kløft' vha tape. Han kler seg i kjole og parykk, og makeup...
...og ringer kameraten som òg prøver. Det forandrar alt. Mads må ha litt tid for seg sjølv...


Og no lurer eg – tek han det lengre i morgon? Kjem han på noko meir å prøva rundt dette? 😀

Glen or Glenda

Til å gå med den førre posten min, så vil eg her presentere eit meisterverk av den berømte filmskaparen Ed Wood. I filmen “Glen or Glenda” frå 1953 presenterer han oss for det kompliserte temaet “kjønn” – her ved hjelp av to historiar, om ein transvestitt som må fortelja forloveden sin om trongen til å kle seg i dameklede, og om ei transseksuell som vil skifte kjønn vha operasjon.

Ein gripande og god film du berre få med deg. Eller kanskje ikkje. Uansett, her er filmen:

CD Film

Tilbake i januar skreiv eg eit innlegg om melodiar der trans* er eit tema på eit vis. Etter eg tidlegare denne månaden skreiv ein liten notis om transgender filmar, så har tanken svirra litt rundt: Kva filmar der transing i ei eller anna form spelar ei rolle har eg sett? Og har planar om å sjå? Litt har det kanskje blitt? Eg vil prøva å rekna opp her, og sjå kva eg kjem på.

Eg byrjar med dei eg har sett, i inga bestemt rekkefølgje:

  1. Some like it hot.
  2. Mrs. Doubtfire
  3. Diverse Snurre Sprett-filmar
  4. Just like a woman
  5. The Rocky Horror Picture Show
  6. Priscilla, Queen of the Desert
  7. Switch
  8. Shrek 2
  9. Robotene
  10. Diverse Tom & Jerry
  11. Twin Peaks (OK, det er frå TV-serien eg har det, men…)
  12. Bruno (evt. The Dress Code)
  13. Charlie Chaplin-komedie (hugsar ikkje tittelen. Er lenge sidan no…)
  14. Krigen er Pyton (Privates on Parade)
  15. White Christmas
  16. Diverse Monty Python-filmar
  17. Alt om min far
  18. The Rose
  19. Crocodile Dundee
  20. Crocodile Dundee 2
  21. Erik the Viking
  22. Revenge of the nerds
  23. Tootsie
  24. Victor/Victoria
  25. Sorority Boys
  26. Yentl
  27. Ace Ventura: Pet Detective
  28. The Birdcage
  29. The Crying Game
  30. Eddie Izzard: Dress to kill
  31. Huckleberry Finn
  32. 100% menneske
  33. Nobody’s Perfect
  34. Ranma ½: Big Trouble in Nekonron China
  35. Ranma ½: Nihao My Concubine
  36. Ed Wood
  37. Charlies tante. Sjølv om det er laga film av denne, såg eg teaterversjonen på NRK i påsken…

Oisann – det vart visst litt fleire enn eg trudde det, då eg starta å rekna opp. Rettnok måtte eg grava djupt for å få fram frå minnet ein del av desse, og ikkje alle har like mykje transeelement i seg, men men.

Så er det ein del fleire filmar då, som eg har bestemt meg for eg skal sjå. Kanskje mest fordi eg allereie har DVDane…

  1. Brødrene Grimm (Det skal visst vera element av det her)
  2. Connie and Carla
  3. Glen or Glenda (OK. Denne har eg ikkje, men…)
  4. Kinky Boots
  5. Iron Ladies
  6. Transamerica
  7. Breakfast on Pluto
  8. Finding Neverland
  9. Hedwig and the Angry Inch

Det er det eg veit eg skal sjå, men det finst sikkert mange fleire eg burde få med meg. Kjenner de til nokre, så er det eit kommentarfelt under her… 😉