Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for October 11th, 2007

Meme: 7 ting om meg

Eg fekk først utfordringa frÃ¥ bza om Ã¥ skriva 7 ting om meg sjølv – gjerne med den vrien at eitt av punkta ikkje stemmer. Seinare kom wander med den same utfordringa, dog utan den ekstra vrien. Diverre har eg vore for sjuk fram til no til at eg har greidd Ã¥ setja meg ned og skriva mine eigne 7 punkt, men no kjem dei altsÃ¥.

1. Eg er ei potet. Eller, eg kan i alle fall brukast som ei. Eg har arbeidd som lærar, kontorassistent, programmerar, databaseutviklar, grafikar… Ganske allsidig.

2. Eg studerer ikkje lengre, men eg har stadig eit studentkort frå universitetet i Stavanger som seier at namnet mitt er Monica Lie.

3. Eit par produkt eg har laga har ved eit par tilfelle blitt brukt i svindel. Vellukka svindel, det eg har sett…

4. Eg føretrekk å lesa Fantasy og Science Fiction.

5. Det var ein gong snakk om at eg kunne få ein historie publisert i ein antologi i USA. Det vart dog aldri noko av.

6. Eg teiknar sjølv julekorta eg sender, og det har eg gjort i… ganske mange Ã¥r etter kvart.

7. Eg reiste ein gong på ferie til Portugal på grunn av ein spøk.

SÃ¥nn, det skulle vera mine sju punkt. Og, som i oppfordringa eg først fekk, er det eitt av dei som ikkje er heilt sannferdig – men kva for eitt…?

SÃ¥ var det Ã¥ senda vidare oppfordringa, dÃ¥… Tenker eg satsar pÃ¥ Odin og Rebecca og Helge.

6 comments