Transedans

Eg ser ikkje så overvettes mykje på TV, men “Skal vi danse?” er eitt av programma eg vil ha med meg. Både fordi eg synest det kort og godt er gøy å sjå på, ein del fin dans og ein del fine damer inkludert, men òg fordi det er litt spennande å følgja med på Esben Esther. Eg vil tru det ikkje er så veldig overraskande.

Ein del av denne spenninga har si årsak i at eg er spent på korleis både dommarar og publikum reagerer ut over etter kvart som programmet går. Etter dei to første programma, så har me i alle fall fått sjå at dommarane har litt problem med at eitt av para ikkje er eit reint dame/mann-par. Problem på den måten at dei kan bli litt forvirra, i det minste, og ikkje heilt greier å tilpassa reglane for dans til situasjonen. I følgje dei burde nok Esben Esther ha kutta ut ein del av seg sjølv, og dansa enten som mann, eller som dame med mannleg partner. Litt enklare for publikum då, som slepp ta omsyn til reglar for tokjønna dans, men kan la Esben Esther få dansa som seg sjølv og ikkje ta på seg ei bestemt rolle.

Stemmegivinga til publikum viser jo òg at dei ikkje har problem med det transkjønna i dansen, så Esben Esther får me sjå igjen neste gong òg, og enno ein sjanse til å bli van med det uvanlege. Og apropos det: Hyggeleg å sjå Dorthe Skappel i “God kveld, Norge” etterpå bruka det personlege pronomet “hin” om Esben Esther. Det er å ta transar på alvor, å setja seg inn i korleis ein kan og bør omtala dei. (Så sant andre preferansar ikkje er kjende.)

Lindex – litt meir kvinneleg

Eg er sanneleg ikkje sikker på den eksakte ordleggjinga, men Lindex har jo lenge reklamert med at dei er litt meir kvinneleg. Utan at dei nemner kven eller kva dei samanliknar seg med, men nett no har eg lyst til å tolka dette som at ein person iført varer frå Lindex er meir kvinneleg enn når vedkomande ikkje er iført desse varene. Grunnen er nemleg eit besøk eg nyleg gjorde i ein Lindex-butikk…

Ikkje overraskande var det jo ein del fint og feminint tøy der, men eg var ikkje ute etter noko slikt denne gongen. Søte sokkar, spennande strømper, fint undertøy – men det er jo likevel ikkje noko som skiller seg så særleg ut frå andre klesbutikkar. Likevel, det var i undertøysavdelinga eg såg noko som nok kunne skilta med å gjera meg litt meir kvinneleg.

To ting som i relativt sterk grad seier “kvinne” er hoftene og puppene. Blant dei som har noko å skilta med av det sistnemnde finst det push-up BH-ar, mens dei som har mindre treng litt ekstra hjelp. Og at det finst ulikt å fylle ut litt ekstra i ein BH med, det er heller ikkje noko stor løyndom. Det er alt i frå formpressa skumgummi til silikonputer som aukar cup-storleiken. Og dette fann eg jo der, no som tidlegare. Men eg fann òg noko eg kun har sett på nettet før, på stadar som rettar seg mot transar. Eg fann falske brystvorter.

Vel, kvifor ikkje? Det kan vel vera pirrande for nokon ein kvar å ha konturen av eit par framtredande brystvorter under toppen, like mykje som litt større pupper…

Likevel, slagordet “litt meir kvinneleg” får etter kvart ei litt anna tyding for meg no, når Lindex så smått byrjar å gå transebutikkar etter i næringa. 😉

Tango for tre?

Espen Esther og Ingrid BeateDet er tid for nye sesongar av kjente, elska og hata show på TV, som t.d. “Idol”, “Jakten på kjærligheten”, “Senkveld”, “Golden goal” og så klart “Skal vi danse” – og det er sistnemnde som har ein liten ekstra vri denne tredje sesongen. Med som deltakar er rikstransen Esben Esther, så ville dansepartneren vera mann eller kvinne?

Ingrid Beate Thompson må nok seiast å vera kvinne, men så spørst det jo korleis Esben Esther vil opptre då. I det paret kan dei jo for så vidt velja mellom to kvinner og ein mann… Det er nok ikkje så heilt galt å gå ut i frå at dei nok vil prøva å variere litt på det feltet, om dei får sjansen, men litt spennande blir det å sjå korleis dei har tenkt å løyse koreografien. Om det er Esther som skal dansa, blir dei då to damer på golvet, eller vil Ingrid Beate vera “mannen” i dansen? Og sidan det har vore ein sterk tendens til at damene har blitt løfta opp frå golvet og svingt litt rundt, så kan det òg bli interessant å sjå. Klart, det er jo alltid råd å gå for litt komikk, eller i alle fall utradisjonelt, og la dama løfta mannen?

Eg for min del er òg spent på korleis dei vil gjera det poengmessig, både hjå dommarane og ikkje minst innringarane; ikkje alle har like stor sans for Esben Esther, men andre igjen kan jo ha ekstra stor sans? Underteikna har i alle fall lyst til å sjå det paret i meir enn to episodar. Kor mange episodar kjem jo likevel an på kor gode dei er – eg vil jo uansett at det beste paret skal vinna. Uansett, konkurrenten Mona Grudt trur i alle fall at han kan vinna på sjarmen, i følge Stavanger Aftenblad (papirutgåva) for det har han i alle fall, seier ho. Ho vart spurt om kven ho trur blir den tøffaste motstandaren.

Og apropos sjarme – det gledar meg å sjå at Kristian Ødegaard blir Guri Solbers sin makker denne sesongen. Han gjer seg nok godt som programleiar her òg, tenkjer eg. 🙂

Den store konspirasjonen

Kinesarane er på frammarsj, økonomisk og elles. Dei vil verkeleg ta over herredømet over alt, og dei gjer det på ein subtil måte – eller ville det, om ikkje russarane hadde vore så årvakne som dei er.

Planen var nemleg å verkeleg forvirre den oppveksande generasjonen, gjera dei usikre på om dei var normale eller ikkje, ved å utstyre dokkene for den russiske marknaden med kjønnsorgan. Feil type kjønnsorgan. Tenk på den panikken borna ville få ved å oppdaga at dei sjølve ikkje var skapt slik dokkene viser dei skulle vera. Ein generasjon forknytte menneske som skamfullt ikkje tør visa seg nakne for andre.

Dette er skræmande utsikter. Til alt hell vart dette oppdaga, og ei regional russisk avis trykte ei åtvaring om dei ondskapsfulle planane, og eit bilete som prov for planane. Til alt hell plukka englishrussia.com opp dette og informerte vidare. Sjølv fekk eg greia på det gjennom boingboing og Børge (Takk), og eg hadde jo ikkje noko anna valg enn å bringa åtvaringa vidare, slik at de godtfolk, kan passa godt på.

Til alt hell er det fotografiske materiellet òg tilgjengeleg for oss, så no skal me sjå her.

Først eit innscanna bilete av den årvakne regionale avisa :

1.jpg

Og enno tydlegare i neste bilete:

2.jpg

Pfft! Tullete russarar – dei dokkene ser då ut akkurat som dei skal?

Alt det forfattarar må læra

På skriveverkstad
Forelesar: Du har verkeleg ei utmerka framstilling av det mannlege perspektivet. Dei fleste kvinner finn det svært vanskeleg.

Eg: Wow! Det er det beste komplimentet ein skrivande transvestitt nokon gong kunne høyra.¹

Forfattarar har i grunnen ofte mykje dei må læra og setja seg inn i før dei kan skriva dei historiane dei vil. Det kan vera historiske hendingar og forhold, klesdrakter, geografi, men òg heilt daglegdagse ting på felt dei ikkje har kjennskap til sjølve. Det vera seg arbeidsoppgåvene til ein bibliotekar eller å leggja makeup. Det er gjerne dei små detaljane som gjer historien overtydande og realistisk.

For å få tak i opplysningane ein treng, tyr ein gjerne til oppslagsverk av ulike slag, det vera seg på papirform eller på nettet. Veldig greitt for mange ting, men – kva når ein ikkje finn noko av det ein treng? Det er jo ikkje alt som er like interessant å publisere heller, sjølv om det er vanleg. I alle fall i bøker og andre oppslagsverk. Då er det godt å ha nokre å spørja.

