Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Utfordring

Av og til fÃ¥r eg — og fleire med meg — spørsmÃ¥l som gÃ¥r pÃ¥ det Ã¥ vera transe. Meir spesifikt om kvifor eg likar Ã¥ gÃ¥ i dameklede, og visa meg som dame, for eg er jo mann? Det er ikkje det heilt enklaste spørsmÃ¥let Ã¥ svara pÃ¥. Mange har prøvd pÃ¥ ulikt vis, men uansett forklaring sÃ¥ skaper det berre fleire spørsmÃ¥l.

Difor har eg ei lita utfordring til alle som les her. Rett nok er det ikkje sÃ¥ mange som kommenterer, men eg kan jo hÃ¥pa pÃ¥ det er ein del som fÃ¥r noko Ã¥ tenkja pÃ¥, i det minste. SÃ¥ kan eg kryssa fingrane for litt fleire kommentarar enn vanleg, om det sÃ¥ berre er for Ã¥ seia “anar ikkje.” Dersom de greier Ã¥ svara, sÃ¥ er de kanskje pÃ¥ god veg til Ã¥ forstÃ¥ kvifor transar kler seg som det motsette kjønn?

Først til mannfolka: Kvifor kler de dykk i herreklede, og ikkje kvinneklede? Kvifor føretrekk de herreklede framfor kvinneklede, og kvifor likar de Ã¥ gÃ¥ i det? Skulle de likevel ha og bruka plagg som er funne i kvinneavdelinga, kva er grunnen til det? For Ã¥ gjera det litt vanskeleg, sÃ¥ mÃ¥ eg gjera merksam pÃ¥ at det ikkje pÃ¥ nokon mÃ¥te gÃ¥r an Ã¥ bruka argumentet “fordi eg er mann” i denne samanhengen — eg er jo òg mann, men har absolutt ingenting i mot kvinneklede. Stemmer ikkje det?

Til damene: Som de sikkert har forstått allereie, er det tilsvarande problemstilling til dykk. Med ei ørlita endring: Det er jo ikkje så uvanleg at kvinner brukar ein del herreklede til seg sjølve, men kvifor gjer de det?

Til slutt transane, og eventuelt andre. Problemstillinga her vil jo vera ei anna enn den for hankjønna som er menn, og hokjønna som er kvinner. Vil de likevel prøva Ã¥ svara pÃ¥ det store spørsmÃ¥let, “kvifor?” sÃ¥ forklar gjerne de òg.

Eg for min del trur eg vil prøva å svara i eit nytt innlegg ein gong seinare, eg. Minn meg gjerne på det, om de blir utålmodige.

8 comments

8 Comments so far

  1. Odin/Velmont June 25th, 2007 13:44

    Hmmm. Eg gjeng i guteklede av di eg ikkje trur eg kjenner meg komfortabel i jenteklede. Dessutan fær eg vel eigentleg ikkje lov av kjærasten min heller. Ho vert sint på meg um eg tek på meg klei hennar.

    Ho likar vel eigentleg ikkje at eg latar som um eg er andre. Hm. Men det er nok mest av vane. Men òg av di typiske jenteklede ikkje er so praktiske. So eg hev ingen *grunn* til å faktisk bruka dei.

    Men eg er ikkje heilt fjern frå å gå i jenteklede; eg hev ingen moralske problem med det :p

  2. Odin / Velmont June 25th, 2007 17:26

    Om det; eg fann eit utklipp som handlar um mann som kler seg i dameklede. Det er nok grunnen til at fleire ikkje gjer slikt; det er ikkje akseptert.

  3. Monica June 26th, 2007 0:36

    Det med at dama i eit forhold nektar mannen Ã¥ kle seg i dameklede, eller “utrdisjonelle” herreklede (skjørt, kilt, …) det er gjerne ei medverkande Ã¥rsak til at dei som vil kle seg i det ikkje gjer det. At typiske jenteklede ikkje er sÃ¥ praktiske, det veit eg ikkje heilt om eg er einig med deg i — kjem jo an pÃ¥ kva du legg i det. BH og slikt som er tilpassa spesifikk kvinneleg anatomi kan nok vera mindre praktisk for ein mann, men elles finst det jenteklede som eg synest er mykje meir praktiske enn herreklede — sjølv for menn.

    Den første setninga di, med Ã¥ ikkje kjenna deg komfortabel med Ã¥ gÃ¥ i jenteklede, den er meir i den retninga eg tenkte pÃ¥, sidan det er slike problemstillingar eg kjenner meg att i om eg skal forklara. Men — kvifor trur du ikkje du vil kjenna deg komfortabel dÃ¥? Det er det som er sÃ¥ vasnkeleg Ã¥ forklara, om du ikkje fÃ¥r lov Ã¥ bruka (det biologiske) kjønnet ditt som grunnlag…

    PS. Har dama di nokon gong brukt enkelte hereklede, og har du i sÃ¥ fall prøvd Ã¥ nekta ho det? Berre lurar litt, sidan mange jenter ikkje er heilt med pÃ¥ at same reglar gjeld for dei som for gutar… 😉

  4. Odin / Velmont June 28th, 2007 11:32

    Ho hev fengje ein del klede av meg av di ho elskar Ã¥ gÃ¥ med det. Hehe 🙂

    Grunnen til at eg vil kjenna meg ukomfortabel er vel av di eg hev indre griller i hovudet som seier at det ikkje er sosialt akseptert, at det gjeng mot normene i samfunnet. Me vil jo helst verta aksepterte, so me retter oss etter det mynsteret folki rundt oss (samfunnet) hev sett som norm.

    Eller noko slikt :] Forresten er tankestrekane dine alt for lange, du nyttar em-dash som er engelsk notasjon. Slik – er ein ekte tankestrek 😉

  5. Monica July 1st, 2007 21:32

    Du er no i grunnen ganske open du dÃ¥, og har i prinsippet ikkje noko i mot Ã¥ kle deg i kvinneklede? Hadde det berre ikkje vore for kva som er akseptert og ikkje i samfunnet – eller kjensla av kva som er det. Øydeleggjande for mange den, diverre.

    Når det gjeld tankestreken, så har du sjølvsagt rett i det. Eg testa for lenge sidan, og fann ut at to bindestrekar etter kvarandre vart gjort om til ndash, og tre til mdash. Seinare har eg brukt det utan å tenkja noko vidare på at det såg litt langt ut. Er det noko som har endra seg i WordPress, kanskje?

  6. Odin / Velmont July 2nd, 2007 13:14

    Ja, eg er open eg 😉 Hehe. Eg hev faktisk gjenge offentleg med kjole, men berre ein gong som eg hugsar.

    Det hev nok endra seg i WordPress no, du skreiv rett denne gongen. Eg nytta òg WordPress sin funksjon fyrr eg forstod det var litt teit og la til tankestrek pÃ¥ tastaturet heller 😉

  7. Odin / Velmont July 2nd, 2007 13:16

    Irriterande med dei gule andleta som gjer innspelet mitt vanskeleg å lesa. Må passa på å ikkje bruka dei for mykje når di vert gjort til bilete.

  8. Monica July 4th, 2007 12:36

    Leggja til tankestrek pÃ¥ tastaturet ja, det høyrest ikkje sÃ¥ dumt ut. MÃ¥ sjekka ut korleis eg skal gjera det der. Men elles sÃ¥ brukte eg – manuelt no for Ã¥ fÃ¥ det korrekt. Ikkje fullt sÃ¥ effektivt, men eg likar Ã¥ ha det rett.