Fredagskveldane sÃ¥ har eg kost meg litt med «Norske talenter» pÃ¥ TV2 eg. Inkludert no sist fredag. Eitt av innslaga som gjekk vidare, var den samiske rapgruppa Duolva Duottar – men ikkje heilt utan krangel og kontrovers. Thomas Giertsen likte nemleg ikkje det han høyrde. Det kunne jo for sÃ¥ vidt vore heilt greitt det, alle har jo ikkje sansen for rap, og alle er heller ikkje talentfulle – men grunnen til det negative her var altsÃ¥ at dei rappa pÃ¥ samisk, og det forstod ikkje herr Giertsen. Slikt blir det jo brÃ¥k av, men Giertsen synest dei to andre var hyklarar – dei hadde jo trykt pÃ¥ knappen sin dei òg, og avbrote framsyninga.
Han har jo eit poeng der. Kvifor avbryta rapparane, om dei hadde lyst å senda dei vidare?
Personleg sÃ¥ har eg ikkje sÃ¥ særleg mykje til overs for rap, vanlegvis, men denne gongen vart eg skuffa dÃ¥ alle tre kryssa lyste raudt pÃ¥ tavla. Eg hadde lyst Ã¥ høyra dei rappa ferdig, eg. At dei rappa pÃ¥ samisk hadde slett ingenting Ã¥ seia. Eller – ingenting negativt, i alle fall. Dei som har sett og høyrd gjennom musikkvideoane eg har her i bloggen, har nok høyrd japansk, koreansk, thailandsk og hebraisk, om eg ikkje hugsar feil. Sjølv fattar eg ikkje bæret av desse sprÃ¥ka, men eg har no sansen for musikken og songen likevel. Personleg har eg enno fleire uforstÃ¥elege tungemÃ¥l i musikksamlinga mi – arabisk, urdu, ungarsk, tjekkisk, fransk og masse meir. Eg er kanskje litt sær sÃ¥nn, men song pÃ¥ sprÃ¥k eg ikkje forstÃ¥r er berre spanande det. Og éin ting er i alle fall sikkert: Talentet til alle dei artistane forsvinn ikkje sjølv om innhaldet i det dei syng om er noko eg ikkje fÃ¥r med meg. SÃ¥ òg med dei samiske rapparane. Eg er glad dei vart sendt vidare.
Berre håpar eg får høyra dei ferdig neste gong.
Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.Liknande innlegg:

Abonner på Mixteip RSS
Skriv ein kommentar