Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Den store konspirasjonen

Kinesarane er pÃ¥ frammarsj, økonomisk og elles. Dei vil verkeleg ta over herredømet over alt, og dei gjer det pÃ¥ ein subtil mÃ¥te – eller ville det, om ikkje russarane hadde vore sÃ¥ Ã¥rvakne som dei er.

Planen var nemleg å verkeleg forvirre den oppveksande generasjonen, gjera dei usikre på om dei var normale eller ikkje, ved å utstyre dokkene for den russiske marknaden med kjønnsorgan. Feil type kjønnsorgan. Tenk på den panikken borna ville få ved å oppdaga at dei sjølve ikkje var skapt slik dokkene viser dei skulle vera. Ein generasjon forknytte menneske som skamfullt ikkje tør visa seg nakne for andre.

Dette er skræmande utsikter. Til alt hell vart dette oppdaga, og ei regional russisk avis trykte ei åtvaring om dei ondskapsfulle planane, og eit bilete som prov for planane. Til alt hell plukka englishrussia.com opp dette og informerte vidare. Sjølv fekk eg greia på det gjennom boingboing og Børge (Takk), og eg hadde jo ikkje noko anna valg enn å bringa åtvaringa vidare, slik at de godtfolk, kan passa godt på.

Til alt hell er det fotografiske materiellet òg tilgjengeleg for oss, så no skal me sjå her.

Først eit innscanna bilete av den årvakne regionale avisa :

1.jpg

Og enno tydlegare i neste bilete:

2.jpg

Pfft! Tullete russarar Рdei dokkene ser d̴ ut akkurat som dei skal?

Comments are off for this post

Comments are closed.