{4. February, 2007}   Impotenspillen

Har du problem med ereksjonen? Reiser han seg når det er om å gjera å vera slapp og liten? Lite samarbeidsvillig når det gjeld? No er løysinga her: Impotenspillen Argaiv!

Argaiv - impotenspillen

Dame med ereksjonBorte er dei dagane då ufrivillig ereksjon kunne føra til pinlege situasjonar og/eller eit ruinert image. Ein liten pille er det som skal til for at du kan slappa av, utan frykt for at veslemann handlar heilt på eiga hand og prøver å gjera seg stor og viktig.

Er du redd for å få reisning i herredusjen? Angst for kva reaksjonar det kan medføra? Ein liten pille Argaiv i forkant hjelper deg med å unngå potensielt pinlege situasjonar og rykter.

Skeptisk til å besøka naturiststrender fordi du er usikker på korleis du vil reagere? Kanskje du opptrer i eit strippeshow, og ikkje vil la tilfeldighetane rå? Ein liten pille Argaiv, og du slepp å verta flau om det er noko du absolutt vil unngå.

Eller kanskje er du ofte i situasjonar der ein ereksjon er fullstendig malplassert og kan bokstavleg talt øydeleggja alt, som nÃ¥r du er kledd som dame og definitivt ikkje vil gi nokre hint om at du er ei dame med «det lille ekstra». Ein pille Argaiv før du gÃ¥r ut hjelper deg med Ã¥ halda pÃ¥ løyndomen i fleire timar. Ein ekstra pille eller to i handveska hjelper pÃ¥ om du skal vera ute lenge.

Bruk

Argaiv hemmar ereksjon og dempar midlertidig sexlyst. Begge delar kjem  tilbake når verknaden av medisinen avtek.

Dose:  1 pille pr 4–6 timar, maks 6 stk pr døgn i 3 døgn. Dosering ut over dette mÃ¥ ikkje gjerast utan i samrÃ¥d med lege.

Biverknadar

Ved lengre tids bruk kan følgjande biverknadar oppstå:

Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    February 2007
    M T W T F S S
    « Jan   Mar »
     1234
    567891011
    12131415161718
    19202122232425
    262728  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Finst det gute- og jenteleiker?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster