Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for March 2nd, 2007

Rustikkseksuelle kvinner

RustikkDei fleste av oss har nok høyrt om metroseksuelle menn, dvs. menn som gjerne brukar kremar for å ta vare på huda si, kanskje pynta seg litt ekstra, og kan bruka skjørt av ulikt slag utan å vera redd for manndomen sin. Men kva med dei metroseksuelle kvinnene? Dei høyrer me ikkje noko om.

Det er vel ingen logisk grunn til at merkelappen ikkje skal brukast om kvinner som ter seg pÃ¥ same mÃ¥te? Dersom ein vil insistere pÃ¥ at det er kvinnelege verdiar eller kvinnelege sider dei metroseksuelle menna viser, og rettferdiggjer at merkelappen kun skal brukast pÃ¥ menn av den grunn, sÃ¥ følgjer det at kvinner som viser mannlege verdiar eller mannlege sider av seg sjølv mÃ¥ fÃ¥ ein merkelapp. Kanskje “rustikkseksuell” er passande, om det skal vera motsetnadar, at metroen er det kvinnelege og det rustikke er mannleg.

Rustikkseksuelle kvinner — ein fin klang, er det ikkje? Kvinner som kan vera litt røffe, treng ikkje bruka makeup og ekstra pynt, og trer gjerne beina inn i eit par bukser, utan Ã¥ vera redde for at det skulle kunna truga det kvinnelege ved dei. Det skulle vera ein tilsvarande definisjon som av metroseksuelle menn, og typen kvinner finst jo sÃ¥ absolutt. Slike rustikkseksuelle kvinner finn me over alt, og har gjort det lenge — men kor ofte høyrer du om merkelappar sett pÃ¥ dei? Heller sjeldan, vil eg tru.

Vert det i det heile teke sett merkelappar pÃ¥ kvinner, pÃ¥ same mÃ¥te som pÃ¥ menn nÃ¥r dei gÃ¥r litt utanfor den smale stien av konformitet? Det ser ikkje slik ut for min del — alt er visst normalt for kvinner. Kvifor sÃ¥ denne iveren etter Ã¥ klistra opp merkelappar pÃ¥ menn? Er det berre eit verkemiddel til Ã¥ oppnÃ¥ noko anna?

Nei, eg trur nok ikkje det er særleg bevisste tankar rundt dette. Ikkje blant dei aller fleste, i alle fall, men det stoppar ikkje fleire menn frå å oppleva forskjellen på menn og kvinner slik. Fordi det er ikkje berre merkelappar det er snakk om, men òg haldningar som følgjer med.

Og eg lurer altsÃ¥ pÃ¥ kvifor denne forskjellen er der — kvifor høyrer me aldri om t.d. rustikkseksuelle kvinner?

Comments are off for this post