{16. May, 2007}   Wordpressplugin: Eit ønske

Det var i samband med førre innlegg – det om å leika med dokker – at eg kom til å tenkja på at det kunne vera praktisk av og til om besøkande på sidene mine kunne lasta opp bilete for å bruka i kommentarane. Det er jo ikkje råd å gjera som standard, så eg fór ut og leita etter ein plugin som kunne hjelpa meg med dette. Diverre - det næraste eg kom var litt hjelp med å endra i ei Wordpress-fil slik at img-taggen kunne brukast.

Det hjelper jo godt på veg den endringa då – eg må berre hugsa på denne fiksen kvar gong eg oppgraderer til ein nyare versjon av WP. Men av og til kunne det vore mykje meir praktisk å kunna lasta opp direkte i kommentaren. Eg er med andre ord stadig på jakt. At eg ikkje fann ein slik plugin treng ikkje bety at det ikkje finst, så eg spør eg: Er det nokre som les dette som veit kor noko slikt kan finnast? Eventuelt om det er nokre som kjenner seg kalla til å laga noko slikt etter å ha lese dette. :wink:

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:
Leika med dokker ⇐ ⇒ Gravatar


Odin / Velmont skriv:
Gravatar

Hmm, du kann jo laga ein sjølv? Eg trur ikkje eg vil prioriera det sjølv sidan eg ikkje treng det. Det er mange andre instikk eg heller lyt gjera fyrst. Likevel hev eg framleis ikkje gjort anna enn ein p-inni-blockquote-fiks :p

Men det virkar veldig greitt å skriva innstikk til WordPress.



Monica skriv:
Gravatar

Det kunne vore gøy å laga eit innstikk sjølv, men enn så lenge veit eg ikkje korleis. Eg treng i alle fall å lesa og læra korleis innstikk skal lagast, korleis eg skal få til å laga ei opplastingsrutine, og kombinere desse to.

Mulig det er relativt lett å gjera, men nett no er eg ikkje opplagt til å læra noko særleg i det heile… :???:

Uansett, det vil ikkje bli prioritert over alt det andre eg bør gjera, sidan dette kun hamnar i kategorien «kunne vore kjekt å ha» ;)



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    May 2007
    M T W T F S S
    « Apr   Jun »
     123456
    78910111213
    14151617181920
    21222324252627
    28293031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Finst det gute- og jenteleiker?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen