{16. March, 2008}   NÃ¥r møkki pÃ¥ marki eg spreier

Olkabilamo - omslaget til singelen av SalhuskvintettenEi soge om ein mÃ¥lstrid. Men, sjølv om mÃ¥lstrid kan vera aldri sÃ¥ spanande, sÃ¥ vil eg innleiia med noko heilt anna, nemleg ei vitjing pÃ¥ Clas Ohlson. Dei har nemleg hatt eit tilbod gÃ¥ande ei stund no, pÃ¥ ein litt moderne platespelar. Ein som kan spela gode, gamle LP-plater i vinyl. Kan spela CD òg, og har radio, men det som var interessant med dette anlegget er at det kan ta opp til minnekort eller USB minnepinne – konvertere til MP3 frÃ¥ CD eller vinyl.

Det er det siste som var av interesse for meg, det Ã¥ kunne ta opp frÃ¥ vinyl utan Ã¥ fikla med leidningar og styr frÃ¥ anlegg til PC, slik som eg mÃ¥tte gjera med det gamle anlegget mitt. At drivreima til den platespelaren mÃ¥ skiftast for Ã¥ greia Ã¥ snurra platetallerkenen rundt har nok òg hatt litt Ã¥ seia… Denne moderne platespelaren har dei hatt pÃ¥ Clas Ohlson ei stund no, men det som har halde meg tilbake frÃ¥ Ã¥ kjøpa er at eg ante jo ingenting om kvaliteten. Inkludert kvaliteten pÃ¥ mp3-filene som ville vera resultatet av opptak – ville dei vera sampla med 128 kbps, eller? No fredag tok eg sjansen, sidan ein minnepinne pÃ¥ 1GB følgjer med pÃ¥ kjøpet ved det noverande tilbodet.

Erfaringar? Lyden frå dei medfølgjande høgttalarane er ikkje noko særleg å skryta over, men eg kopla spelaren til anlegget mitt eg, og lyden vart fin. Opptakskvaliteten? Den kan eg variere, frå 32 til 256 kbps. Alt i alt skal eg ikkje klaga.

SÃ¥ nærmar me oss mÃ¥lstriden her. For Ã¥ testa nemnde opptakskvalitet sÃ¥ mÃ¥tte eg jo ta opp noko. Eg fann fram nokre gamle vinyl 45-singlar, som har tilhøyrd opphavet. (Er vel for sÃ¥ vidt deira enno, men dei bryr seg ikkje.) Noko av det eg tok opp dÃ¥, var eit par singlar av Salhuskvintetten. Songen om Pop Ola (NÃ¥r møkki pÃ¥ marki eg spreier) er ei levande skildring av korleis populærmusikken er fordervande pÃ¥ sprÃ¥ket – men nynorskfolket gir seg jo ikkje sÃ¥ lett… ;)

Singelen har hatt eit opphald litt for nær ein omn ein gong i tida, noko som ikkje akkurat har forbetra lyden i starten, men om de greier å oversjå det: Nyt musikken.

Om de har problem med å spela av musikken, eller vil høyra meir, gi frå dykk lyd i kommentarane.

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:
Talentlaust? ⇐ ⇒ James – Laid


RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    March 2008
    M T W T F S S
    « Feb   Apr »
     12
    3456789
    10111213141516
    17181920212223
    24252627282930
    31  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kor mange kjønn finst det?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen