Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham
Archive for June 3rd, 2007

Den nye punken?

Mote for menn er — vel, veldig mykje kjedeleg. Tradisjonelt, “trygt” og kjedeleg. Skal du pynta deg, sÃ¥ er det jakke/skjorte/bukse/slips som gjeld, enten det er kjøpt separat eller saman som dress. Av og til høyrer det ein vest til. Kva du enn kallar det, sÃ¥ er det ikkje dei heilt store forskjellane mellom jakkane, og slett ikkje buksene. Du mÃ¥ ty til smoking om du vil skilja deg litt ut, eller i sjeldne tilfelle, ein skjøtemanikk.

Ikkje misforstÃ¥ meg, det kan sjÃ¥ fint og stilig ut alt dette, men… NÃ¥r alle menn gÃ¥r sÃ¥ og seie i det same og ser like ut, gi og ta ein pondus, sÃ¥ blir resultatet veldig kjedeleg og lite inspirerande. Heilt pÃ¥ sin plass nokre gongar, ei liding andre gongar.

GÃ¥r me vekk i frÃ¥ det stivpynta og ser pÃ¥ det som er litt meir ledig, og fritida, sÃ¥ er situasjonen mykje betre. Eller? Rett nok finn me ein god del fleire fargar og mønster/trykk pÃ¥ plagga, men ser me vekk i frÃ¥ det, sÃ¥ er ikkje variasjonen sÃ¥ alt for stor likevel? Skjorter er skjorter, kor tjukke plagga er og kva stoff dei er laga av har litt Ã¥ seia, halsopningar varierer litt, men ikkje sÃ¥ mykje. Her er det om Ã¥ gjera Ã¥ ikkje visa for mykje hud. Vel — det med Ã¥ ikkje visa for mykje hud gjeld no meir enn berre halsen og omrÃ¥det rundt den. Armane gÃ¥r greit Ã¥ visa, men beina? Kortbuksene er ikkje korte no lengre, men likevel er dei visst uanstendig korte i enkelte situasjonar. Menn mÃ¥ ikkje rekna med at dei har lov Ã¥ visa leggene sine, sjølv om det er sommar og sol. Det er vel gjerne fordi det ikkje er fint nok i dei situasjonane, og om menn skal vera fine — vel, sjÃ¥ opp eit par avsnitt.

Når det gjeld sko så er vel situasjonen enno tydlegare: Nokre få typar i nokre få fargar, gjerne klumpete og lite elegante. Sandalar har luftehol, slik at lufta slepp fint til, men ikkje så mykje sol. Det er vel det med å visa for mykje hud som spelar inn igjen?

Det viser seg igjen i butikkane dette. Er butikken delt i kvinne- og herreavdeling, er sistnemnde klart minst. Minst utvalg tek minst plass. Men det er berre éin del av historien. Ta to like store butikkar, ein som sel herreklede, og ein som sel dameklede. Sistnemnde har likevel bra større utvalg. Kvifor? I herrebutikken ser du mange eksemplar av eit fåtal typar plagg, i damebutikken ser du mange ulike typar plagg, og heller færre eksemplar av kvart. Med andre ord: Menn skal kle seg likt (det er kjedeleg det) og kvinner skal kunne variere masse (det er ikkje kjedeleg.)

Har eg overdrive her? Eg er sikker pÃ¥ at det er mange menn som er sÃ¥re nøgd med situasjonen slik han er, og det er greit nok det — for dei. Andre igjen er ikkje heilt nøgde, og leitar opp dei butikkane som tilbyr litt meir variasjon — men likevel pÃ¥ den trygge sida. Godt for dei, og hyggeleg at dei har eit valg dei er nøgde med.

Men altså, det er ein del som gjer eit opprør mot det etablerte moteregimet. Menn som ikkje vil bli tvungne inn i noko dei ikkje trivest med. Menn som tek i bruk sjokkerande metodar for å få uttrykka seg i klesvegen som dei sjølve vil. Rettnok, ikkje meir sjokkerande enn at kvinner har gjort det same dei siste 50 åra eller så. Dette er altså menn som bryt reglar for korleis herremoten skal vera. Sjølv om det ikkje passar alle, så er det vel greit at desse skal få velja å bruka det dei vil, slik som andre kan?

Akkurat det med den valgfridomen er ikkje like lett for alle, som med jamne mellomrom seier at ting dei ikkje likar sjølve (skjørt for menn, kremar/hudpleie for menn, metroseksuelle menn, etc) berre var eit moteblaff som no er over. Dei som stadig held på med slikt har ikkje forstått noko. Synd då, at marknaden for dei som ikkje har forstått noko berre blir større og meir attraktiv? For menn med skjørt, med høge hælar, dinglande øyredobbar, og som likevel er trygge på seg sjølve som menn, det er stadig eitt eller anna som gjer folk nyfikne der. Ser ein litt lengre enn sin eigen nasetipp, vert dei ikkje færre, og nye designarar er inne og lagar klede for regelbrytarane. Som Marjan Pejoski og herrekolleksjonen hans. (PDF)

punk1.jpgpunk3.jpgpunk7.jpg

Eg for min del synest det er gøy og spennande Ã¥ sjÃ¥ slike ting som bryt med det konvensjonelle. Sjølv om det òg kan dukka opp ein del designer-raritetar — men slik er det jo for alle designarar. 😉

2 comments