Stay Up-komikar

Når ein stand-up-komikar er transe, då må det vel bli stay up-komikar? I alle fall når han er “dressed to kill”? Tittel er uansett ikkje noko problem for denne artisten – han er både profesjonell transvestitt, styrande transvestitt, og meir til. For de som kjenner litt til vedkommande, så veit de nok allereie kven eg tenkjer på. For alle andre: Gled dykk.

Her presenterer eg del 1 av 12 ein smakebit av showet “Dress to Kill” i San Fransisco i 1998, med Eddie Izzard. Sjølv har eg kunna kosa meg med DVD-en i lengre tid, og det er vel verd tida:

Dersom gutungen din…

Born er born, og dei er jo frie til å leika med det dei vil no for tida. dei er ikkje opphengde i gamle kjønnsroller, om kva som er lov eller ikkje. Jenter er frie til å klatra i tre, leika med bilar og dinosaurar og kle seg ut som cowboyar og kva dei no vil, mens gutane finn me like gjerne blant kjøkkenleikene som med traktorar, leika med dokker og kle seg ut som prinsesser, og… eh, vent no litt…

[flash http://www.youtube.com/watch?v=78ND3vqPz90]

At Barbara Walters kan tenkja på transgender born er logisk nok, og viktig nok å hugsa på, men bortsett frå det – er det lett å gløyma at leik gjerne berre er leik, og la ungar få lov til å leika med det dei vil? Eller er det noko dei ikkje får lov til, fordi dei har feil kjønn? Nokre er det jo tydlegvis, men er det mange foreldre med ein viss angst for at guten deira ikkje vil vera gut nok? Og kanskje at jenta ikkje er jente nok?

Kate Nash

Kate Nash er ei jente som enkelte kanskje har høyrt om. Ho spelar musikk. Har gitt ut CD òg, Made Of Bricks, og jo meir eg høyrer på ho, jo meir får eg sansen for ho. Rett nok har eg ikkje høyrt så mykje av ho når eg skriv dette, men men.

Eg for min del høyrde om Kate Nash først i går, og det var ikkje på grunn av musikken. Det var på grunn av andre ting ho likar. Ho har nemleg lyst til å skriva bøker for born, med Roald Dahl som førebilete, i følgje ein artikkel i Daily Record. Ho held på med ein historie no for tida. Han er for born, men temaet er kanskje ikkje heilt vanleg for ei barnebok. Kankskje ikkje så vanleg uansett målgruppe, for den del. Det er om ein 12 år gammal gut som møter ein 2.10 m høg transvestitt, Roy. Roy inviterer gutten med seg til ein stad kalla Terommet, der det er ei hemmeleg foreining. Konseptet der er at du blir det du måtte drøyma om.

Sånn grovt oppsummert. Kunne vore interessant å lesa den historien, når han vert ferdig. 😉

I mellomtida, her er ein frisk melodi med ho, Merry Happy.

Dana International — Diva

No er det visst ei stund sidan eg har hatt ein musikkvideo her i bloggen. Det kjennest i alle fall slik ut for meg. Dette skuldst ikkje divanykker frå meg, men eg kan jo få presentere Diva likevel, i to versjonar.

Første versjonen av melodien Diva med Dana International er på morsmålet hennar, hebraisk, i klassisk utføring. Dvs, nokså likt slikt det vart framført i Melodi Grand Prix i si tid. Andre versjonen er ein dance-versjon.

Hebraisk:

Dance: