Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for August 26th, 2007

Det er brunt og svart – igjen

PÃ¥ fleire felt har kvinner det betre enn menn. Mykje betre enn menn. Kanskje ikkje sÃ¥ mange som tenkjer noko over det, men det hender eg gjer det. SÃ¥, rett blikket nedover – litt til – der. Fottøy som gÃ¥r under namna sko, støvlar, støvlettar – der er det ikkje sÃ¥ mykje Ã¥ skryta over pÃ¥ herresida. Ikkje er det dei heilt store variasjonane i utforminga av ulike skor, og nÃ¥r det gjeld fargar, sÃ¥ skal det godt gjerast Ã¥ finna noko anna enn svart og nokre nyansar av brunt.

Herreskor i ulike fargar

Unntaket frå desse triste fargane er crocs og crocsimitasjonar, og til dels joggesko. No er det jo dei som meinar at crocs ikkje er sko men dei burde jo visa oss ein ting: Menn er ikkje redde for fargar. Så kvifor ikkje tore vera meir eventyrlystne og laga til litt fleire variasjonar av herreskor? Du finn jo all slags fargar i same materiale for dameskor, så det burde ikkje vera noko problem.

Tilsvarande er det for støvlar, der grønt, blått og svart er det normale. Einsfarga, evt. med eit par kvite striper. Slik har det jo vore i alle år, så kvifor endre på det? At skohandlarar fortel om at det har blitt mange menn etter kvart som etterlyser støvlar som både er mønstrete og har sprekare fargar, har ikkje hatt noko å seia for tilbodet.

Når det er slik at det er minimalt å velja mellom, så er det jo ikkje særleg freistande å kjøpa meir enn akkurat det ein må. Økonomisk sett sparar ein jo litt på det, men kvifor ikkje gje same valfridom til menn som til kvinner her? Kvifor skal ikkje menn få matche sko, klede og anna tilhøyr? Er det nokre som trur at menn ikkje bryr seg så mykje om korleis dei ser ut?

5 comments

The Cure – Charlotte Sometimes

Det kjennest ut som om det er veldig lenge sidan eg har oppdatert her no, i alle fall med ein musikkvideo. Litt manglande energi og tiltak til å setja meg ned og gjera noko med det, ser det ut til, så kanskje eg treng ein liten kur?

Her er i alle fall the Cure med Charlotte Sometimes.

Comments are off for this post