{25. July, 2007}   Barnlege glede

Det skal ikkje alltid så mykje til for å ha det gøy i lag med små born, og få dei til å le godt. Innpakking, til dømes. Dei fleste av oss veit jo kor mykje ei pappøskje kan vera: Bil, båt, dokkehus, tidsmaskin, … Men så klart, enklare og mindre ting kan gjera det enklare å dela gleda. Ein del små leiker (og sikkert meir til) kjem innpakka i halvkuler som er sett saman til ei kule. Det gjer same nytten som ein ball ofte, og ballar er alltid populære.

For ikkje så lenge sidan hadde eg i tillegg til ei slik kule in liten nevø på fanget, og kunne dela gleda over denne og det me kunne gjera i lag. Kasta kula att og fram mellom oss, til dømes, eller noko så enkelt som å gøyma ho under genseren og plystra litt heilt uskuldeg og sjå opp i lufta, som om ingenting skulle ha skjedd. Klassikar. Veldig moro for minstemann som slett ikkje vart lurt og visste godt kvar kula var, men han måtte jo få prøva sjølv òg. Ikkje fullt så moro kanskje, men gøy likevel.

Ein av fordelane med ei slik kule, framfor ein ball, er at kula kan gå i sundt. Det vil seie, ho kan dela seg opp i to halvdelar. Oftast ganske enkelt, og av og til når det ikkje var meininga. Men kva gjer vel det? I staden for ein trillund kul på magen vart det i staden to halvrunde kuler, og dei kunne eg flytta litt lengre opp…

Det var suksess det! Og denne gongen var guttungen rask med å riva opp genseren sin for å få halvkulene under, for deretter hoppa av fanget mitt og gå og visa seg til andre. I dette tilfellet var det mormor, som ikkje syntest det var like gøy, utan at guttungen vart noko særleg deppa av det.

Kvelden etter så sat han på fanget til pappaen sin, og leikte med same kula. Han delte ho ikkje i to, men første del utførte han perfekt: Under genseren med kula, sjå opp i lufta og plystra uskuldeg. Vel, kanskje ikkje akkurat plystra, men mimikken var der så absolutt. Absolutt herleg å sjå. :)

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{20. July, 2007}   Badesesongen…

Badesesongen har kanskje ikkje vore så framtredande her i sør i det siste, men det er inga årsaking for ikkje å vera forberedt. Dessutan, med alt dette snakket om global oppvarming og aukande havnivå er det grunn god nok til å sikra seg fornuftig fottøy uansett.

High Tide Heels

Så spørst det då, om dei finst i min storleik, eller om eg får det vanlege problemet… :???:

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{11. July, 2007}   Golv er farlege

Det er en del farlege golv rundt om kring. I dag var eg ute for eitt av dei: Det gode gamle stovegolvet heime. Det hadde slått seg saman med ein nedslått barnestol av god gammal type, og på eitt eller anna vis greidde dei to å få meg til å gli, snubla over stolen, og falla med eit brak ned. Barnestolen slo seg opp og i saman og prøvde å angripa, men det angrepet greidde eg å unnvika. Likevel, dei fekk inn nokre gode treff i starten då dei overraska meg.

Au.

Skrubbsår fekk eg, og litt vondt har eg. Og verst av alt: Ingen spurte om eg ville dei skulle blåsa på… :cry:

Uansett dette er berre ei vennleg åtvaring. Både golv og barnestolar kan sjå svært så uskuldige ut, men brått kan dei venda seg mot deg. Så – vêr på vakt!

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{9. July, 2007}   Fordelar med å ha ein transvestitt som ektemann

I lang tid har det versert ulike lister på nettet over dei mange fordelane som følgjer med det å ha ein transvestitt som ektemann. Sjølv om det nok heilt sikkert ligg litt alvor og sterke ynskje bak fleire av punkta i desse listene, så er det for det meste meint som eit humoristisk innslag i kvardagen. Og det trengst jo, til tider.

Eg kunne sjølvsagt berre kopiert ei slik liste inn her, men eg brukte heller litt tid på å oversetja ei av dei til norsk, eg. Vonar de kan ha litt glede av det. :)

Tja   det er då ein del stereotypt der, er det ikkje? Eg er ikkje alltid heilt einig i desse på standane, så enkelte av dei har mine kommentarar knytta til seg som title-element. Dei vil vanlegvis synast når musa vert halden over dei enkelte påstandane. I alle fall i ein moderne nettlesar som t.d. Opera.

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{8. July, 2007}   Kva farge har ein svart BH?

