Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Eh… Javel, ja.

Eg veit ikkje heilt kva det er med slike store, vide kjolar eg, men det er ein del som har sansen for dei. Dette gjeld damer av begge kjønn. Som ein representant for denne interessa ser me Jordan nedanfor her, iført ein strålande vakker brudekjole. Ektemannen Peter Andre (til venstre) held ein avstand på eit par armlengder, noko som tyder på at slike vide kjolar ikkje kan vera så særleg praktiske om intimitet og nærleik er å ønska.

Men, no er det ikkje berre kjolen som er av interesse her, dÃ¥ hadde det vore nok med eit enkelt bilete i staden for ei flash-fil. Vitjande som har auge for litt meir enn berre kjolen — eller Jordan — har kan hende lagt merke til ein trekant nede i venstre hjørna. Det er ein knapp som startar speling av bakgrunnsmusikk, sunge av ekteparet sjølv. Eg veit det ikkje er siste nytt dette her, men enkelte ting blir jo betre nÃ¥r dei vert lagra.

[flash /filer/Jordan_og_Peter_Andre.swf w=400 h=360 ]

Muleg enkelte vil seia at dette mÃ¥ lagrast enno litt lengre, men…

Lat meg gjera merksam på at dette ikkje er meint å ta rolla som musikkvideoen denne helga. Den kjem seinare.

1 comment

1 Comment so far

  1. Hamskifte June 17th, 2007 16:01

    […] trengst det ein kur for sÃ¥re øyre etter førre innlegg? Var det sÃ¥ grusomt at de trygla dei i nærleiken, «Drep […]