Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for March 16th, 2008

Når møkki på marki eg spreier

Olkabilamo - omslaget til singelen av SalhuskvintettenEi soge om ein målstrid. Men, sjølv om målstrid kan vera aldri så spanande, så vil eg innleiia med noko heilt anna, nemleg ei vitjing på Clas Ohlson. Dei har nemleg hatt eit tilbod gåande ei stund no, på ein litt moderne platespelar. Ein som kan spela gode, gamle LP-plater i vinyl. Kan spela CD òg, og har radio, men det som var interessant med dette anlegget er at det kan ta opp til minnekort eller USB minnepinne – konvertere til MP3 frå CD eller vinyl.

Det er det siste som var av interesse for meg, det å kunne ta opp frå vinyl utan å fikla med leidningar og styr frå anlegg til PC, slik som eg måtte gjera med det gamle anlegget mitt. At drivreima til den platespelaren må skiftast for å greia å snurra platetallerkenen rundt har nok òg hatt litt å seia… Denne moderne platespelaren har dei hatt på Clas Ohlson ei stund no, men det som har halde meg tilbake frå å kjøpa er at eg ante jo ingenting om kvaliteten. Inkludert kvaliteten på mp3-filene som ville vera resultatet av opptak – ville dei vera sampla med 128 kbps, eller? No fredag tok eg sjansen, sidan ein minnepinne på 1GB følgjer med på kjøpet ved det noverande tilbodet.

Erfaringar? Lyden frå dei medfølgjande høgttalarane er ikkje noko særleg å skryta over, men eg kopla spelaren til anlegget mitt eg, og lyden vart fin. Opptakskvaliteten? Den kan eg variere, frå 32 til 256 kbps. Alt i alt skal eg ikkje klaga.

Så nærmar me oss målstriden her. For å testa nemnde opptakskvalitet så måtte eg jo ta opp noko. Eg fann fram nokre gamle vinyl 45-singlar, som har tilhøyrd opphavet. (Er vel for så vidt deira enno, men dei bryr seg ikkje.) Noko av det eg tok opp då, var eit par singlar av Salhuskvintetten. Songen om Pop Ola (Når møkki på marki eg spreier) er ei levande skildring av korleis populærmusikken er fordervande på språket – men nynorskfolket gir seg jo ikkje så lett… 😉

Singelen har hatt eit opphald litt for nær ein omn ein gong i tida, noko som ikkje akkurat har forbetra lyden i starten, men om de greier å oversjå det: Nyt musikken.

Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.

Om de har problem med å spela av musikken, eller vil høyra meir, gi frå dykk lyd i kommentarane.

No comments

Talentlaust?

Fredagskveldane så har eg kost meg litt med «Norske talenter» på TV2 eg. Inkludert no sist fredag. Eitt av innslaga som gjekk vidare, var den samiske rapgruppa Duolva Duottar – men ikkje heilt utan krangel og kontrovers. Thomas Giertsen likte nemleg ikkje det han høyrde. Det kunne jo for så vidt vore heilt greitt det, alle har jo ikkje sansen for rap, og alle er heller ikkje talentfulle – men grunnen til det negative her var altså at dei rappa på samisk, og det forstod ikkje herr Giertsen. Slikt blir det jo bråk av, men Giertsen synest dei to andre var hyklarar – dei hadde jo trykt på knappen sin dei òg, og avbrote framsyninga.

Han har jo eit poeng der. Kvifor avbryta rapparane, om dei hadde lyst å senda dei vidare?

Personleg så har eg ikkje så særleg mykje til overs for rap, vanlegvis, men denne gongen vart eg skuffa då alle tre kryssa lyste raudt på tavla. Eg hadde lyst å høyra dei rappa ferdig, eg. At dei rappa på samisk hadde slett ingenting å seia. Eller – ingenting negativt, i alle fall. Dei som har sett og høyrd gjennom musikkvideoane eg har her i bloggen, har nok høyrd japansk, koreansk, thailandsk og hebraisk, om eg ikkje hugsar feil. Sjølv fattar eg ikkje bæret av desse språka, men eg har no sansen for musikken og songen likevel. Personleg har eg enno fleire uforståelege tungemål i musikksamlinga mi – arabisk, urdu, ungarsk, tjekkisk, fransk og masse meir. Eg er kanskje litt sær sånn, men song på språk eg ikkje forstår er berre spanande det. Og éin ting er i alle fall sikkert: Talentet til alle dei artistane forsvinn ikkje sjølv om innhaldet i det dei syng om er noko eg ikkje får med meg. Så òg med dei samiske rapparane. Eg er glad dei vart sendt vidare.

Berre håpar eg får høyra dei ferdig neste gong.

No comments