Ein liten limerick

Så er ferien over, og eg får sjå om eg ikkje greier å få sving på blogginga igjen. Og sidan eg nett har hatt ein liten samtale der eitt tema var Limerick, så kan eg jo ta ein her, medan eg hugsar det. Tematisk sett burde det passa bra her…

Ei kjempefin jente frå Røa
sa noko eg trudd’eg sku’ dø’a:
“Trur du at lengda på din
er større enn lengda på min?
Me samanliknar no her bak løa!”

Og med det er vel tonen sett 😉

Om de har nokre limerickar eg ikkje bør gå glipp av, så kom med dei.

Kjønnskorrigering for born?

For ei stund sidan hadde eg eit innlegg om ein dokumentar om transseksuelle born, og korleis dei og foreldrene takla situasjonen. Den gongen var det snakk om å la borna få leve som det kjønnet dei identifiserte seg som, fram til dei var gamle nok til å få operasjonen, dvs 18 år eller så.

Det er kanskje trygt å venta så lenge før ein så drastisk operasjon, men det oppstår eit problem for desse borna ved puberteten. Dei utviklar karakteristikkar for det kjønnet dei hatar å vera. Men – kva kan ein gjera med det? Eg veit Esben Esther Pirelli Benestad har snakka om å bruka legemiddel for å utsetja puberteten, men nyleg kom eg over noko enno meir drastisk. Det vart brukt ord som kjønnsskifte når ein er sju år. Kjeldene for dette skulle vera CNN og NPR.

Og sant nok, i ein video frå CNN vert det snakka om medisinsk behandling av små born. NPR har ein artikkelserie om det same, om korleis to familiar møter situasjonen, og kva legar seier om slik behandling. No er det rett nok ikkje snakk om kjønnsskifte, eller kjønnskorrigering som er det foretrukne ordet, men pubertetsutsetjande behandling. Men i så fall, kvifor er det då snakk om sjuåringar? Det er ei stund til puberteten set inn…

I innslaget på CNN er det òg nemnd bruk av hormon for å endra på kroppen til born, for å få dei meir feminine eller maskuline, alt etter kva dei identifiserer seg som. Men, alder er ikkje nemnd i det heile i innlegget (det eg oppfatta, i alle fall) anna enn at det er unge born det er snakk om. Og, er dei i puberteten, så er dei unge.

Det omstridte opplegget med behandling av unge born baserer seg heller ikkje på ein spesifikk alder, men at dei er så unge som dei er. Enno ikkje myndige, og så byrja fikla med hormon av ulike slag for å påverka kroppen? Det er jo snakk om drastiske og alvorlege ting her, og kva om borna ikkje er sikre, og ville angra på ei slik behandling? Er det ikkje betre å vera på sikre sida, og venta?

Det er vanskelege problem å ta stilling til, ingen lette løysingar er mogelege. Kva tid er me klar over kva kjønn me er? Eller kva kjønn me meiner me skulle vera? Som me ser i dokumentaren “Mitt hemmelege sjølv” så er borna svært unge der. Og for å dra problemstillinga litt nærare oss sjølve, uansett kven me er og kva me identifiserer oss som: Kor gamle var me då me vart klar over ulikskapen mellom gutar og jenter, og kor gamle var me då me fann ut kva kjønn me sjølve identifiserte oss med? For flesteparten av oss stemmer denne overeins med kroppen, så det har ikkje vore noko problem, men sjølve prosessen med å finna ut kven me er er jo felles. Så, kor gamle var me då me visste kva me identifiserte oss som, og var me sikre?

PS. Nokre er negative til NPR-artikkelen. På grunn av bruken av pronomen. Men artikkelforfattaren er òg svært negativ til dr Kenneth Zucker, kanskje med god grunn? Behandlinga hans minnar mykje om dr. John Money, og behandlinga av bl.a. David Reimer.

Den alvorlege sida av Satinelle-videoen.

Enkelte grupperingar er lette å gleda. Det skal liksom ingenting til før det er mange som går i spinn av glede, til dømes av ein liten reklamesnutt. Ta no desse transane, til dømes. Her er dei vane med at om kvinner vert omtala som at dei liknar på ein transe, så er det ikkje positivt meint. Dersom temaet er bukt i reklame eller andre stadar, så er det helst for å ha noko å le av. Det treng ikkje vera vondt meint, og det er ofte moro, men likevel – du får ikkje noko reellt syn.

Så dukkar det opp ein reklame som tek transar på alvor, og enkelte blir rørt til tårer over kor vakkert det er. Slikt kan få meg til å tenkja etter litt, på korleis situasjonen faktisk er. Eg skulle ønskja at gode artiklar i aviser og blad kunne hjelpa, at TV-program kunne visa litt korleis det er å vera transeperson. Spreia litt opplysning og informasjon. Det er ikkje så mange slike artiklar og program, men dei finst, og eg har fått med meg ein del av dei. Men likevel, det er kanskje slik at folk flest ikkje kan så mykje om transepersonar, ut over at dei eksisterer. Og dermed noko ukjent, kanskje farleg? Noko ein bør halda seg unna, eller kanskje le av, for å “forsvara” seg og kjenna seg trygge?

Så kanskje burde eg ikkje berre kome med ein kort, flåsete kommentar til den reklamefilmen, men heller kommentert han frå ein heilt annan vinkel. No gjorde eg ikkje det. Til gjengjeld vart folka bak Boinkology fascinert, forvirra og nyfikne på filmen og over reaksjonane på denne, og bestemte seg for å finna ut meir om denne personen i filmen. Dei fann ut at vedkommande var Karis, dansaren i musikkvideoen “Filthy/Gorgeous” med Scissor Sisters, og fekk eit intervju med han.

Det var hyggeleg å få sjansen til å visa eit positivt bilete av det å vera ein transeperson, seier Karis, og vera med i ein nyskapande reklamefilm. For det er ikkje berre eit par enkle valg ein har i livet, når det gjeld kven ein er:

“The one really great thing about this ad – well, there are a lot of great things – but for me, now I can speak about how there are just so many more avenues than just tranny or gay boy. It’s nice to be able to educate people that there are more avenues.”

Å ta på seg ei utfordring og læra vekk, det er verkeleg bra. Og det er verd strevet:

“I love doing things that challenge and educate. I’ve gotten so many emails from trannies saying that they never thought they’d see something like this in their lifetime – and that alone is worth all the trouble.”

Les heile intervjuet med Karis.

Kate Nash

Kate Nash er ei jente som enkelte kanskje har høyrt om. Ho spelar musikk. Har gitt ut CD òg, Made Of Bricks, og jo meir eg høyrer på ho, jo meir får eg sansen for ho. Rett nok har eg ikkje høyrt så mykje av ho når eg skriv dette, men men.

Eg for min del høyrde om Kate Nash først i går, og det var ikkje på grunn av musikken. Det var på grunn av andre ting ho likar. Ho har nemleg lyst til å skriva bøker for born, med Roald Dahl som førebilete, i følgje ein artikkel i Daily Record. Ho held på med ein historie no for tida. Han er for born, men temaet er kanskje ikkje heilt vanleg for ei barnebok. Kankskje ikkje så vanleg uansett målgruppe, for den del. Det er om ein 12 år gammal gut som møter ein 2.10 m høg transvestitt, Roy. Roy inviterer gutten med seg til ein stad kalla Terommet, der det er ei hemmeleg foreining. Konseptet der er at du blir det du måtte drøyma om.

Sånn grovt oppsummert. Kunne vore interessant å lesa den historien, når han vert ferdig. 😉

I mellomtida, her er ein frisk melodi med ho, Merry Happy.

Transedans

Eg ser ikkje så overvettes mykje på TV, men “Skal vi danse?” er eitt av programma eg vil ha med meg. Både fordi eg synest det kort og godt er gøy å sjå på, ein del fin dans og ein del fine damer inkludert, men òg fordi det er litt spennande å følgja med på Esben Esther. Eg vil tru det ikkje er så veldig overraskande.

Ein del av denne spenninga har si årsak i at eg er spent på korleis både dommarar og publikum reagerer ut over etter kvart som programmet går. Etter dei to første programma, så har me i alle fall fått sjå at dommarane har litt problem med at eitt av para ikkje er eit reint dame/mann-par. Problem på den måten at dei kan bli litt forvirra, i det minste, og ikkje heilt greier å tilpassa reglane for dans til situasjonen. I følgje dei burde nok Esben Esther ha kutta ut ein del av seg sjølv, og dansa enten som mann, eller som dame med mannleg partner. Litt enklare for publikum då, som slepp ta omsyn til reglar for tokjønna dans, men kan la Esben Esther få dansa som seg sjølv og ikkje ta på seg ei bestemt rolle.

Stemmegivinga til publikum viser jo òg at dei ikkje har problem med det transkjønna i dansen, så Esben Esther får me sjå igjen neste gong òg, og enno ein sjanse til å bli van med det uvanlege. Og apropos det: Hyggeleg å sjå Dorthe Skappel i “God kveld, Norge” etterpå bruka det personlege pronomet “hin” om Esben Esther. Det er å ta transar på alvor, å setja seg inn i korleis ein kan og bør omtala dei. (Så sant andre preferansar ikkje er kjende.)