Ein ting som irriterar meg med det å ha ein blogg, er dei mengdene med kommentarar som hamnar i kategorien «spam.» Det er heldigvis råd å bøta på det og minimere problemet med ein plugin som Akismet, og det er ei stor lette: Mengder av spam blir stoppa.

Eit fåtal av kommentarane hamnar feil, men det har hendt meg, at ekte kommentarar vert feiltolka som spam. Difor har eg alltid brukt å sjå gjennom dei som er blitt stoppa om det skulle vera nokre som hamna feil der, men det vart berre meir og meir å sjå gjennom. Statistikken min viser at fleire spammarar kjem direkte frå sider/fora som lenkar direkte til plassar der dei kan spamma. Som til dømes bloggen min. Eg gjekk lei.

For sterkt å minska dei som lukkast i det heile å posta noko, så ville eg ha eit ekstra vern mot spambotar. Ein captcha eller noko. Kontaktskjemaet har ein fin funsjon slik, så eg leita etter ein plugin som kunne gjera det same for kommentarane. Eg fann WP-Gatekeeper. Spørsmålet vart endra til eit på norsk, det vart testa, og det fungerer. Etter det har det vore svært så fredeleg her.

Herleg.

Men kommenter gjerne de som forstår norsk, slik at det blir litt liv her. ;)

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{4. July, 2007}   Ekstra heldig?

Ein gong tilbake i tidleg ungdom så leste eg ei bok om det å lesa i hendene. Eller kanskje fleire bøker, eg lånte fleire bøker om mykje rart i den tida, men det er nokre få ting som heng att frå det om å lesa i hender, blant anna linjene som fortel kor heldig du er som person.

3 linjer ved handleddet

Ved handleddet kan det vera opp til tre linjer tvers over, og det er altså desse som fortel kor heldig du er: Jo fleire, jo betre, og dei går frå null til tre stykke.

Eg for min del har 2,5-3 stykke – den i midten er tydeleg fram til midten, og så er ho svært svak vidare. Men, eg skal i følgje teorien vera ein heldig person då.

Grunnen til at eg kom til å tenkja på det, er at opphavet kom nedover på besøk, for å hjelpa meg med ei skikkeleg reingjering. Han skulle ta med seg ein dampvaskar som skikkeleg gjer veg i vellinga. Det gjorde han òg, men det som overraska meg, var definisjonen han og mammo må ha hatt på «reingjering.» Dei spanderte nemleg nye, større bokhyller med vitrinedører på meg. Og for å få møbleringa til å gå opp, så fekk eg nokre nye CD/DVD-hyller i same slengen. No står det berre att å rydda inn i hyllene og gruppere slik at eg lett finn det eg skal ha tak i. Det vert deilig! :)

Så – for min del så stemmer kanskje desse linjene? Rettnok har det skjedd ting eg ikkje ser på som særleg heldige tidlegare, men pyttsann. Eg er heldig, eg. Kva med deg?

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{3. July, 2007}   Ordre frå legen: Sol deg topplaus!

Topplaus dukkeEg var såvidt innom legen i går, for å få sjekka eit utslett eg hr fått. Eller, for å kontrollere korleis det stod til med eksemen eg hadde behandla ei stund no. Det stod dårleg til med den. Ikkje bere dårleg til, forresten: Eg hadde heilt greidd å kverka han. Ikkje noko meir eksem i sikte.

Godt nytt for meg, men til gjengjeld hadde eg fått eit anna utslett og infeksjonar som biverknadar av denne behandlinga. Det kunne behandlast medisinsk, men legen ville heller at eg skulle sola meg topplaus! Det var god medisin det òg.

Vel, OK. Greit. Han tok vel ikkje akkurat ordet topplaus i munnen, men sidan det er litt i det området som treng den sola, så ligg det jo reint logisk det i det, at eg skal sola meg topplaus, ikkje sant?

Dessutan var det gøy å skriva. Kanskje helst det… ;)

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{2. July, 2007}   The Who – I’m A Boy

Nokre som kjenner til The Who? Dei har hatt sitt å seia (eller syngja) om kjønn og det dei òg, i songen «I’m a Boy». Eg har høyrt ein del på albumet med denne melodien, men på YouTube kan me jo finna litt av kvart. Denne gong, ein litt annan versjon enn den vanlege, frå fransk fjernsyn 31. desember 1968 i programmet «Surprise Partie»

Om de vil samanlikna, så sleng eg med den vanlege versjonen òg, med anime-video til (og litt «introduksjon»)

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    July 2007
    M T W T F S S
    « Jun   Aug »
     1
    2345678
    9101112131415
    16171819202122
    23242526272829
    3031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kva nettlesar føretrekk du?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen