Nytt design for bloggen

Etter at eg har tenkt på det lenge, så fekk eg endeleg fingen ut, og starta på og skikkeleg tilpassa temaet slik eg ville ha det. Tidlegare har eg flikka på korleis tinga fungerer i bakgrunnen, lagt til litt ny funksjonalitet osv. Det er jo viktig det, men eg hadde jo lyst å gjera noko med sjølve utsjånaden òg. Litt meir enn litt diskret endring av fargar.

Og no er det altså gjort. Sidan planen for i dag var å gå gjennom ein del bygdebøker og kyrkjebøker og diverse slikt, med tanke på slektsforsking, så passa det godt å setja meg ned med Photoshop og laga til ei ny teikning å ta utgangspunkt i. Eg hadde laga til ei rask skisse tidlagare, men den ville bli for brei til å kunna brukast her. Ergo, start frå scratch. Det har teke ein del timar, men eg må seia meg relativt nøgd med resultatet.

Teknisk sett trur eg eg skal vera ferdig no. Det skal ikkje vera noko eg har oversett, det eg veit, men om så er så bør det gå greit å oppdatere. Men om det er andre ting som bør endrast, det får eg sjå på etter kvart. Nokre idéar har eg, men kva synest godtfolket? Ser det bra ut?

Norske sitatteikn i WordPress

Reglane for typografi varierer i dei ulike landa, og kva sitatteikn som vert brukt her i landet er ulike dei som vert brukte i WordPress sin standardinnstallasjon. Det kunne difor vera hyggeleg med eit lite innstikk som konverterte frå doble og enkle sitatteikn til dei norske – og det er akkurat det eg har her: Norquote – konverterer til norske sitatteikn. No skal eg ikkje gjera meg flinkare enn eg er, då eg berre har teke innstikket til Kimmo Suominen, finquote, og endra til norske forhold.

Eg har brukt det sjølv i lengre tid (heilt problemfitt) så då eg hadde ei opprydding her i kveld, fann eg ut at eg skulle dela med dykk.

Last ned: Norquote

Endeleg – eg fekk ut fingen

Eg har ikkje heilt klart for meg kor fingen eigentleg skal vera før me får han ut, sjølv om han i mitt tilfelle har vore der ganske lenge. Men no har eg altså endeleg fått han ut, og oppdatert temaet eg brukar her i bloggen til å ta i bruk widgets. Eg har brukt ein del innstikk som ikkje har vore klare for dette, så det har vore medverkande til at eg ikkje har gjort noko med det, men etter at eg sjekka ein testblogg etter siste WordPress-oppdatering, så la eg merke til at alle så nær som ein av dei funksjonane eg brukte var klare. Då kunne eg ikkje bruka det som unnskulding lengre.

Så då var det berre til å finna fram passande dokumentasjon då, på korleis ting skulle gjerast for å oppgradere temaet mitt. Det var jo lett tilgjengeleg frå widget-menyen i administrasjonspanelet, men det oppdaga eg ikkje før etter eg hadde funne det. Det viste seg at det var svært lett å gjera noko med det. Tida vart brukt til å oppdatere stilarket slik at stilen vart halden. Ikkje så mykje arbeid det heller, faktisk.

Og så det største problemet: Med widgets i funksjon, kva rekkefølgje skulle eg plassera dei i? Kva skulle med og ikkje? Det får eg vel sjå meir på etter kvart, òg, men nett no er eg nøgd med at ting ser ut til å fungere heilt fint. 🙂

Kva farge har ein svart BH?

Ein ting som irriterar meg med det å ha ein blogg, er dei mengdene med kommentarar som hamnar i kategorien “spam.” Det er heldigvis råd å bøta pÃ¥ det og minimere problemet med ein plugin som Akismet, og det er ei stor lette: Mengder av spam blir stoppa.

Eit fåtal av kommentarane hamnar feil, men det har hendt meg, at ekte kommentarar vert feiltolka som spam. Difor har eg alltid brukt å sjå gjennom dei som er blitt stoppa om det skulle vera nokre som hamna feil der, men det vart berre meir og meir å sjå gjennom. Statistikken min viser at fleire spammarar kjem direkte frå sider/fora som lenkar direkte til plassar der dei kan spamma. Som til dømes bloggen min. Eg gjekk lei.

For sterkt å minska dei som lukkast i det heile å posta noko, så ville eg ha eit ekstra vern mot spambotar. Ein captcha eller noko. Kontaktskjemaet har ein fin funsjon slik, så eg leita etter ein plugin som kunne gjera det same for kommentarane. Eg fann WP-Gatekeeper. Spørsmålet vart endra til eit på norsk, det vart testa, og det fungerer. Etter det har det vore svært så fredeleg her.

Herleg.

Men kommenter gjerne de som forstår norsk, slik at det blir litt liv her. 😉

WordPressplugin: Eit ønske

Det var i samband med førre innlegg – det om å leika med dokker – at eg kom til å tenkja på at det kunne vera praktisk av og til om besøkande på sidene mine kunne lasta opp bilete for å bruka i kommentarane. Det er jo ikkje råd å gjera som standard, så eg fór ut og leita etter ein plugin som kunne hjelpa meg med dette. Diverre – det næraste eg kom var litt hjelp med å endra i ei WordPress-fil slik at img-taggen kunne brukast.

Det hjelper jo godt på veg den endringa då – eg må berre hugsa på denne fiksen kvar gong eg oppgraderer til ein nyare versjon av WP. Men av og til kunne det vore mykje meir praktisk å kunna lasta opp direkte i kommentaren. Eg er med andre ord stadig på jakt. At eg ikkje fann ein slik plugin treng ikkje bety at det ikkje finst, så eg spør eg: Er det nokre som les dette som veit kor noko slikt kan finnast? Eventuelt om det er nokre som kjenner seg kalla til å laga noko slikt etter å ha lese dette. 😉

Statistikk-junkie?

piechartEg innrømmer gladeleg at eg er glad i statistikk. Ikkje som fag innan matematikken – der fekk eg aldri den heilt store inspirasjonen – men når det gjeld oversikt over besøkande så er eg lett fascinert, det er ein del spennande informasjon til tider. Kanskje vart eg òg litt lettare hysterisk då eg kort tid etter å ha starta denne bloggen her oppdaga at det vart konflikt mellom måten WordPress lagar fine, permanente lenker og å sjå statistikken over nettstaden min. Men det løyste seg heldigvis.

Men er det nok å sjå statistikken slik då? Det finst jo litt ulike plugins til WordPress for å visa statistikk, og ein eg likar svært godt der er wp-shortstat. Masse gøyal informasjon tilgjengeleg med eit museklikk eller to, inkludert kva folk hadde søkt etter på dei ulike søkemotorane for å finna meg. Vel, kanskje ikkje spesifikt for å finna meg, men eg dukkar no opp i enkelte søk. Det var berre eitt lite problem: Sjølv om Google er mykje brukt, så finst det jo norske søkemotorar òg, og desse er ikkje med i pluginscriptet. Det medfører at søkeorda frå desse ikkje vert registrert.

Ooops!

No er det vel slik at problem er til for å overvinnast? I alle tilfelle kikka eg nærare på kjeldekoden for å sjå om eg fann ut noko, og det gjorde eg i grunnen. Dei ulike søkemotorane var lista opp saman med kva parameter som vart brukt for å identifisere søkeorda. Eg fylte inn dei norske søkemotorane eg fann med same format som dei som stod der frå før og testa – og det verka. Ikkje berre vart nye besøkande registrert korrekt, men det vart dei gamle òg. Joohoo!

Det mest tidkrevande i heile operasjonen var i grunnen å sjekka kva dei ulike norske søkemotorane brukte som parameter, men om nokre skulle vera interessert i plugin-en utan å ville gjera det same arbeidet, så la eg ut fila hjå meg eg: wp-shortstat med norske søkemotorar.