Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for January, 2007

“Kjønnsskifte” i spel

Eg var som vanleg innom Real Life Comics i dag og leste dagens stripe i denne teikneserien, då eg av ein eller annan grunn kom til å tenkja på menn som spelar online rollespel med kvinneleg karakter.

Det har vel eigentleg vore fleire ulike undersøkjingar om kor stor del av mannlege spelarar som spelar som kvinner i online rollespel (og kvinner som menn) — og det er visst ein del, i følgje dei eg har lest opp gjennom Ã¥ra. Vel — det er ikkje sÃ¥ mange kvinner som spelar som menn. Grunnen til det kan me kanskje finna i andre undersøkingar, der menn fortel at dei blir behandla betre nÃ¥r dei opptrer som kvinner — i ein del tilfelle òg sjølv om det er kjent at dei i “Real Lifeâ„¢” er menn. Klart, det kjem nok sikkert an pÃ¥ kva spel og kva miljø ein er i, for kvinner har òg fortalt om korleis dei kutta ut slike rollespel pÃ¥ grunn av menn (eller tilsynelatande hankjønn i det minste) som heile tida kom med seksuelle tilnærmingar.

Dumt slik — men eg lurar pÃ¥ korleis det er no? Har ting blitt betre med Ã¥ra? Det bør det vel ha blitt. Eg meinar Ã¥ ha lest at kvinner er i fleirtal enkelte stadar — muleg det var Second Life? Men det skal eg ikkje seia noko om, eg stolar ikkje nok pÃ¥ hukommelsen min i dette tilfellet.

Second Life, ja. Eg har så vidt byrja å gjera meg litt kjent med det konseptet sjølv no. Har ikkje vore innom så ofte, så det går litt tregt å læra meg ting der, men det ser jo litt spennande ut, då. Skal nok få prøvd meg ein del etter kvart. Eg treng sjølvsagt ikkje nemna at eg er der inne som kvinne? Skulle du møta ei lettare forvirra Chywe deVinna der inne, så er det meg.

Kvifor er eg kvinne der inne? Vel — ikkje berre er det ein stor del av meg, men eg ser jo i tillegg definitivt feminin ut der inne. Utan Ã¥ stressa for mykje med makeup og det som elles skal til i lang tid først. 😉

Real Life-stripe; han vil spela som hokjønn

Comments are off for this post

Velbrukt er… gjerne slite

BootsEin eller annan stad har eg ei bok eg har lest, der hovudpersonen hamnar i ei verd der ting vert betre jo meir dei vert brukt. Diverre kjem eg ikkje på kva for ei bok det er, men eg trur forfattaren er L. Sprague de Camp. Uansett, av og til kunne det vore greitt å hatt det på same måten her.

Eg har hatt eit par svarte, høge støvlettar i lang tid. Høgt skaft, og greie hælar. Dei har vore gode på og halde bra, noko som berre har vore positivt, då det ikkje alltid er så lett å finna fine støvlettar i min storleik. Diverre er det jo slik i denne verda at ting vert meir slitne dess meir dei vert brukt. Ein ting er at støvlettar kan sålast om etter kvart som sålen vert slite ned, men her om dagen oppdaga eg at eg kunne sjå kva farge neglelakken på stortåneglene mine hadde, utan å ta av meg på beina. Då var det på tide å få meg nytt fottøy, fann eg ut.

Det var ikkje det beste tidspunktet Ã¥ bli utan støvlettar pÃ¥ dette, sidan det har gÃ¥tt ut ein del tusen meir enn venta, og ein del tusen til skal snart gÃ¥ same vegen (dvs vekk frÃ¥ meg) sÃ¥ bankkontoen er ikkje særleg velfylt. Men — eg mÃ¥ ha godt fottøy i det vêret me har no, sÃ¥ det var berre Ã¥ gi seg ut pÃ¥ ein liten runde i butikkane.

Eg var faktisk litt heldig: Den første butikken eg stakk innom var den eg hadde minst tiltru til, då dei svært sjeldan har noko i min storleik, men jammen santen hadde dei ikkje eitt par boots der. I min storleik. Dei var på salg òg, så eg kom svært rimeleg ut av dette. Kun ein hundrelapp fattigare, men til gjengjeld eit par boots rikare. Eg tok dei på meg i butikken og let personalet der kasta dei gamle støvlettane mine.

Greit nok, det var ikkje akkurat denne typen eg hadde sett for meg dÃ¥ eg gjekk ut, men til den prisen skal eg ikkje klaga. DÃ¥ kan eg faktisk ha rÃ¥d til eit par til ein gong seinare dÃ¥, om eg skulle komma over noko fint. 🙂

3 comments

CD CD

Eg er i grunnen glad i musikk eg, og høyrer på mange ulike artistar i mange ulike genrar. Det treng ikkje absolutt vera så veldig kjente artistar, og opp gjennom åra har eg fått tak i ein god del bra (og noko rart) på CD. Etter kvart vart det jo råd å rippe CD-ar og brenne eigne samlingar, til og med laste ned frå nettet. Nokre tematiske samlingar vart det då etter kvart som eg fekk nok melodiar med bestemte tema.

