{23. June, 2007}   Eg skuffar

Tenk deg situasjonen: Du går nedover gata ein sommardag. Kanskje har du nokre posar i hendene og ein bag over skuldra, kanskje ikkje – men det er mindre viktig. Medan du går der, kjem ein mann opp til deg og seier hei. Du kjenner han ikkje, anar ikkje kven han er, men seier no likevel hei tilbake, og legg merke til at han har følgje av ei kvinne. Så vert du litegrann overraska, for det neste han seier er at han er skuffa over deg: Du går nemleg bere forbi dei kvar gong, utan å slå deg ned med dei…

Eg for min del slepp å tenkja meg situasjonen, for det skjedde meg. Rettnok er det ikkje eit heilt ukjent fenomen at ukjente folk seier hei til meg, og til og med kjem bort til meg for å veksla nokre ord, men at dei er skuffa over meg fordi eg ikkje slår meg ned og tek ein øl eller i alle fall ein prat med dei, den var ny.

Eg prøvde å tenkja etter kven andre «dei» kunne vera, utan at eg i første omgang greidde det. Denne ukjente herremannen med dame ville nemleg spandere ei øl på meg, eller noko anna å drikka (sidan eg er så sær at eg korkje drikk øl eller kaffi) men – eg måtte nok skuffa igjen eg… Tilbodet var svært freistande, men det hadde byrja å regna, det vart kjølig (i alle fall sidan eg hadde på meg miniskjørt,) eg byrja å bli svolten, og innhaldet i posane eg hadde med meg burde slett ikkje bli vått.

Veldig dumt, og eg angra nesten litt på det med ein gong, men likevel… Uansett, eg lova at eg ikkje berre skulle gå forbi neste gong. Så får eg berre passa på at eg har tid til å slå meg ned og ikkje berre springa av garde for å gjera diverse ærend før butikkane stenger. ;)

Eg reknar òg med eg veit kven dei andre er no: Ei gruppe menneske eg har slått meg ned og prata med to-tre gongar tidlegare. Stemmer det, så er det i alle fall hyggelege folk. :)

Liknande innlegg:
The Killers – Somebody Told Me ⇐ ⇒ Utfordring


Odin / Velmont skriv:
Gravatar

Hihi. so kult! :D Eg *elskar* slikt. Eg elskar når det er godt v^er og eg er i godt humør i byen; då smiler eg til ukjende som berre det. So er det so enkelt å koma i prat med folk. Ahh.

Hev gjort so alt for lite av det i det siste. Hev vore heilt stille. Huum. Men sers kos å lesa um :]



wander skriv:
Gravatar

Morsom og søt situasjon, syns jeg… :smile:

…neste gang stopper du og lar poser være poser og tar imot invitasjonen… ellers :twisted:

:lol: :wink:



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    June 2007
    M T W T F S S
    « May   Jul »
     123
    45678910
    11121314151617
    18192021222324
    252627282930  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kor mange kjønn finst det?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster