Torturinstrumentet

HÃ¥rlause leggarEg hadde sjølvsagt høyrt historiane, om lang, smertefull tortur. Kvinnene som orka fortelja om opplevingane sine (for det var alltid kvinner som var offer) pakka ikkje hendingane inn i bomull, men fortalde om smertene i detalj. Eg kunne uttrykka min sympati, men tanken om at det same kunne henda meg sveiv meg ikkje. Likevel, no var eg i nett same situasjon. Naturleg nok var eg ekstremt uroleg då torturinstrumentet – velkjent frå overleveringar – sakte men sikkert nærma seg den nakne huda mi. Uvillig til å lukka augene beit eg tenna saman og venta på kontakt…

Faktisk, så vart eg litt skuffa. Her hadde eg forberedt meg i lang tid, klargjort kjølebag og eit “nybyrjarhovud” til epilatoren — og alt eg kjende var nokre kitlande stikk då eg byrja å epilere leggen min. Kvar var smertene? OK, det var innsida av låret som skulle vera det verste, så då eg testa der, så kjente eg – litt kitlande stikk. Ingen smerte. Diverre, med det nybyrjarhovudet på epilatoren var det ikkje mykje framgang heller, så eg bytta resolutt over til det normale hovudet.

Og no snakkar me. Med det normale hovudet på plass, så kjende eg – litt kitlande stikk. Kvar var smertene? Terroren? Men i det minste så gjekk epileringa raskare. Eg hadde ikkje planlagt å ta bikinilinja, men vekk gjekk den òg, i lag med armar og armholer. Og eg må innrømma, at då eg tok armholene så kjende eg det godt — då var det ikkje snakk om kitling lenger. Men eg fann no ein teknikk, og det gjekk raskt over. Så no sit eg her med ein hårlaus og glatt kropp, og ser fram til ikkje å måtta barbere meg igjen etter eit par dagar. Og utan å ha opplevd dette som tortur.

Berre sånn at eg kan få sova godt med reint samvet i natt, og ikkje vri meg rundt og bada i sveitte frå mareritt etter å ha lurt uskuldige menneske, så bør eg nemna at eg fortalde ei løgn over her: Eg er eigentleg ikkje skuffa over at eg ikkje følte smerte. Eg er snarare letta…