Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Ny platespelar?

Eg har ein god del gamle LP-ar, og planen har vore Ã¥ fÃ¥ overført dei til MP3 eller anna digitalt format, men… Det tek si tid. Ein ting er at den platespelaren eg har er ein del av — og kan kun koplast til — eit gammalt anlegg, som ikkje er heilt i topp stand lengre. OK, det er kun kassettspelaren som har problem nÃ¥r eg tenkjer meg om, men…

Dette anlegget stÃ¥r attmed PC-en. Eg har ikkje kopla høgttalarar til det, og heller ikkje til PC-en, sÃ¥ det er i grunnen berre til pynt der det stÃ¥r no. Fordi eg ikkje fÃ¥r fingen ut og gjer noko med den konverteringa. Men, det er jo eit ork med det, og den fingen har det godt der han er no… Det er éin del av forklaringa pÃ¥ at ingenting blir gjort.

Ein annan del av forklaringa er at reima som driv platetallerkenen rundt er gammal og slapp no etter kvart, så då eg sist prøvde å konvertere nokre gamle 45-singlar, var det ikkje like lett å halde den farten som skulle til, og halda han konstant. Eg må altså investere i ei ny drivreim. Det bør ikkje vera så vanskeleg å få tak i, sjølv i dag?

Det tredje punktet er jo det klusset med å stille inn volum på opptaka då, og få det så godt som råd er. Greit nok. Med unntak av enkelte melodiar var ikkje det det vanskelegaste, men det er eit putlearbeid som må gjerast.

Kjedeleg.

Men, i går stakk eg innom Clas Ohlson, sånn sidan eg var i nærleiken, og der hadde dei ein ny platespelar til ein pris til krona under tusenlappen. Platespelar, CD-spelar og radio i eitt. Det gøye med denne er USB-porten, der det er råd å setja inn ein minnepinne, og så kan ein ta opp LP-platene på denne ved enkelt og greit trykkja opptaksknappen. Kor god kvaliteten på desse opptaka blir, det veit eg ikkje. Diverre.

Det freistar jo litt dÃ¥, Ã¥ skaffa meg ein slik og fÃ¥ konvertert musikken utan noko særleg arbeid. Sett vekk i frÃ¥ alt det manuelle med Ã¥ setja pÃ¥ platene, trykkja pÃ¥ opptak og gi namn til melodiane, sjølvsagt. Det er meir enn nok Ã¥ gjera med det, men ikkje noko putling med leidningar, voluminnstillingar og det der, i alle fall. SpørsmÃ¥let er om eg med rette prioriteringar har rÃ¥d til det, og om det i sÃ¥ fall er verd det…

Det var det med Ã¥ veta kvaliteten pÃ¥ resultatet pÃ¥ førehand, dÃ¥. Ikkje sÃ¥ lett Ã¥ finne ut det i butikken… 😕

[audio:han_er_forelska.mp3] Comments are off for this post

Comments are closed.