Nettet er godt å ha då, der det er fleire fellesskap der ein hjelper kvarandre ut. Eitt slikt fellesskap der ein passar på at ein får detaljane rett, er passande nok kalla Detail Oriented – For Great Justice.

Grunnen til at eg tenkjer på dette no, er eit tema som har dukka opp eit par gongar tidlegare i sommar. (Er berre eg som er så treg til å blogga om det.) Temaet er transing, og så var det ein som lurte på kva effekt det ville ha for ein mann som vart opphissa – med tanke på ereksjon – om stellet hans var pakka (tucked, som dei seier på framandlandsk.) Ikkje så uvanleg teknikk for dei som vil unngå å få ein kul der damer ikkje har ein kul.

Ikkje alle er like oppglødd over slikt, men fleire var interesserte og ville veta meir enn berre effekten på ereksjonen slik pakking har – dei ville gjerne veta om pakkinga sjølv. Nytting informasjon for enkelte. Og svar fekk dei alle. Både om den etterspurte effekten (menn får ikkje ereksjon når stellet er pakka) og framgangsmåten for pakking, vist fotografisk for dei som måtte ha interesse av det. Ikkje alle har lyst å sjå slikt, men forfattarar som må setja seg inn i ting for å få detaljane rett…

Vel – alt det forfattarar må setja seg inn i, altså. 😉

Andre spørsmålet innanfor temaet kom litt seinare, og var langt meir uskuldig. Vedkommande lurte berre på om det kunne finnast ein jobb eller noko, der ein gutt måtte kle seg som jente som del av det. Ikkje fullt så lett å finna svar på det kanskje, men nokre forslag kom.

¹ No må eg vera ærleg nok og innrømma at det ikkje er eg som hadde denne konversasjonen. Eg syntest berre det passa bra som ei innleiing…

Kit Kat Dolls — Don’t Cha

I programserien Britains Got Talent opptro denne gruppa på ni. Dei kom visst ganske langt òg, etter det eg forstår, før dei vart kasta ut av programmet og mista sjansen til å opptre på Royal Variety Performance. Det spesielle med denne gruppa er… Vel, eg treng vel ikkje seia det, tenkjer eg. Litt artig når dei presenterer seg. 😉

Fordelar med å ha ein transvestitt som ektemann

I lang tid har det versert ulike lister på nettet over dei mange fordelane som følgjer med det å ha ein transvestitt som ektemann. Sjølv om det nok heilt sikkert ligg litt alvor og sterke ynskje bak fleire av punkta i desse listene, så er det for det meste meint som eit humoristisk innslag i kvardagen. Og det trengst jo, til tider.

Eg kunne sjølvsagt berre kopiert ei slik liste inn her, men eg brukte heller litt tid på å oversetja ei av dei til norsk, eg. Vonar de kan ha litt glede av det. 🙂

