Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for February 17th, 2007

Kjønn og klede

Det er ein ting mange lurar pÃ¥, men som ikkje er sÃ¥ lett Ã¥ gi svar pÃ¥: Kva er det som fÃ¥r ein transe til Ã¥ villa kle seg som dame? Ei transseksuell er lettare Ã¥ forstÃ¥, sidan ho er ei dame, sjølv om kroppen er/var feil — men ein transvestitt er jo mann og har ingen ønske om Ã¥ endra pÃ¥ det. Kvifor er sÃ¥ denne trongen til Ã¥ kle seg som dame der?

Mine eigne tankar om dette er nok ikkje heilt ferdige, og det vil dei kanskje heller aldri bli. Eit forsøk på å visa kor vanskeleg det er å kunna gi eit fullgodt svar skal eg dog gjera, ved å snu på flisa og stilla spørsmålet tilbake: Kvifor føretrekk menn å kle seg i herreklede, og kvifor føretrekk kvinner å kle seg i kvinneklede? Tilsynelatande eit enkelt spørsmål, men eg har eit lite krav til forklaringane: De får ikkje lov å bruka at de er menn/kvinner til å grunngje svara, ei heller snittet til kleda.

Kvifor dette ekstra kravet? Vel — dersom ein transe er ein mann som kler seg som kvinne, sÃ¥ vil grunnen “fordi eg er mann” ikkje seia noko som helst om kvifor ein mann føretrekk herreklede. Det mÃ¥ altsÃ¥ heilt andre forklaingar til, men kva for nokre?

Snittet til kleda er heller ikkje eit argument, slikt er enkelt Ã¥ ordna pÃ¥, og det blir gjort. Du fÃ¥r kjøpt kjolar og skjørt og meir til tilpassa mannlege kroppar, om det er det som skal til. Og bukser, skjorter, dressar osv. til kvinner — vel, er det nokre som tvilar pÃ¥ at det gÃ¥r an?

Då spørst det då: Er det nokre som les dette som kunne tenkja seg å prøva koma med ei forklaring? Eg for min del er nemleg  nyfiken og interessert i svara.

3 comments

Stay-ups eller slide-downs?

Stay upsStrømper kan gjera beina skikkeleg lekre, men det er neimen ikkje heilt problemfritt heller. Meir spesifikt tenkjer eg på stay ups. Som namnet tyder på, er desse strømpene meint å halda seg oppe utan hjelp av strømpehaldar. Korleis er så situasjonen?

Det varierer jo litt då, det skal eg innrømma. Når strømpene er nye og gummirendene rundt toppen er ekstra klebrig, då sit strømpene godt. I alle fall til vanleg. Men strømper er jo ikkje nye heile tida, og evna til å klistra seg fast til låra avtek forbausande fort. Sjølv ikkje reine og nyvaska stømper får tilbake den evna dei kom med som nye. Gjer det noko? Er ikkje elastikken god nok i lag med littegrann av den anti-gli effekten gummien gir?

Ideelt sett burde det vera slik, men ein dag du anar fred og ingen fare legg du kanskje merke til at det er noko som ikkje stramar som det skulle rundt lÃ¥ra — er du verkeleg uheldig legg du ikkje merke til det før du lurar pÃ¥ kvifor folk kastar eit ekstra blikk ned pÃ¥ beina dine. DÃ¥ kan det hende du gÃ¥r rundt med kne/ankelstrømper. 🙁

Kor mange er det som har opplevd slikt? Eg veit eg ikkje er Ã¥leine om det. Mektig irriterande er det i alle fall. Knestrømpene mine derimot held seg stort sett pÃ¥ plass — det skuldest kanskje til dels forma pÃ¥ leggen, men eg skulle gjerne sett at vanlege stay ups hadde lært seg eit triks der likevel. Eg er litt lei av slide downs-strømper etter kvart.

Berre eit lite hjartesukk…

1 comment

Melodi Grand Prix

No har eg ingen planar om Ã¥ starta pÃ¥ ein serie med postar om Melodi Grand Prix her — det gjer andre godt nok — men dÃ¥ eg via ein engelsk blogg kom over det danske bidraget til konkurransen i Finland i Ã¥r syntest eg ikkje eg hadde stort anna Ã¥ gjera enn Ã¥ rota ned eit innlegg sjølv òg. Ikkje fordi det er eit bidrag engelske Becky hÃ¥par vinn (i skrivande stund) men fordi det passar sÃ¥ godt i serien med musikkvideoar eg har her 😉

SÃ¥, her er Danmark sitt bidrag: Drama Queen

3 comments