Kvinner føretrekk feminine menn

Dårleg nytt for alle machomenn der ute: Ei undersøkjing viser at kvinner faktisk føretrekk feminine menn som partnerar. Så sant dei er ute etter eit langt forhold/ein å dela livet med. Feminine menn vert oppfatta som meir å stola på enn dei meir maskuline, nemleg.

Så, damer — er eg feminin nok, trur de? 😉

Video: Von Sudenfed — Fledermaus Can’t Get It

Ny platespelar?

Eg har ein god del gamle LP-ar, og planen har vore å få overført dei til MP3 eller anna digitalt format, men… Det tek si tid. Ein ting er at den platespelaren eg har er ein del av — og kan kun koplast til — eit gammalt anlegg, som ikkje er heilt i topp stand lengre. OK, det er kun kassettspelaren som har problem når eg tenkjer meg om, men…

Dette anlegget står attmed PC-en. Eg har ikkje kopla høgttalarar til det, og heller ikkje til PC-en, så det er i grunnen berre til pynt der det står no. Fordi eg ikkje får fingen ut og gjer noko med den konverteringa. Men, det er jo eit ork med det, og den fingen har det godt der han er no… Det er éin del av forklaringa på at ingenting blir gjort.

Ein annan del av forklaringa er at reima som driv platetallerkenen rundt er gammal og slapp no etter kvart, så då eg sist prøvde å konvertere nokre gamle 45-singlar, var det ikkje like lett å halde den farten som skulle til, og halda han konstant. Eg må altså investere i ei ny drivreim. Det bør ikkje vera så vanskeleg å få tak i, sjølv i dag?

Det tredje punktet er jo det klusset med å stille inn volum på opptaka då, og få det så godt som råd er. Greit nok. Med unntak av enkelte melodiar var ikkje det det vanskelegaste, men det er eit putlearbeid som må gjerast.

Kjedeleg.

Men, i går stakk eg innom Clas Ohlson, sånn sidan eg var i nærleiken, og der hadde dei ein ny platespelar til ein pris til krona under tusenlappen. Platespelar, CD-spelar og radio i eitt. Det gøye med denne er USB-porten, der det er råd å setja inn ein minnepinne, og så kan ein ta opp LP-platene på denne ved enkelt og greit trykkja opptaksknappen. Kor god kvaliteten på desse opptaka blir, det veit eg ikkje. Diverre.

Det freistar jo litt då, å skaffa meg ein slik og få konvertert musikken utan noko særleg arbeid. Sett vekk i frå alt det manuelle med å setja på platene, trykkja på opptak og gi namn til melodiane, sjølvsagt. Det er meir enn nok å gjera med det, men ikkje noko putling med leidningar, voluminnstillingar og det der, i alle fall. Spørsmålet er om eg med rette prioriteringar har råd til det, og om det i så fall er verd det…

Det var det med å veta kvaliteten på resultatet på førehand, då. Ikkje så lett å finne ut det i butikken… 😕

Kit Kat Dolls — Don’t Cha

I programserien Britains Got Talent opptro denne gruppa på ni. Dei kom visst ganske langt òg, etter det eg forstår, før dei vart kasta ut av programmet og mista sjansen til å opptre på Royal Variety Performance. Det spesielle med denne gruppa er… Vel, eg treng vel ikkje seia det, tenkjer eg. Litt artig når dei presenterer seg. 😉

The Who — I’m A Boy

Nokre som kjenner til The Who? Dei har hatt sitt å seia (eller syngja) om kjønn og det dei òg, i songen “I’m a Boy”. Eg har høyrt ein del på albumet med denne melodien, men på YouTube kan me jo finna litt av kvart. Denne gong, ein litt annan versjon enn den vanlege, frå fransk fjernsyn 31. desember 1968 i programmet “Surprise Partie”

Om de vil samanlikna, så sleng eg med den vanlege versjonen òg, med anime-video til (og litt “introduksjon”)

Eh… Javel, ja.

Eg veit ikkje heilt kva det er med slike store, vide kjolar eg, men det er ein del som har sansen for dei. Dette gjeld damer av begge kjønn. Som ein representant for denne interessa ser me Jordan nedanfor her, iført ein strålande vakker brudekjole. Ektemannen Peter Andre (til venstre) held ein avstand på eit par armlengder, noko som tyder på at slike vide kjolar ikkje kan vera så særleg praktiske om intimitet og nærleik er å ønska.

Men, no er det ikkje berre kjolen som er av interesse her, då hadde det vore nok med eit enkelt bilete i staden for ei flash-fil. Vitjande som har auge for litt meir enn berre kjolen — eller Jordan — har kan hende lagt merke til ein trekant nede i venstre hjørna. Det er ein knapp som startar speling av bakgrunnsmusikk, sunge av ekteparet sjølv. Eg veit det ikkje er siste nytt dette her, men enkelte ting blir jo betre når dei vert lagra.

Muleg enkelte vil seia at dette må lagrast enno litt lengre, men…

Lat meg gjera merksam på at dette ikkje er meint å ta rolla som musikkvideoen denne helga. Den kjem seinare.