SÃ¥ var det slik dÃ¥, at eg fann ut at eg etter kvart hadde ein del melodiar der transvestittar var tema, eller eit litt vidare omgrep, transgender. Eg samla saman det eg hadde, og tenkte tittelen skulle vera “CD CD” — “CrossDresser CD.” Eg  fann ut det vart meir enn éin CD — men eg kunne ikkje sløsa vekk masse tom plass pÃ¥ ein CD nummer to heller. Løysinga vart jo sjølvsagt Ã¥ samla saman enno fleire melodiar…

Vel — om du les lista under over kva eg har, sÃ¥ ville det vera hyggeleg om du kommenterer og fortel meg kva eg ikkje har òg. Og gjerne kor eg kan fÃ¥ tak i det, om mogeleg. Eg veit det er ein del enno. (T.d. Imperial Drag med “Boy or a Girl” EDIT: Har fÃ¥tt tak i denne no 🙂)

  1. Aerosmith – Dude looks like a lady
  2. Antony & The Johnsons – For Today I Am A Boy
  3. Asstronaut – Transvestite
  4. Barenaked Ladies – I’ll Be That Girl
  5. Bitesize – Surprise Ending
  6. Bitesize – Understudy
  7. Bitesize – Switch Hitter
  8. Bitesize – I Forgot my Mantra
  9. Blink 182 – Transvestite
  10. Blur – Girls & Boys
  11. Bob Rivers – Country Transvestite
  12. Bob Rivers – Walkin’ Round In Womens Underwear
  13. Bonnie Tyler – If You Were A Woman And I Was A Man
  14. Coccinelle – Prends Moi Ou Laisse Moi (Love me or leave me)
  15. Counting Crows – I Wish I Was A Girl
  16. The Cure – Charlotte Sometimes
  17. Dana International – A Different Gender (Ofer Nissim Remix)
  18. The Danglers – Transvestite Bullshit
  19. David Bowie – Lady Stardust
  20. David Bowie – Rebel Rebel
  21. David Bowie – Diamond Dogs
  22. Demented Are Go – Transvestite Blues
  23. Garbage – Androgyny
  24. Garbage – Cherry_Lips
  25. Green Day – King For A Day
  26. Hedwig and the Angry Inch – Angry Inch
  27. HIXX – Hairy Transvestite Blues
  28. Imperial Drag – Boy or a Girl
  29. J Church – transvestite show
  30. June Panic – Gender Bender
  31. Killers – Somebody Told Me (harris_remix)
  32. The Kinks – Lola
  33. KOROVA – My Dad Is A Transvestite
  34. Manic Street Preachers – Born A Girl
  35. Marillion – An Accidental Man
  36. Mina – Sweet Transvestite
  37. Mister Stick – The Crossdressing Song
  38. Monty Python – Lumberjack Song
  39. New Broadway Cast – Sweet Transvestite
  40. Peter And The Test Tube Babies – Transvestite
  41. Lou Reed – Walk On The Wild Side
  42. Lou Reed – Make Up
  43. R.E.M. – Crush With Eyeliner
  44. The Sissy Show – I’m Just A Cowboy Transvestite
  45. Temptress – Dress Up
  46. Temptress – Queen for a Day
  47. Temptress – Be a Girl
  48. Vibralux – Transvestite Boyfriend
  49. Weird Al Yankovic – Truck Driving Song
  50. The Who – I’m A Boy
  51. N.N. – My Girl Became a Dude – The Transsexual Song
  52. N.N. – My Mom’s a Lumberjack
  53. N.N. – Rita
  54. N.N. – touched_by_a_transvestite
  55. N.N. – Transvestite Bars

OK. Bonnie Tyler burde kanskje ikkje vera der — eller kanskje eg burde hatt med “Feel Like A Woman” med Shania Twain òg? Og sÃ¥ hugsar eg ikkje heilt om alle tekstane til Bitesize er innanfor tema eller om det berre var pÃ¥ grunn av at minst ein av artistane er transseksuell… Orkar ikkje finne ut av det no.

Og hugs: Veit du om noko eg burde hatt her, la meg få veta det. 🙂

1 comment

Sestre – Samo Ljubezen

Melodi Grand Prix-sirkuset har starta her i landet igjen, med første delfinale i Alta vel overstått. I den samanhengen tenkte eg eg kunne halda meg til den internasjonale finalen, og gå litt tilbake i tid. Her kjem musikkvideoen til Slovenias bidrag til Melodi Grand Prix i 2002: Samo Ljubezen

Comments are off for this post

Pappa?

Det er jo eigentleg gammalt dette her — men litt moro er det jo likevel. SpørsmÃ¥let mÃ¥ vel bli: Kor godt trur du du kjenner opphavet? 😉

2 comments

Pupper! Store!

Det er ein del menneske som set pris pÃ¥ pupper, enten dei no sit pÃ¥ seg sjølv eller andre. Ein del av desse igjen er fascinert av dei svært store puppene — jo større, jo betre. Og det er nok ein del som er opphengt i dei abnormt store.

Eg kom over ei nettisde i dag, med bilete som viser nokre bisart store pupper i forhold til modellen. Lolo Ferrari ville berre blitt smÃ¥jente i forhold — om det ikkje hadde vore for at det her er snakk om dokker…

Nei, takka meg til A-cup i staden då. Mykje vakrare.

Comments are off for this post

Kan eg kalla ho “venninne”?

No har eg ikkje tenkt Ã¥ fundere sÃ¥ veldig mykje pÃ¥ dette, i alle fall ikkje i denne omgang, men tanken slo brÃ¥tt ned i meg dÃ¥ eg sat og chatta litt med ei venninne. Om eg dÃ¥ kan kalla ho “venninne.”

Det er ikkje dei vennskaplege banda mellom oss eg tenker pÃ¥, men det reint grammatiske. SprÃ¥ket vÃ¥rt har jo blitt ganske sÃ¥ kjønnsnøytralt etter kvart — me har lært at me ikkje skal bruka ord som fortel noko om kjønnet til den me snakkar om. Lærarinne, til dømes — det heiter det ikkje. Det heiter lærar, om bÃ¥de menn og kvinner. Det er heilt i orden Ã¥ seia “kvinneleg lærar”, men ikkje “lærarinne.” Flyvertinnene har lidd same skjebne, men her er ordet erstatta av eit heilt anna: Kabinpersonale. Kanskje fordi det ikkje fantest flyvertar? Kvinner i leiande stillingar fekk ikkje vera forkvinner — formenn forsvann i staden og vart erstatta av leiarar. Og sÃ¥ vidare.

Dei kjønnsbestemte titlane har altsÃ¥ generelt sett forsvunne frÃ¥ sprÃ¥ket vÃ¥rt. Det er to unntak eg kjem pÃ¥ no: I selskap blir dei som har invitert og stelt i stand maten og slikt kalla for “vert” og “vertinne”. Og sÃ¥ har me altsÃ¥ “venn” og “venninne”. Men — kor lenge har eg lov Ã¥ kalla venninnene mine for “venninner”? Kva tid mÃ¥ eg byrja Ã¥ kalla dei “kvinnelege venner”?

Litt for vanskelege tankar i ei sein kveldsstund…

2 comments

Harisu – Temptation

På tide å plukka opp igjen dei tematiske musikkvideoane, kanskje?

No skal det seiast at teksten til “Temptation” ikkje har sÃ¥ mykje Ã¥ gjera med transar. Faktisk ikkje noko i det heile, sÃ¥ vidt eg veit. Derimot er den koreanske artisten Harisu godt innanfor tema: Ho er transseksuell, og svært populær i heimalandet, etter det eg forstÃ¥r.

Comments are off for this post

Bært! Bært! *Vinke*

Eg anar ikkje kven han er, men eg har sett han ein del gongar. Det skal nok noko til å oversjå han òg, for kvar gong han køyrer forbi meg, så fløytar han på meg og vinkar ivrig. Det har han gjort sidan i vår. Han har til og med teke omvegen innom ein liten blindveg for å kunna køyra forbi meg og fløyta, vinka og smila.

Eg? Vel, eg greier jo ikkje la vera Ã¥ smila, dÃ¥. 🙂

6 comments

Ei spesialisert ordbok

Livet og det me gjer og omgir oss med kan delast opp på fleire ulike måtar, kategoriserast og delast opp i ulike fagområde og så vidare. På dei ulike områda er det ikkje uvanleg at det vert brukt kvar sin terminologi og vokabular som andre, utanfor dette miljøet, kanskje ikkje så lett forstår eller har kunnskap om. Heldigvis finst det difor ordbøker av ulikt slag: Medisinsk ordbok, teknisk ordbok, synonymordbok for den del, og så vidare.

Kva sÃ¥ med mitt “felt”? Eller greit nok, eitt av dei — det som kan vera eit tema i denne bloggen. Ta til dømes ordet “transe” — eit ord som kan skapa fleire ulike assosiasjonar hjÃ¥ ulike folk (ikkje alle like korrekte) men, kva andre ord og vokabular generelt sett blir brukt her, av og om transar?

Eg mÃ¥ innrømma at eg ikkje veit om noko norsk ordbok pÃ¥ feltet. Det kan kanskje gjerast noko med, men fram til sÃ¥ eventuelt skjer, her er den engelsksprÃ¥klege Trannisaurus. Les og lær! Eller — var det le og lær?

Comments are off for this post

Next Page »