Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Richard Wagner

Richard WagnerEg skal innrømma at klassisk musikk er ikkje det eg høyrer mest pÃ¥, men eg har likevel ein god del eg set pris pÃ¥. Ein av dei eg raskt fekk sansen for er Richard Wagner — det var liksom skikkeleg trykk i musikken hans. I alle fall samanlikna med mykje av det andre eg har av klassisk musikk.

Om mannen sjølv har eg ikkje visst sÃ¥ mykje. Ikkje at eg har vore særleg interessert i det, sÃ¥ det eg har sett har vore litt sÃ¥nn standardinformasjon me finn om musikk, oppvekst og giftemÃ¥l og sÃ¥nt i diverse leksikon. Men av og til sÃ¥ dukkar det opp informasjon som ikkje er sÃ¥ vanleg Ã¥ lesa, men som dreg ting vekk frÃ¥ det tørre og kjedelege. For Wagner sin del til dømes det at han kun ville ha silke og sateng inntil huda, pÃ¥ grunn av sÃ¥r hud. Eller — var det kun det?

I eit brev til eit firma med moteskaparar i Milano viste han stor kunnskap om detaljane i ein kjole han bestilte, tilsynelatande ei gÃ¥ve til kona Cosina. Det same med klede han bestilte frÃ¥ ei fransk syerske — men kona skreiv aldri noko om Ã¥ ha motteke noko slikt, sjølv om ho elles var veldig ivrig etter Ã¥ skriva dagbok. Tradisjonen med at kleda skal vera «ei gÃ¥ve til dama/kona» er visst lang, den…

Men han skal ha vist seg offentleg i dameklede òg — om enn pÃ¥ ein litt spesiell mÃ¥te? Ein anekdote fortel at han flykta frÃ¥ kreditorar kledd som ei dame… Han skal òg ha hatt pÃ¥ seg ei damejakke ved eit anna tidspunkt.

Eg fÃ¥r eit litt anna syn pÃ¥ mannen nÃ¥r eg les slikt. BÃ¥de han og historie elles blir litt meir interessant — finst det fleire kjente transar i historien, kanskje? 🙂

Comments are off for this post

Comments are closed.