Dana International – Lola

Her om dagen fekk eg eit besøk via israelske Google, etter eit søk etter Lola av Dana International. Videoen var ikkje klar då, men eg hadde allereie funne fram ei lenke etter å ha sjekka kvaliteten på ulike versjonar på YouTube. Den du får sjå her skal vera i bra kvalitet, om ikkje perfekt.

Språket seier meg eigentleg ikkje så mykje – men det skal visst vera om framtida for den overskridande hermafroditt? Eller noko sånt. Om det er nokre som kan fortelja kva det eigentleg handlar om så blir eg glad for det.

Melodi Grand Prix

No har eg ingen planar om å starta på ein serie med postar om Melodi Grand Prix her – det gjer andre godt nok – men då eg via ein engelsk blogg kom over det danske bidraget til konkurransen i Finland i år syntest eg ikkje eg hadde stort anna å gjera enn å rota ned eit innlegg sjølv òg. Ikkje fordi det er eit bidrag engelske Becky håpar vinn (i skrivande stund) men fordi det passar så godt i serien med musikkvideoar eg har her 😉

Så, her er Danmark sitt bidrag: Drama Queen

Sestre – Samo Ljubezen

Melodi Grand Prix-sirkuset har starta her i landet igjen, med første delfinale i Alta vel overstått. I den samanhengen tenkte eg eg kunne halda meg til den internasjonale finalen, og gå litt tilbake i tid. Her kjem musikkvideoen til Slovenias bidrag til Melodi Grand Prix i 2002: Samo Ljubezen

Harisu – Temptation

På tide å plukka opp igjen dei tematiske musikkvideoane, kanskje?

No skal det seiast at teksten til “Temptation” ikkje har så mykje å gjera med transar. Faktisk ikkje noko i det heile, så vidt eg veit. Derimot er den koreanske artisten Harisu godt innanfor tema: Ho er transseksuell, og svært populær i heimalandet, etter det eg forstår.

Genderbending?

Genderbending – å tøye grensene for kva som er mannleg og kvinneleg, er det eit reint menneskeleg fenomen? Vel, eg veit svaret på det: Nei! Det finst i alle fall ein type blekksprut, der enkelte hannar kan “forkle” seg som hokjønn for å snika seg til ei hyrdestund med andre hoer, bak ryggen på typen deira – men det overlet eg til vår eminente blekksprutbloggar å leita fram dei saftige detaljane om. Om han har lyst.

Eg for min del vil nøya meg med å dra fram ein aldri så liten dokumentarfilm om kor langt slik genderbending faktisk går.

Det er ein dokumentarfilm, er det ikkje?