  • De kan ha dykkar eige private “slumber parties”
  • Om han brukar skjørt, så er det enkel tilgang.
  • Du kan ha ei venninne så vel som ein kjæreste som ikkje har noko i mot å venta når du brukar tid på shoppinga.
  • Han er alltid misunneleg på deg, fordi han ville heller ha på seg det du har på deg.
  • Du kan doble garderoben om han brukar same storleik som deg.
  • Du treng aldri bekymra deg for om han er utru med ei anna kvinne. Han er den andre kvinna!
  • Du har alltid ei venninne du kan shoppa og ha lunsj med.
  • Han vil aldri protestere på å vera klesmodell og ha på seg kjole når du treng legga han opp.
  • Når de shoppar, kan du testa ein ny nyanse av neglelakken og han klagar ikkje eller spør om å få sjå ein matchande leppestift.
  • Han vil sjeldan ha det stikkande ettermiddagsskjegget.
  • Han vil aldri spørja deg om å ha ein trekant med ei anna kvinne så lenge han kan bruka dameundertøyet.
  • Han vil vera sympatisk og forstå det med overflødig kroppshår.
  • Han vil ikkje riva i stykker undertøyet når han tek det av deg.
  • Han har ikkje noko i mot å venta på deg og venninnene dine, og han gløymer ikkje å neia.
  • Om du treng ein underkjole til den nye kjolen din så har han nett den du treng, og let deg låna han.
  • Du treng ikkje bruka høge hælar på ein lang handlerunde.
  • Ein mann i kjole er ein god kokk.
  • Han elskar å lukta parfyme og vil gje deg si ærlege meining.
  • Du kan testa ein ny nyanse av leppestift på han.
  • Om du kjøper noko til heimen, så vil det aldri vera for feminint.
  • Endeleg vil toalettringen vera nede.
  • Han er mykje enklare å kjøpa gåver til.
  • Han kjenner den rette måten å elska på, tek seg god tid og veit kva som tenner deg!
  • Han vil forstå mykje betre at det beste ei jente kan få når ho føler seg nedfor, er nye klede.
  • Om han kjøper klede til deg, så veit du han kjøper rett storleik.
  • Du kan ta han med deg til frisøren, og han vil sitja roleg attmed deg mens de begge får stelt håret, og han vil aldri klaga. Tvert om vil han takka deg.
  • Den einaste gongen han vil bry seg om du brukar hårrullar til sengs er om han må bruka dei “oversize”
  • Han forstår kvifor du ikkje har lyst å tilbringa 8 timar for dagen i strømpebukse og høge hælar.
  • Han klagar aldri på at det delikate undertøyet ligg framme til tørk.
  • Du har ein jentekjæreste som ikkje får PMS.
  • Han vil ikkje berre shoppa med deg, men vil betala rekninga òg!
  • Han veit korleis han skal handsama det delikate undertøyet når han tek tøyvasken.
  • Sateng og fløyel er meir kosete enn denim og ull.
  • Han skjønar trongen for kvalitetskosmetikk.
  • Du har fleire unnskuldingar for å shoppa, og han vil til og med bæra posane.
  • Du kan låna smykkene, kleda og sminken hans.
  • Han forstår kvifor forbruket ditt av strømper er høgt.
  • Han reknar ikkje med at du blir klar på 15 minutt eller mindre når de skal ut.
  • Du kan spørja han korleis antrekk ser ut og få eit intelligent svar.
  • Dei nye venene hans brukar ikkje heile dagen på å sjå fotball.
  • Han veit å gå sakte når du har på deg høge hælar.
  • Når han seier “Kjære, du ser vakker ut” så veit du han verkeleg meinar det.
  • Han legg merke til om sminken treng fiksast på betre enn nokon annan mann.
  • Han er som å ha ein privat kosmetolog.
  • Han elskar å shoppa med deg og sjå deg prøva på klede.
  • Han veit korleis han skal handsama ei dame forsiktig og med respekt.
  • Han elskar å kle seg opp og ha lange skravlestunder.
  • De kan ha ein trekant utan ein ekstra partner.
  • Om du er litt bi-nyfiken så kan du eksperimentere litt.
  • Du veit ein av dykk vil ha med seg papirlommetørkle når de treng det.
  • Kle han opp i ei “French Maid”-uniform og du har ei hushjelp den dagen.

Tja   det er då ein del stereotypt der, er det ikkje? Eg er ikkje alltid heilt einig i desse påstandane, så enkelte av dei har mine kommentarar knytta til seg som title-element. Dei vil vanlegvis synast når musa vert halden over dei enkelte påstandane. I alle fall i ein moderne nettlesar som t.d. Opera.

The Who — I’m A Boy

Nokre som kjenner til The Who? Dei har hatt sitt å seia (eller syngja) om kjønn og det dei òg, i songen “I’m a Boy”. Eg har høyrt ein del på albumet med denne melodien, men på YouTube kan me jo finna litt av kvart. Denne gong, ein litt annan versjon enn den vanlege, frå fransk fjernsyn 31. desember 1968 i programmet “Surprise Partie”

Om de vil samanlikna, så sleng eg med den vanlege versjonen òg, med anime-video til (og litt “introduksjon”)