{19. March, 2007}   Akseptabelt!

Dette er ei oppfølgjing til posten «Akseptabelt?» Muleg det kan ha noko for forstÃ¥inga av denne posten om du ser han i samanheng med den førre, og muleg du vil gjera deg ulike tankar alt etter om du les denne først eller sist.


Eg har ein venn som er som gutar flest: Han følgjer stort sett moten, går gjerne ut på by’n, har ingenting i mot ein fest, flørtar med jenter og så vidare. Alt er tilsynelatande heilt fint, men — han er likevel ikkje heilt fri til å gjera som han vil.

Det er ikkje slik at det er «forbode» å bryta lange tradisjonar og gå litt andre vegar enn det som blir venta, men dersom du faktisk gjer det…

Joda, alle i miljøet skal liksom vera så opne og aksepterande. Ikkje noko problem med dei som er sånn og sånn, det er heilt OK det — heilt til det er nokre av deira eigne. Det er då presset kjennest: Det er heilt i orden at andre er slik og gjer det og det, men me er ikkje som dei. Ikkje alltid så særleg uttalt, men haldningar og måten det vert snakka på er talande nok, synest vennen min. Er du ikkje ein av oss, så blir du frosen ut. Uansett snakk om å vera både aksepterande og inkluderande.

Kva er det så vennen mi vil, som er så uaktuelt i miljøet hans? Han seier sjølv, at han kort og godt vil sleppa å måtta vera så «traust og kjedeleg» heile tida. Dvs, han er lei av at han alltid må vera røff når han går ut, uansett kva det er. Kremar for å ta vare på huda er bannlyst. Kleda må vera maskuline nok — og tru det eller ei, men trykk på gensrar er i grenseland! Skjørt? Det skal teoretisk sett vera «lov» — men det stillest store krav til person, situasjon og skjørtet for at slikt skal kunna gå: Skotte, bunadstid, og skjørtet må vera ein skotskrutete kilt. Greit nok, vennen min trivest med å gå i bukser og kleda det vert venta av han, han har ikkje noko i mot kleda. Det han ikkje likar er at han må vera slik heile tida, på grunn av det andre meinar.

Og nei, det er ikkje ei lita, sær sekt det er snakk om her. Ingen religiøse «mørkemenn» som set agendaen. Her er det eit tverrsnitt av ein vanleg norsk by. Og likevel — det er altså slik at folk rynkar på nasa og kort og godt (for)dømmer gutar som vil kle seg, og kanskje te seg, litt annaleis enn det dei sjølve likar. «Er det muleg?» spør vennen mi. Han trudde folk var meir moderne no for tida. Trass alt, skjørt? «Kva er det med skjørt som gjer at gutar og menn ikkje skal kunna bruka det? Det er jo berre eit klesplagg. Men, diverre er det akseptabelt at slike haldningar rår.»

Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    March 2007
    M T W T F S S
    « Feb   Apr »
     1234
    567891011
    12131415161718
    19202122232425
    262728293031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kor mange kjønn finst det?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster