Shopping spree

I samband med diktet “I am” i førre post, så tenkte eg eg skulle fortelja litt om kor gøy det har vore å bruka ein del av mine surt oppsparte pengar dei siste månadane. For det har det faktisk vore – ikkje fordi eg ikkje greier å halda på pengar, men fordi eg har fått så mykje att for dei.

Det er nemleg ein butikk her i byen som har eit slags avslutningssalg. Dei byrja i sommar med det, og skal halda fram til jul. Eller, i alle fall til jul, var det siste eg høyrde. Dette er jo eigentleg ganske lenge for eit salg – godbitane pleier jo å forsvinna raskt, og så sit ein igjen med massevis av ukurante storleikar, som XS og S… Det er ikkje akkurat slik her – her kjem det nye klede inn heile tida, og så vert dei lagt ut for salg meir eller mindre med ein gong. Då er det gøy!

Det kan sikkert nemnast ein del om kor stor avanse ein vanlegvis tek på kleda for at slikt skal gå an å gjera i så lang tid, men for min del er det mest interessante no at det er mulig å få tak i fleire komplette antrekk for nokre få hundrelappar. Og det har eg fått – mange flotte antrekk, og full valuta for pengane. Men så er eg innom ein gong eller meir i veka òg då, og ser om det er nye prisar eller nye plagg som freistar. Av og til er det det, andre gongar ikkje.

Så klart, sjølv om det er billig, så kan eg ikkje kjøpa alt eg kunne tenka meg heller. Diverre. Men likevel har det blitt ein god del på meg der — og meir vil det nok bli. Det er ei stund til jul 😉

Kvifor brukar kvinner bukser?

Jente i jeansTradisjonelt sett så har kvinner brukt skjørt og kjolar, med enkelte situasjonsbestemte unntak i meir moderne tid. Enkelte kvinner tok etter kvart risikoen med å gå i bukser til vanleg òg, sjølv om dei vart sett stygt etter på grunn av det. Først mot slutten av 60-talet (etter det eg har lest) vart det vanleg – og godteke – å sjå kvinner i bukser. No for tida er det nesten omvendt: Du ser som oftast damene i bukser, sjeldnare i skjørt. Kvifor er det slik, at dei bytta ut eit behageleg plagg som skjørt med bukser?

Mykje kan nok seiast om akkurat det, og mykje har blitt sagt, men dei to viktigaste grunnane er nok enkle:

  1. Dei kan
  2. Dei har lyst

Trengst det meir forklaring enn det? Og trengst det betre grunnar? For nokre tiår sidan var det sikkert råd å høyra fleire mishagsytringar mot at kvinner skulle ikle seg eit slikt herreplagg, men i dag er det ingen som løftar eit augebryn. Faktisk treng det ikkje alltid vera naudsynt med plagg sydd med snitt tilpassa den kvinnelege figuren heller: Det er heilt i orden at kvinner kjøper klede til seg sjølve i herreavdelingen.

Dette er noko som bringer meg over til neste tema: Bukser er kanskje meir behagelege for kvinner enn menn¹, så kvifor er det så få menn som brukar skjørt? Me høyrer jo sjølvsagt innvendingar, men har desse noko betre fundament enn dei innvendingane me vil le av i dag om dei hadde blitt brukt om kvinner i bukser? Eller er det berre tåpelege fordommar?

Ei innvending som ikkje er så uvanleg er at skjørt er feminint, eller at menn ikkje vil kle seg som kvinner. (Eller at kvinner ikkje vil at menn skal ha på seg skjørt av same grunnar.) Dette held ikkje vatn. Kvinner i bukser skulle i følgje same tankegang vore maskuline/kle seg som menn, men det er jo langt frå sanninga. Det finst tvert om mange feminine bukser, og kvinner i bukser er like tiltrekkande og feminine som sine søstre i skjørt. Og tilsvarande for menn – det finst maskuline skjørt, der kilt nok er det mest kjende her, og menn i t.d. kilt er ikkje utan vidare særleg feminine…

Andre spekulerer i om denne motviljen skuldast at menn er lite trygge på sin eigen seksualitet, eller om kvinner føler seg “trua” på sitt område. Eg veit ikkje eg, men det er i alle fall fleire menn som går og vil gå i skjørt og elles vera frie til å gjera det dei vil. Motemessig. Og det er fleire som vil ha fleire menn i skjørt no.

¹ Kvifor skulle bukser vera meir behagelege for kvinner enn menn? Fordi menn har meir mellom beina enn kvinner. Av og til har denne ekstrapakken litt dårleg plass…

“Har du sånn?”

Det var nevøen min på fire som spurde. Eg satt i sofaen og kikka i eit Se og Hør då han kom og sette seg attmed meg. Då han kikka i bladet kva det var eg satt og leste på, stirra Johnny Depp som piraten Jack Sparrow på han frå sida; fint sminka og med ein stor øyredobb dinglande frå øyreflippen. “Har du sånn?” sa fireåringen og peika på øyredobben, noko eg måtte seia at nei, slik hadde eg ikkje.

Eg bladde meg vidare fram i bladet med nevøen min ivrig kikkande i lag med meg. Han gjentok spørsmålet sitt på den sida òg, og peika på ei dame, eller heller kjolen hennar. Ein litt spesiell kreasjon, og eg måtte igjen innrømma at ein slik hadde eg ikkje. men han gav ikkje opp, peika på neste bilete og gjentok spørsmålet sitt. “Har du sånn?” for ei fin veske og ein ny fin kjole. Men nei, eg hadde ikkje nett slik. Eg hadde noko som likna litt, men ikkje nett slik. Det syntest han eg burde ha — diverre var det ikkje han som kjøpte bursdagspresang til meg litt seinare. 😉

No er det ikkje så rart at han spurte meg om slikt; han har ofte sett meg i dameklede, og vore fascinert over dei lakkerte neglene mine. Tidlegare budde han og foreldrene ikkje så langt i frå meg, og dei var jo på besøk hjå “onkeline” no og då (og omvendt.) At eg skulle ha dameklede, det er jo då heilt normalt det.

Elles har eg faktisk fått kjøpt meg ein kjole no som slett ikkje er så ulik ein av dei han ville eg skulle ha. 😉