Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for June 25th, 2007

Utfordring

Av og til fÃ¥r eg — og fleire med meg — spørsmÃ¥l som gÃ¥r pÃ¥ det Ã¥ vera transe. Meir spesifikt om kvifor eg likar Ã¥ gÃ¥ i dameklede, og visa meg som dame, for eg er jo mann? Det er ikkje det heilt enklaste spørsmÃ¥let Ã¥ svara pÃ¥. Mange har prøvd pÃ¥ ulikt vis, men uansett forklaring sÃ¥ skaper det berre fleire spørsmÃ¥l.

Difor har eg ei lita utfordring til alle som les her. Rett nok er det ikkje sÃ¥ mange som kommenterer, men eg kan jo hÃ¥pa pÃ¥ det er ein del som fÃ¥r noko Ã¥ tenkja pÃ¥, i det minste. SÃ¥ kan eg kryssa fingrane for litt fleire kommentarar enn vanleg, om det sÃ¥ berre er for Ã¥ seia “anar ikkje.” Dersom de greier Ã¥ svara, sÃ¥ er de kanskje pÃ¥ god veg til Ã¥ forstÃ¥ kvifor transar kler seg som det motsette kjønn?

Først til mannfolka: Kvifor kler de dykk i herreklede, og ikkje kvinneklede? Kvifor føretrekk de herreklede framfor kvinneklede, og kvifor likar de Ã¥ gÃ¥ i det? Skulle de likevel ha og bruka plagg som er funne i kvinneavdelinga, kva er grunnen til det? For Ã¥ gjera det litt vanskeleg, sÃ¥ mÃ¥ eg gjera merksam pÃ¥ at det ikkje pÃ¥ nokon mÃ¥te gÃ¥r an Ã¥ bruka argumentet “fordi eg er mann” i denne samanhengen — eg er jo òg mann, men har absolutt ingenting i mot kvinneklede. Stemmer ikkje det?

Til damene: Som de sikkert har forstått allereie, er det tilsvarande problemstilling til dykk. Med ei ørlita endring: Det er jo ikkje så uvanleg at kvinner brukar ein del herreklede til seg sjølve, men kvifor gjer de det?

Til slutt transane, og eventuelt andre. Problemstillinga her vil jo vera ei anna enn den for hankjønna som er menn, og hokjønna som er kvinner. Vil de likevel prøva Ã¥ svara pÃ¥ det store spørsmÃ¥let, “kvifor?” sÃ¥ forklar gjerne de òg.

Eg for min del trur eg vil prøva å svara i eit nytt innlegg ein gong seinare, eg. Minn meg gjerne på det, om de blir utålmodige.

8 comments