Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Meme: 7 ting om meg

Eg fekk først utfordringa frÃ¥ bza om Ã¥ skriva 7 ting om meg sjølv – gjerne med den vrien at eitt av punkta ikkje stemmer. Seinare kom wander med den same utfordringa, dog utan den ekstra vrien. Diverre har eg vore for sjuk fram til no til at eg har greidd Ã¥ setja meg ned og skriva mine eigne 7 punkt, men no kjem dei altsÃ¥.

1. Eg er ei potet. Eller, eg kan i alle fall brukast som ei. Eg har arbeidd som lærar, kontorassistent, programmerar, databaseutviklar, grafikar… Ganske allsidig.

2. Eg studerer ikkje lengre, men eg har stadig eit studentkort frå universitetet i Stavanger som seier at namnet mitt er Monica Lie.

3. Eit par produkt eg har laga har ved eit par tilfelle blitt brukt i svindel. Vellukka svindel, det eg har sett…

4. Eg føretrekk å lesa Fantasy og Science Fiction.

5. Det var ein gong snakk om at eg kunne få ein historie publisert i ein antologi i USA. Det vart dog aldri noko av.

6. Eg teiknar sjølv julekorta eg sender, og det har eg gjort i… ganske mange Ã¥r etter kvart.

7. Eg reiste ein gong på ferie til Portugal på grunn av ein spøk.

SÃ¥nn, det skulle vera mine sju punkt. Og, som i oppfordringa eg først fekk, er det eitt av dei som ikkje er heilt sannferdig – men kva for eitt…?

SÃ¥ var det Ã¥ senda vidare oppfordringa, dÃ¥… Tenker eg satsar pÃ¥ Odin og Rebecca og Helge.

6 comments

6 Comments so far

  1. Iversen October 12th, 2007 0:21

    Jeg tror femmeren er jug, og at du fikk publisert historien.

  2. bza October 12th, 2007 13:25

    Ã… tegne julekort er litt vel ambisiøst, sÃ¥ den tipper jeg er falsk…

  3. Monica October 12th, 2007 16:39

    Skulle ønska eg vart publisert, men det prosjektet rann diverre vekk i sanden, er eg redd. Og julakort, det er fast rutine Ã¥ teikna sjølv, kvart Ã¥r. 🙂

  4. wander October 12th, 2007 22:51

    Jeg fikk ikke med meg at det var meningen Ã¥ ha med et jugepunkt, jeg da… 😳

    Og jeg tror det er punkt 7 som er feil…

  5. Odin / Velmont October 15th, 2007 12:11

    Hmm. Eg tippar du ikkje hev jobba som, … ein av dei tingi – so nr. 1 falsk. :]

    Og so fær eg taka oppfordringi, – meme er ein typisk blogg-ting og eg prøver ikkje skrika ut at heimesida mi er ein blogg (sjølv um ho er det :p). Men kannhenda eg kann skriva det som eit innlegg og seia ei av oppljosingane er feil.

    Utanom det veit eg ikkje um eg klarar finna so mykje interessant um meg sjølv. Men skal sjå kva eg fær til ;]

  6. Monica October 18th, 2007 21:37

    Vel Рp̴ tide ̴ klara opp i sakene?

    1. Joda, eg har arbeidd som alt dette – og litt til…

    2. Eg har eit studentkort som seier at namnet mitt er Monica Lie, ja. Sjølv om det ikkje er heilt sant, i følge folkeregisteret… 😉

    3. Langt tilbake i tid hadde eg ein Amiga. (Vel, har’an enno.) Eg laga nokre fontar dÃ¥, og eit par av desse vart brukt til Ã¥ forfalska underskrift, og Ã¥ forfalska bankutskrift. (Eg fann det ut reint tilfeldig pÃ¥ nettet, der det vart fortalt om det.) Dei som vart svindla gjennom dette var svindlarar sjølv, sÃ¥ det plaga meg ikkje akkurat.

    4. Ja, er ikkje det naturleg, då?

    5. Det var ein lengre historie eg heldt på med, i lag med andre. Fleire uavhengige historiar om ei felles verd. Men altså, det prosjektet rann ut i sanden.

    6. Julekort er som nemnd fast rutine, ja. Til å byrja med teikna eg alle korta for hand, men det vart litt mange etter kvart, så no teiknar eg på PC og skriv ut så mange som eg treng.

    7. Ã… dra ein bestemt stad pÃ¥ ferie pÃ¥ grunn av ein spøk? Joda, det er rÃ¥d det, men – heilt til Portugal? Nehei, det stemmer ikkje.

    Eg reiste til USA og Canada i staden, pÃ¥ grunn av ein spøk. SÃ¥ litt sant var det jo, men ikkje heilt… 🙂