Kjønnskvotering
Berre ein rask liten tanke etter ein litt gøyalt nytt: «Likestillingsombudet vil kvotere inn transseksuelle i offentlege stillingar.» Berre tull sjølvsagt, men tanken som slo meg er: Sett at det no skal kvoterast inn basert på kjønn — er det då mest rettferdig å kvotere med tanke på det som er mellom beina, eller det som er mellom øyrene?
Dei fleste vil kanskje ikkje ha problem med å plassere ei transseksuell mann-til-kvinne i kategorien «kvinne», sjølv før operasjon, men kva med andre transepersonar? T.d. ein mann som lever livet som kvinne på fulltid utan å vera interessert å endra på kroppen — skal vedkommande reknast som mann eller kvinne? Eller ein person som lever livet 50/50 som mann/kvinne? Kva bør vera avgjerande for korleis vedkommande skal kvoterast?
Mykje kan nok seiast, men kva tankar gjer de dykk sånn reint på sparket no?
Comments are off for this post